Sogndal Fotball og anleggsutvikling.

Når eg gjekk igjennom tabellplasseringane til Sogndal her tidlegare i veka, so kom eg til å tenkje på korleis det har vore på anleggssida alle desse åra sidan 1980. Det so er kjent er at Sogndal hadde sitt desidert beste tiår tabellmessig på 90-talet og det dårlegaste på 2000-talet.

Fram til og med 1984 spelte Sogndal på Fosshaugane på gras. Til 1985-sesongen vart Sogndal flytta til det nye anlegget på Sogndal Stadion. Det måtte leggast nytt grasdekke på Fosshaugane då det var heilt utslete.

Allereie i 1984 lanserte Torolf Norheim idéen om kunstgras på Fosshaugane. Det skulle ta 25 år før det vart ein realitet. Eller det vil sei at det vart ein realitet med Sognahallen hausten 1998. Men før dette so hadde ein modernisert Fosshaugane og Sogndal Fotball var attende på Fosshaugane til 1989-sesongen.  Men behovet for baner var prekært og på slutten av 80-talet kom Moane Treningssenter på Hafslo i stand. Grunnarbeidet gjekk føre seg i 1986, Det vart sådd i 1987 og stod klart føre 1988-sesongen. Då gjorde Sogndal gjorde sin hittil sterkaste prestasjon i seriesamanheng. I tillegg kom grasbana i Lines i stand på 90-talet, og Sogndal rådde då over 6 grasbaner totalt. 90-talet var altso den beste 10-års perioden for fotballen i Sogndal reint sportsleg.

Med inntoget av kunstgras i norsk fotball, so heiv Sogndal seg òg på denne bølgja. Fosshaugane fekk kunstgras i 2012. Det vart ein ny dimensjon for klubben. Ein kunne gå frå 1500 brukstimar på ein sesong til 8000 brukstimar. Ei stor forandring rett over natta. Kostnadsramma den gongen låg på 6-7 millionar. Men kva kostar det eigentleg å vedlikehalde kunstgraset? Og ikkje minst når ein skal byte det når det er utslite? Og kva skjer når det kjem eit forbod mot gummigranulat, og ein ikkje har nokon fullgod erstattar for det? Summen av alt dette er gjerne reknestykkjer eg har lyst å sjå.

Men det er ingen tvil om at Sogndal hadde sine beste sportslege resultat når me var eit graslag og hadde flotte treningsfasilitetar på gras.  Og Moane på Hafslo tel no 6 baner i full storleik. Dei er nytta under Lerum Cup på sommaren no. Og eg kjenner ikkje til om det er aktivitet utover det.

So skal Sogndal attende på toppnivå i Noreg so må me finna attende til sjela vår. Eit Sogndal-lag so skal vere ilt å møta på ei regntung Fosshaugane. Historia fortel oss at med inntoget av kunstgras er Sogndal blitt eit dårlegare fotballag sportsleg. Og kven av gode fotballspelarar har ikkje lyst å spela på gras?

 

Klubben først.

 

Snakkast.

1 kommentar
    1. Kva viser bortestatistikken? Gjer Sogndal det for eksempel betre på bortebaner med skikkeleg gras enn på bortebaner med kunstgras…

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg