Eg er lei meg….

….fordi at min klubb Sogndal bestemte seg for å vera mot boikott av VM i Qatar neste år. Det er veldig tungt å skulle stilla seg bak eit slikt vedtak so medlem av Sogndal. Men ros til Sogndal for demokratisk prosess og for at eg fekk lagt fram mitt standpunkt på det ekstraordinære årsmøtet no i kveld. Litt forunderleg er det at frammøte var so labert so det var. Når eg for nokre år sidan sende inn forslag om at Sogndal skulle dela overskot med Sogndal Idrettslag i idrettslagsalliansen, so strøymde det på med folk. Men no når det var snakk om eit verdival, so var det skuffande at so få møtte opp.

So får me sjå til søndag når saka skal til votering på det ekstraordinære Forbundstinget korleis det blir då. Grensa for kva me kan akseptera at folk skal få nytta fotballen vår til, er for lengst passert. For 6500 framandarbeidarar i Qatar er det allereie for seint. Trist sak. 

 

Resultatlaust i Bergen

Det vart diverre ein resultatlaus tur for min del til Revmatologisk Poliklinikk på Haukeland i går. Eg får ingen klåre svar på kva so feilar meg. Eg var hjå ei so heitte Eli Brodin og ho virka meget dyktig. Ho var mykje flinkare enn ho eg hadde i Førde, og forklarte ting på ein veldig forståeleg måte. No når eg var hjå fastlegen sist so vart henvisinga so var bestilt hjå MR og Revmatolog om pasient har Bectehrevs. Det har eg ikkje. Sjølv om eg er HLA-B27 positiv so er det ingen kliniske funn på MR eller ved undersøking. Sjølv om eg scorar veldig høgt på “testen” deira og responderar so godt på NSAID’s(medisin), so er det visst ikkje mistanke om det.
Men det eg har fått vita er at eg har kroniske smerter av eit eller anna slag. Det sit både muskulært og i skjelett. Det flyttar seg rundt i kroppen heilt vilkårleg og det er kun temperaturen i været so styrer det. Hjå revmatolog i går so vart eg sjekka for betennelse i alle dei store ledda slik so skuldrar, olbogar, kne og anklar. Og so eg sa til revmatologen, du finn ingenting der i dag, for no har det vore 26-27 varmegrader i Sogndal i over ei veka. Då er kroppen eigentleg på sitt besta. Men manuellterapeuten min finn betennelsar i alle ledd i februar med akkurat same ultralydmaskina. Merkelege greier. Det er akkurat det same når eg er i Syden. Då er kroppen heilt strålande. Vidare snakka med om ein medisin so skal hjelpa på nattesvevnen so ikkje er vanedannande. Den er eg spent på å prøva, sjølv om eg føler at melatoninen eg tek no funkar veldig bra.

Me diskuterte vegen vidare og turen går attende til fastlegen min no. Då må me legga neste plan i denne sjukesagaen. Trur me er på Plan D no. 
Det vart snakka om at ein kanskje skal vurdera eit rehabiliteringsopphald på Hauglandssenteret i Fjaler. Eit slikt opphald varar i 3 veker. MEN eg slit med å oppfylla krava for å ha rett til det. Høyr her, dette eg skriv no er korleis dette systemet me har her i landet fungerar. Og de må gjerne kalla meg ein idiot for å vere slik eg er, men her er stoda:

Fordi eg har ei stoltheit ovanfor meg sjølv og dei rundt meg so prøver eg etter beste evne å stå i 100% arbeid. Eg har prøvd å gå aktiv sjukemeld 50/50, i tillegg til å vere 100% sjukemeld, og ingen av delene vil eg tilrå. Difor for å få rett på ein plass til rehabilitering so lyt eg stå utanfor arbeidslivet. Det er ei ordning for å få folk attende i jobb, men ikkje ei ordning for å holda folk i jobb. Fantastisk. So for å få rett på ein slik plass, so må eg vere sjukemeld og ha ein mykje dårlegare livskvalitet enn det eg har no. Eg kunne endeleg ha sjukemeld meg, men eg vil ikkje belasta systemet unødig. Men eg ser jo snart at eg er nøydd til det. Er eg ein idiot? Og kva vil folk tenkja om meg når eg går 100% sjukemeld, men er på 2 fjellturar kvar veke? For trening skal vere bra for det eg slit med, men ein blir ikkje belønna for at ein har teke livsstilsendringa sjølv, og ikkje har belasta systemet med slike ting. Blir fort kalla snyltar då. Men det so fort kan skje er at eg kuttar ut medisin, og so kjem hausten og so lyt ein ringa 113 når det brenn på dass heilt til ein får hjelp. For alle innleggingar skjer mellom oktober og april, so det er då det skjer ting.

Eg skriv ikkje dette for å få sympati av noko slag. Eg vil berre forklara situasjonen akkurat no og eg er fullstendig klar over at andre folk slit med langt tyngre utfordringar enn meg, men eg vil berre ha attende livet mitt so eg hadde for 10-15 år sidan. Sova tungt i 8 timar f.eks. virkar so ein fjern draum for meg. Og det er so alvorleg slitsomt i lengda. Ikkje berre for meg, men òg for dei rundt meg. Men dette skal ikkje få knekka meg, men det er knallhardt og stå i da, og no gledar eg meg berre over temperaturar over 20 grader. 

Det var alt for no. 

Snakkast.