Nokre tankar etter Allmannamøtet…..

No når ein har fått Allmannamøtet litt på avstand, so har eg gjort meg opp nokre tankar. Møtet var konstruktivt og godt det. Det var óg gledeleg at so mange kunne møta på kort varsel, og at tonen var god og sakeleg gjennom heile møtet.
No var dette møtet meir av den sportslege karakteren og dei fleste spørsmåla var retta mot A-laget og Sport. Eg hadde fleire spørsmål også so var av den meir organisatoriske og administrative sorten, men håpar eg får sjansen til det ved eit seinare høve.

Denne helga arrangerar Sogndal FK Damer ei fotballhelg med forelesningar og eit flott opplegg med bl.a. Roger Finjord, Stine Hovland og Trine Lerum Hjellhaug på gjestelista. Dette er ei skikkeleg motivasjonshelg for dei so er glad i dame- og jentefotball og er lika interessant for både spelarar og leiarar. All honnør til arrangørane av dette arrangementet.

Attende til Sogndal og problematikken om å få bygdi til å samla seg rundt laget. Eg følte me kom litt nærare kvarandre på møtet forrige torsdag, men me har framleis ein lang veg og gå. Eg saknar so sagt meir openheit rundt klubben, og klubben startar allereie på aldersbestemt. På breiddefotballen sine eigne sider so har eg ikkje funne noko aktivitet i breiddestyret sidan 2020. Møtereferat vert aldri lagt ut, og eg er usikker på om sidene deira i det heile blir oppdatert. Men det har kanskje ei plausibel forklaring?

Uansett so trur eg at for å få bygdi til å samla seg so lyt ein gi jentefotballen eit løft. Dei må få same moglegheitene so gutane. For dei so ikkje kjenner meg veldig godt, so har eg ein jentunge på 13 år. Ho ga seg med fotball for 2 år sidan, so eg har ingen eigainteresse i dette. Jentene må få lov å bli gode dei óg, og få dei same moglegheitene. Då blir det óg lettare for folk å stille på dugnad når ein har dette so bakteppe. Det er den einaste vegen og gå.

Sogndal Fotball og Sogndal FK Damer vil på eit eller anna tidspunkt måtte fusjonera for å samla klubben og bygdi. Dei har allereie gjort det i Bergen og Brann.
https://www.brann.no/nyheter/arsmotene-vedtok-fusjonering-av-sportsklubben-brann-og-sk-brann-kvinner

So det er berre å setta seg til forhandlingsbordet å staka ut kursen for ei samla fotballbygd og ein samla klubb. Det er den einaste måten me kan hevda oss nasjonalt på i toppfotballen. So Sogndal Fotball seier; Klubben må vera sjef. Klubben er bygdi. Bygdi er sjefen. SNP

Klubben først.

Snakkast.

Allmannamøte.

Ei veke er gått sidan møtet i Flostova på Fosshaugane der det var ca 40 frammøtte. Ca halvparten av desse var frå klubb, anten so ansatt eller i eit verv.

Styreleiar Jan Rune Årøy opna møtet og introduserte Tore André Flo der han inneia med å fortelja om sesongen so langt og om kvar fokuset har vore og om kva tankar ein hadde framover. Han fortalte også om den store utskiftinga i spelarstallen og holdt det gåande i nesten 10 minuttar før det vart opna opp for spørsmål frå salen.

Eg stilte følgjande spørsmål undervegs i dette møtet:

  • Blir spelarar henta til klubben for å passa inn i eit system, eller blir dei henta pga eit potensielt potensiale? TAF svara på dette at det var ei kombinasjon av begge deler, men den tyngste vektlegginga var at dei skulle passa inn i systemet.
  • I følgje sportsplanen skal spelarstallen bestå av referansespelarar, klubbspelarar og utviklingsspelarar. Kven er referansespelarar i dagens stall? TAF svara her at han ikkje ville diskutera namn, og eg omgjorde spørsmålet mitt litt seinare i møtet til, kor mange referansespelarar har me i dagens stall? Me fekk heller ikkje høyra antal eingong på dette spørsmålet, og eg tykte dette var det spørsmålet eg hadde der eg fekk minst svar. Det vart snakka veldig mykje rundt grauten på desse 2 spørsmåla.
  • Er det verkeleg ikkje fleire spelarar frå Sogn Og Fjordane so ikkje tek/held nivået i OBOS-ligaen? Eit eksempel her er Ørjasæter, so kom frå Kretsligaen og han har klart seg veldig greit denne sesongen. På dette spørsmålet tok Tommy Øren ordet, og han sa at dei har veldig god oversikt på spelarar frå fylket gjennom Nasjonal G14, G16 og G18 der spelarar frå andre klubbar hospiterar hjå klubben. Han nemnde også andre spelarar so er knytt opp mot sine seniorlag i sine respektive klubbar, so dei har god kontakt med.
  • Me har hatt store utskiftingar på spelarsida dei siste 5-6 sesongane. Når kan me sjå kontinuitet på spelarfronten dei neste åra, og kjem me til å få sjå spelarar so bikkar 120-150 kampar for klubben? Her tok TAF ordet og dette var noko dei jobba knallhardt med kvar dag. Når ein henta spelarar var det fordi dei skulle vere her iallefall 3-4 sesongar. Håvard Flo supplerte med at det ikkje var lett å lokka spelarar til Sogndal fordi me var ein liten plass og ikkje akkurat verdas navle. Min eigen kommentar til det er at det virkar so det øvrige næringslivet i bygdi og omland ikkje har vanskelegheiter med å tiltrekka seg dyktige folk, so kvifor skulle det vere problem for ein fotballklubb?
  • Har ein lagt ein plan for framtida i høve resultat? Skal ein f.eks. vere eit etablert Eliteserielag frå 2025? Her tok Styreleiar JRÅ ordet og Strategiplanen 2021-24 seier at me skal bygga eit fundament slik at me er rusta for å stå i Eliteserien når me endeleg rykkjer opp i 2024. For Strategiplanen seier at då skal me vere i Eliteserien. Det er jo musikk i øyrene på ein supportar, so får me sjå korleis ting utviklar seg i 2023, og om denne planen treng og justerast.
  • Akademiklassifiseringa. Når får klubben på plass eit samarbeid med ungdomsskulen for å henta dei 7 gratispoenga so ligg der? Her svara utviklingssjef Erling Ola Fykse at det var på trappene og at klubben jobba i tillegg med fleire andre prosjekt der ein skal kunne henta dei poenga so gjer at klubben bikkar 110 poeng og kvalifiserar for 3 stjerner og ekstra midlar frå Norsk Toppfotball so gjer at ein kan ha den satsinga på utviklingsavdelinga so ein har lagt opp til.
  • Sist eg sjekka, vår 2021, so hadde me den 12.største fotballøkonomien i Noreg målt i omsetnad. Føler de at me får ut potensialet vårt eller er det fleire “poeng” å henta pr.million i omsetnad? Her tok JRÅ ordet og var delvis samd i at me burde få meir ut av ressursane våre. Yngve Hallén meinte samanlikninga mi med andre klubbar vart heilt feil då klubben kunne selja Idrettssenteret i morgon og då forsvann 20 millionar. Idrettssenteret hadde ein omsetnad på 16 millionar i 2021, men er heileigd av Sogndal Fotball AS. Men pengar inn og ut gjeld for alle fotballklubbar, so eg tykkjer samanlikninga mi er heilt rettvis.
  • Korleis opplever Sogndal Fotball den kraftige publikumsnedgangen dei siste åra? Her tok JRÅ ordet først, og dei hadde jo merka seg at det var mindre folk på tribunane. Elles blir det jobba med diverse tiltak ut mot skular og aldersbestemte lag frå andre kringliggande klubbar. Her var Rolf Navarsete frampå med at det var 110.000 sjåarar so såg oss på TV kvar runde, og berre mot Brann var det 60.000 unike sjåarar. Eg veit ikkje kvar han hentar tala sine frå, men eg veit frå Discovery at OBOS-ligaen direkte har i overkant av 100.000 +/- sjåarar kvar runde.
  • Skal me vere ein klubb so er springbrett for resten av Norge? He svara TAF ganske tydeleg at det skulle me ikkje vere, samstundes so sa Håvard Flo at det var so knallhardt å knyta til seg unge spelarar då det var mange klubbar so kjempa om dei same talenta. Klubbar so Aalesund og Brann har også full kontroll på kva so skjer i Sogn og Fjordane, og difor måtte ein ofte velgje frå 2. og 3.hylle.
  • Øyvind Heimset Larsen stilte også mange spørsmål, og eit av dei var kvifor me i år har sett so veldig mykje krampe blant Sogndalspelarane på slutten av kampane kontra tidlegare år. Er me dårlegare trent i år? Her svara TAF at det var me ikkje. Dei hadde data på det meste og dei fortalte litt om trackingsystemet Sogndal nytta. Ingenting på innsamla data skulle tyda på det. Men dei skulle ta ei evaluering etter sesongen å gå gjennom tala nøye for å finna ut kva dette skuldast. Øyvind må gjerne supplera meg på dei spørsmåla han stillte.
  • Hans Peter Sims spurte om kvifor det aldri var A-lagsspelarar so leia nokon av øktene på fotballskulen om sommaren. Han sa at det hadde betydd enormt mykje for ungane so var med der, og det hadde verkeleg vore rosina i pølsa. Ikkje misforstå meg, sa han, men 16-18-åringane so hadde øktene var endeleg flinke dei, men det hadde vore kjekt å sjå nokre stjerner for ungane og hadde vore so motiverande for dei. Erling Ola Fykse svara på dette spørsmålet, men eg trur ikkje han fekk med seg kva det vart spurt om, og svara eigentleg på noko heilt anna.
  • Stig Nord stilte eit spørsmål i høve utviklingsavdelinga og hans lag G15 so han har trena i ei årrekkje. Eg oppfatta spørsmålet so eit lite stikk til klubben, og eg vart ikkje klok på svaret Stig fekk heller.
  • Therese Blomberg stilte spørsmål om kvifor bygdi aldri var pynta til kamp lenger. Før so hang det jo skilt på alle innfartsårene at i dag var det kamp, og bruene i bygdi var pynta med svarte og kvite flagg. Dette er eit sakn. Klubben hadde ikkje noko godt svar på dette, og var sjølvsagt noko ein kunne sjå på. Kva kan me supportarar bidra med her?

Dette var det eg sit att med etter møtet. Det vart stilt fleire spørsmål frå andre møtedeltakarar óg, men eg hugsar ikkje dei konkrete svara, men der kan kanskje spørsmålsstillarane komplimera meg i kommentarfeltet. Sogndal Fotball filma heile møtet og eg håpar det vert tilgjengeleg for ålmenta.

Oddvar Flæte tok ordet på slutten av møtet og takka dei so tok initiativet til dette møtet og at ein klarte å få det i stand på veldig kort tid. Han tykte møtet var både informativt og konstruktivt.

Eg er samd i det.

Og so håpar eg at klubben såg ein verdi i dette, og at dette er noko ein kan ha so ein fast møteplass, både i motgang og medgang.

Klubben først.

 

Snakkast.

Oppmoding om ope møte.

Etter avisoppslaget hjå Sogn Avis med Jacksen, Tonje og meg, og samstundes kommentaren til Endre Romøren etter kampen mot Bryne, so tok eg difor og skreiv ein mail til Styreleiar Jan Rune Årøy og Dagleg Leiar Lars-Olav Hausberg i Sogndal Fotball no i kveld.

“God kveld.

Eg vil gjerne oppmoda klubben om å arrangera eit ope møte for alle interessentar av Sogndal Fotball i næraste framtid. Ein treng verkeleg å samla troppane no, og det er samstundes ein fin moglegheit for folk å få svar på det ein lurar på rundt klubben so ein slepp all synsinga og kritikken so det kjem ein del av på sosiale medium. Den sportslege nedturen me har hatt i år har gått hardt inn på folk, og med den 9.plassen me har no so kan eg ikkje hugsa at me har hatt ei dårlegare serieplassering i mi levetid so seint i sesongen. Her må det informasjon ut til folket om korleis og kva planen er. Og so er det særs viktig at ein får alle til å dra i same retning slik at Sogndal nok ein gong kan ta steget opp i Eliteserien der me høyrer heime. 
Klubben først.
Høyrer frå dykk.”
So får me sjå om det blir noko respons på oppmodinga frå Romøren og meg.
Snakkast