Fotball-Europa heilt på viddene……

Fotball-Europa er i ferd med å skyta seg sjølv i foten. Frankrike, Nederland og Belgia er dei første landa til å kansellera sine sesongar for 2019/2020. Ingen seriemeistar kåra, ingen opprykk, ingen nedrykk. Søksmåla kjem til å hagla. 
Men det å avlysa sesongane no når det endeleg byrjar å dra seg til i dei forskjellige toppdivisjonane, og ikkje minst opprykkskampen i divisjonane under,  rundt omkring, virkar heilt håplaust for meg. Nasjonane håpar på seriestart oktober/november for seseongen 2020/21. Då skal dei altso til å spele “uinteressante” kampar, der dei fleste kun har 3 poeng i potten. I motsetnad til no å spele kampar so verkeleg betyr noko når ein først kjem i gong att. Og kva skjer viss ein får ei oppblomstring av viruset att til vinteren, noko so ikkje er heilt framand, so må ein utsetta ein ny sesong etter f.eks 10 spelte kampar? Det blir berre rot. 
Ein kan nesten samanlikna det med å pussa opp heima. Du startar med eitt rom og du nærmar deg ferdig. Har kun att listing rundt glasa, langs golvet og langs taket. Og so ventar du på elektrikaren. So er du på sykkeltur og sler kollbøtta over styret og bryt begge armane. Arbeidet utsett med 6 veker pga den helsikes gipsen. Når du endeleg er klar for innsats att, so startar du på neste rom. Fordi då har hushaldninga hatt tid til og tenkt seg godt om. For du vart eigentleg ikkje heilt nøgd med resultatet, og fruen klagar på at fargen på veggane vart heilt anleis enn den fargeprøven på 4 x 6 cm so de hadde funne på målarforretninga. For slik kan ein ikkje ha det.

Og kva skjer med Champions League og Europe League? Korleis skal ein finna ut kven so skal få delta her? Og skal Cambuur i Nederland bli nekta opprykk sjølv om dei har 11 poeng ned til 3.plass på tabellen med 9 kampar att? Og i Ligue 2 med den thrilleravslutninga med 5 lag, med 4 poeng imellom, so kjempar om 2 opprykksplassar? Og PSG skal ikkje få seriegull sjølv om dei leiar med, i praksis, 15 poeng på nr.2. Same er stoda i Belgia med Club Brugge so er 15 poeng føre Gent. 
Tyskland kan vere i gong att 9.mai, viss dei får lov av myndigheitene. England seier dei treng 40 dagar på å fullføra sesongen. Dette vil sjølvsagt skje for tomme tribunar. 
Men det er viktig at sesongane vert fullført. Fordi det er so enormt mykje pengar involvert. Og kor mykje tid og ressursar skal ein bruka i rettsalane i kjølvatnet av dette her? Og kva skjer viss det blir full stopp att? Då blir det litt av eit kaos. Då skal du jaggu ha takk.

Snakkast.

Laurdag og ein ny tur på badevekti.

Det vart 2 treningsturar til Tyldebrui denne veka. I tillegg har eg vore på jobb i Flåm sidan tysdag, so det har blitt lange dagar og lite tid til trening. Fekk med meg nokre treningskompisar mandagen. Gjekk heller ikkje åleine på torsdag heller. 
Forrige laurdag viste vekta 115,2 og det var litt i underkant. Hadde gått ned alt for mykje på ei veka. 2,2 kg er litt i overkant på ei veke. Difor var eg denne veka nøgd viss eg ikkje hadde lagt på meg att. Gjekk jo sjølvsagt på ein solid tacosmell i går kveld. Åt alt for mykje, og var heilt slakt på sofaen resten av kvelden. Var sikkert ein kombinasjon av veldig dårleg sømn heile veka og lange arbeidsdagar. Vart i tillegg nokre ikkje alt for sunne middagar, men drakk kun vatn og kaffi so fludium denne veka. Drøymte noko hiske merkeleg eine natta. Var på grillfest med ein kjent lokal kar so serverte biffar so var 2 tommar tjukke. Dei såg heilt sinnsjuke ut. Farleg å legga seg svolten. 
Men attende til badevekti…..

Den viste i dag 114,7 kg. 

So det betyr at eg er ned 2,7 kg siste 2 vekene og 13,3 kg totalt. Det vart alt for mykje karbohydratar denne veka, og det er eg nøydd å skjerpa meg på den komande veka. 
Tek sikte på å køyra ei stramare linje på kaloriane denne veka. Eg åt banan 3 dagar denne veka, og dei har høgt innhald av kaloriar. 83 kcal pr 100 gram. Epler og pærer ligg på over 60 kcal dei óg, so eg kjem til å kutta ned på frukt då det går rett på botnlinja. Eg kjøpte meg ein pakke med grøne druer forrige laurdag óg. Dei har eit kaloriinnhald på 71 pr 100 gram. Og alle so seier frukt er so sunt? Og skil kroppen mellom fruktsukker og vanleg sukker? Mi erfaring tilseier at den ikkje gjer det. Men her må gjerne folk arrestera meg. 

Her er ei lita oversikt over kva eg skal eta meir av. Kcal oppgitt pr.100 gram.
Agurk 10 kcal, rik på kostfiber.
Tomat 18 kcal, rik på kostfiber og C-vitamin.
Paprika 30 kcal, har i tillegg 3 gonger høgare innhald av C-vitamin enn appelsin. Mykje A-vitamin i den óg.
Raudløk 32 kcal, rik på kostfiber.
Isebergsalat 12 kcal, B-vitamin og K-vitamin. Rik på kostfiber.

Då er det berre å ta ein runde på butikken å fylla opp grønsakslageret. 

Snakkast.

Kva skjer med fotballen og veka so langt….

Tyskland startar opp att Bundesligaen 9.mai, viss dei får lov av myndigheitene. For tomme tribuner sjølvsagt.
I Nederland har myndigheitene bestemt at det ikkje skal spelast toppfotball før 1.september. Fotballforbundet vil difor avslutta sesongen. Det er møte der i morgon. 
I Belgia er alle større arrangement forbudt fram til 31.august. Det skulle ha vore møte i Pro League i morgon, men dette møtet er utsatt.
I England kan sesongen avsluttast på 40 dagar. Det er skissert ein oppstart tidlegast 8.juni, men ingen er bestemt.
I Italia blir det mest truleg ikkje folk på tribunane før i 2021. Fotballpresidenten håpar dei kan få testa spelarane for virus i mai slik at ein får starta opp att treningane.
I Spania 8.april sa La Liga-presidenten at det var uaktuelt og ikkje fullføra sesongen og han håpar å vere i gong att i slutten av mai.
I Frankrike er presidenten veldig usikker for om ligaen blir fullført før juli og at det er umogeleg å spå når ein kan starta opp att.
Og her i Noreg er inga avgjersle teken. Men kan me håpa på juni med tomme tribunar, og september med folk på Tribunane?

Men over til kvardagen att. 
Ja, denne veka har gått nokolunde greit. Har vore flink med maten. Åt kanskje litt mykje under grillinga på onsdag, men har kun drukke vatn og Taffel denne veka, so eg er veldig i minus på kaloriane. Har blitt 2 turar til Tyldebrui òg. Begge gongene med selskap. Har køyrt salat eller knekkebrød til lunsj, og eine kvelden vart det felles kvelds med familien. Knekkebrød på meg. 
Og på laurdag er det ny tur på badevekta.

Laurdag og ny tur på badevekta…..

Ja, då var det laurdag att og me skriv 18.april 2020. Laurdag for ei veke sidan viste vekta 117,4 kg. Etter ei veke med bra kosthald, og nesten utelukkande berre vassdrikking, so vart eg kanskje nøgd med å stiga opp på badevekta i dag. Sjølv om eg rauk litt utpå med pinnakjøt 1.påskedag. Åt sjølvsagt for mykje, og gjekk og gnog på restar både om kvelden og 2.påskedag. Hadde salat til lunsj 2 av dagane denne veka og so var eg heime med ungar 2 dagar, so då vart det knekkebrød. 

Men attende til badevekta. Den viste 115,2 kg!!! Måtte stiga opp på den 2 gonger for å vere sikker. Det var kanskje i overkant stor nedgong på ei veke. 2,2 kg mindre på kroppen gjer allikevel noko med ein. Og det er veldig hyggeleg å høyra attendemeldingar om at ein ser tynnare ut i fjeset på Snapchat. For dei so vil følgja med på trening og kosthald so er det berre å legga meg til. vadseth79 er brukarnamnet.
Det vart 2 turar til Tyldebrui denne veka i tilleg til ein liten tur på Slinde 2.påskedag. På turane til Tyldebrui forbrenn eg ca 1200 kcal. Og med å ha trappa veldig ned på mjølkedrikkinga so har eg ein gevinst pr. dag der på mellom 500 og 740 kcal. Og då kan ein stort sett ete kva ein vil, men i mindre porsjonar. Chips har eg ete 2 gonger i 2020 og då berre litt. Ikkje 1 pose slik so vanleg kvar gong eg sette meg ned. Sjokolade har eg ikkje rørt. Og ikkje er det noko stort sakn heller. 

Det var alt for no. No skal eg unna meg eit par skiver til fukost med egg og kaviar og so skal eg nyta soli.

Snakkast.

 

Å skunda seg sakte……

Onsdagskvelden fekk eg meg ein tur til Tyldebrui att. Det var eit skikkeleg ruskever og eg vart blaut so ei drukna katta, men det gjorde godt. Kom ut for ei jækla kraftig vindråsa ved Lerheim på veg fram slik at begge linsene mine spratt ut. So dei so eg møtte på veg ned att so eg ikkje helste på, so må eg berre beklaga. Eg såg ikkje kven dykk var. 
Men no har veret snudd i Sogndal, so då blir det ein tur framatt i ettermiddag. Sit for augneblinken heime so privatlærar i brøkrekning, men må ein tur på jobb når min betre halvdel kjem heim frå sin jobb. 

I går kom FHI med den nye smittestoppappen til smarttelefonar. Eg tok å lasta den ned sjølv, men såg at ein må nytta blåtann for at den skal fungera. Her er det mange Iphone-eigarar so kjem til å vegra seg då blåtann sluker batteri på telefonane deira. Elles registrerar eg at mange vegrar seg også for nedlasting då det blir ei form for overvåking av bevegelsane til folk, og kven har tilgang til denne databasen? Eg har iallefall ingenting å skjula og er slettes ikkje paranoid i høve dette.

Eg les i Sogn Avis, lenkje: https://www.sognavis.no/her-blir-det-ikkje-barnetog-i-ar/s/5-115-407909, at det ikkje blir barnetog og folketog i Sogndal dette året. Det er jo veldig kjedeleg, men noko eg fullt ut har forståing for. Eg les vidare at Varaordføraren seier at “det heller ikkje blir markering av frigjeringsdagen so planlagt, men ei form for markering blir det likevel”. Med atterhald om at ho er rett sitert, so heiter det frigjerings- og veterandagen. På regjeringen.no kan ein lesa:

Frigjørings- og veterandagen 8. mai

Norges frigjøringsdag er 8. mai. Det er også dagen hvor vi hedrer alle veteraner, og veteranfamilier, fra andre verdenskrig og fram til dagens internasjonale operasjoner.

Etter andre verdenskrig har over 100 000 nordmenn tjenestegjort i nesten hundre ulike internasjonale operasjoner i over 40 land i fire verdensdeler.

Rett skal vera rett.

Og i morgon er det ein tur på badevekta att. Føler sjølv at kosthaldet har vore bra denne veka med salat til lunsj 2 dagar og fisk til middag 2 dagar. Og so er trikset og ikkje eta for mykje til middag. Gjere kroppen van med mindre porsjonar kan vere lurt. Det er ikkje slik at eg stressar med vekta, men det er greit å ha kontroll undervegs. Eg skundar meg sakte.

Snakkast.

Telefon frå Lærdal sjukehus…

I dag vart eg oppringt av ortopeden på Lærdal Sjukehus. Og svaret på MR-undersøkinga var akkurat so forventa. Kneet såg heilt normalt ut for ein mann på min alder. Ingen alvorleg skade og heilt vanleg slitasje for ein so jobbar so handverkar. 
So kvifor får ein då so enorme smerter i 3 – 4 dagar, so berre plutseleg forsvinn? Skal nemnast at eg har vore ein del gonger på trimming etter dette og har ikkje kjent antyding til smerter på desse turane.

Men viss dette skulle oppstå igjen kunne eg berre ringa Lærdal direkte. Trengte ikkje om fastlegen, for då gjekk det 3 mnd ekstra. Fantastisk service på Lærdal Sjukehus. Dette viser kor viktig det er med lokalsjukehus so fungerar. Opererte venstre kne der inne i 2014. Rett før Fotball-VM, skikkeleg uflaks med sjukemelding då. Då hadde eg vore litt uforsiktig på jobb og hoppa ned frå alt for stor høgde. Då slo eg laus ein bit med brusk på undersida av lårbeinet på 1,5 x 1 cm i størrelse. So den låg då å bada med menisken inne i kneet. Det var skikkeleg ubehageleg, men ikkje verre enn at eg klarte å gå på foten. Dei bora i tillegg masse små hol opp i lårbeinet for å danna eit arrvev so skulle erstatta brusken so no vart tatt ut av kneet. Det vart lukkelegvis ikkje nokon skade på menisken då i det venstre kneet.
No var det høgre kneet so skulle til pers, men ingen funn av interesse der.

So jakta på svar fortset…..

Fatigue/utmatting og kvardagen…..

Eg har sidan 2015, iallefall, hatt merkbart problem med sømnen. Sjølv om eg trur eg har sove i 8 timar, so kan eg vakna like trøytt so når eg la meg. Dette er utruleg slitsomt i lengda. Ein finn lite overskot i kvardagen, og mykje føles so eit reint pliktløp. Ein hugsar det meste ein drøymer, og ein søv utruleg lett. Eg har problem med å koma inn i den djupe sømnen, og vaknar veldig lett av lydar rundt meg.
Det at eg no har kome meg over den berømte dørstokkmila ser eg på so ein stor siger. At ein endeleg har kome i gang og få trena er berre heilt fantastisk. Medisinen Vimovo ,so eg går på, føler eg verkeleg hjelp, spesielt i vinterhalvåret. Utan den so trur eg ikkje eg hadde overlevd. 
Eg skal vere den første til å innrømma at eg har både gode dagar og dårlege dagar. Nokre dagar er lunta mykje kortare enn til vanleg, og det er sikkert slitsomt av og til for dei næraste rundt meg. 

Nyare forskning viser at kondisjonstrening vil ha god effekt. Det er imidlertid ekstremt vanskeleg å gjennomføra om ein har fatigue. Da er ilt å gjen­nomføra, ilt å holda på og ilt etterpå. Da vil vera individuelt kor lenge det gjør ilt og kor lang tid det tek før ein har effekt. Alle treningsformer vil fungera, berre ein anstreng seg, får opp pulsen og gradvis aukar treningane ved å flytta grensene.
Eg vil berre poengtera at eg ikkje ikkje er diagnosert med noko so helst, men er i ei lengre utredning no. 
Eg byrja so handverkar i 2007. Og har aldri vore plaga med verken senebetennelse, belastningsskadar eller anna sidan eg byrja i den jobben. 
Eg mistenkjer at karpaltunellsyndromet, so eg fekk og er operert for i begge armane, var starten på ei lang rekke med plager so skuldast ei form for revmatisk sjukdom. Dette er noko eg trur. Etter desse operasjonane og attende i jobben min, so hadde eg veldig lett fysisk handarbeid, og var meir i ei administrativ stilling enn eg var i ein fysisk jobb. Allikevel fekk eg veldig problem med senefesta i albogen. Det so blir kalla tennisalboge. Det so var merkeleg var at eg fekk det i begge albogane samstundes, og eg er ekstremt høgrehendt i arbeid. Var henvist til fysio og der vart eg undersøkt med ultralyd i albogane. Der var det betennelse begge plassar. For “moroskuld” undersøkte han også begge skuldrane mine. Det var betennelse der óg. Og dette har eg aldri vore plaga med før.

Viss eg skrur tida nokre år attende, so har eg slite veldig med å finna ei god liggestilling når eg skal sova. Og eg må av og til opp om natta for “å gå” til ryggen. Eg har 2 prolapsar i ryggen, men dei skal ligge bra til, og skal ikkje gi meg nemneverdige plager. Dette viste MR’en av hofter, bekken og nedre del av rygg eg var på i desember ’19. Då hadde eg i tilegg gått på Vimovo sidan mai’19. Eg spurte fastlegen min om bruken av tablettane kunne gjere det vanskeleg å sjå eventuelle betennelsar på MR. Han meinte at det var jo ikkje utenkjeleg. Eg er HLA-B27 positiv og har vore hjå revmatolog i Førde for utredning. Dei meinar eg ikkje har noko revmatisk sjukdom, og etter det eg kan sjå av epikrisen frå januar i år frå Førde, so er det beskrive myalgi so diagnose. Myalgi er muskelspenningar/verk, og skal vere greit å trene seg ut av. Eg er på tredje månaden no med øvelsar for å gjere desse muskelplagene umerkbare. Eg føler ikkje sjølv eg har nokon framgang. Brystsmertene er der framleis. Og det dukkar opp stadig nye uforklarlige ting. At ein plutseleg har ilt i kjeven i 2-3 dagar f.eks. So om nokon har drege til deg med eit svingslag med knyttneven. Eller at når eg var i Belgia på seminar i midten av februar og gløymde å ta med medisinen. Fekk det att veka etterpå. Skulle på jobb mandag og var på veg til Aurland på jobb. Fekk slike smerter i brystet at eg vart skikkeleg uvel. Måtte stoppa bilen i Lærdal for å spy. Tenkte at set skulle gå over, men eg måtte stoppa ein gong til i Lærdalstunellen og spy ein gong til. Då snudde eg og køyrde heim. Oppsøkte legevakt og vart sendt på Lærdal Sjukehus for undersøking av hjartet. Dette har eg gjort ein gong før, so eg vart ikkje spesielt stressa av det. Alt var fint med hjartet. EKG, ultralyd og sykkeltest. Frisk so ein fisk. 
Dagen etter fekk eg satans ilt i høgre kneet. Eg trudde det var pga av at eg hadde hoppa ned frå ein stige på arbeid. Men det vart berre verre og verre. Kneet såg heilt normalt ut, inga heving. Eg klarte ikkje å koma meg ned på verken kne eller huk. Det var so utruleg smertefullt. Dette óg er noko so eg har opplevd tidlegare utan at ein har funne ut kva so er gale. Var hjå doktoren sjølvsagt, og henvist til ortoped på Lærdal. Henvist vidare til MR av høgre kne.
I morgon har eg oppfølgingstime pr.telefon angåande høgre kne. Eg er heilt sikker på at eg er frisk so ein fisk. Eg har vore 6 gonger fram på Tylden og kneet kjennes heilt normalt ut. Men begge desse oppstod fordi eg var 80 timar utan medisinen Vimovo. 

Eg er veldig godt kjent på Lærdal Sjukehus. Førde óg for den del. Her i 2015 var eg på endoskopi i Lærdal fordi eg hadde gått rundt med noko so kjentest ut so levrahogg/sting i eit par månader. Det flytta seg frå side til side og var til tider smertefullt og veldig plagsamt. Tarmen såg heilt fin ut, og det gjekk over av seg sjølv. Eller det flytta seg til ein annan plass. 2 gonger, 1 i Førde og 1 i Lærdal, har eg hatt so ilt i akillesen/tjukkleggen at legevakta har trudd at eg har hatt blodpropp i leggane. Det er utruleg smertefullt når det står på. Begge gongene vart det ut att med eit tappert smil og eit klapp på skuldra.

Eg gir snart opp med å finna ut kva so er gale. Det tek vanvittig med energi, og spesielt uvissa med og ikkje finna ut noko. Når det blir litt varmare i veret so skal eg droppa medisinen og berre late det stå til. So får me sjå kva so skjer.

Viss nokon har nokre gode tips til meg so vil eg gjerne høyra dei. På førehand takk.

Korleis skal ein få tida til å gå….?

Ja, so sit ein her. I eit slags fotballvakuum. Ein får jaggu meg mykje ekstra fritid når fotballen ikkje rullar. So korleis skal ein få tida til å gå? 
Eit godt tips er å sjå opp att dine favorittkampar. Kampar so har betydd mykje og so ga deg gåsehud og tårer i augnakroken. Eit anna tips er å sjå opp att spelefilmar med fotball so tema. Det er mykje bra på dei forskjellige plattformene. Viss eg skal anbefala ein særskilt so må det bli “Sunderland till I die!”. Det er forøvrig ein serie.
Eit anna godt tips er å lasta ned Championship Manager(CM) 01/02 med ein patch(spelardatabase) frå dei seinare åra. Ver obs på at då kan Coronakrisa vere over før du klarar og sei barnebidrag. Her kan både ungar, frue, hus og bil ryka. Og plutseleg so bur du i kjellaren hjå foreldra dine att. Men du verda for eit spel. Eg har aldri vore oppteken av Football Manager då det er ekstremt tidkrevande. Men med dagens datamaskiner so spelar ein fort ein sesong på CM på 4-5 timar. Eg har jo sjølvsagt ein saving med Sogndal liggande so eg av og til er innom. Jøsses so moro det er. Hannu Patronen er sjølvsagt sjølvskreven kaptein på laget mitt.

Han er forøvrig fornøgd med meg so trenar. Virkar so han tykkjer eg veit kva eg driv med. Elles so pløyger eg igjennom serien og kjem meg stundom til Champions League. Der leikar eg meg mot Bayern München, Zenit og Valencia. 

Dette er eit utruleg artig spel, og eg blir aldri lei. Men vèr obs på speletid. Når addictedness ratingen din er “Turning your underwear inside out saves you from washing”, då er det på tide med ein liten pause. Du kan fort få opp meldinga “Don’t forget to feed the cat” òg. Då kan det vere lurt å ta ein matbit sjølv.

Elles er jo ikkje dataspeling og TV-sjåing å anbefala i det lange løp. Det er mykje viktigare med ei god treningsøkt. Det kan vere kva so helst. So lenge du er aktiv, so er all aktivitet bra for deg. Det er masse snø framme i Sogndalsdalen og flotte skiforhold. Og viss du berre er interessert i ei god økt, so kan du flytta eine snøhaugen på parkeringsplassen i Hodlekve 10 meter med handamakt.
Eg personleg anbefalar ein god trimtur på barmark slik at ein får løyst sveitten skikkeleg. Når det endeleg byrjar og vårast i Sogndalsfjøra, so klarar ikkje eg å springa etter snøen frammaføre. Snøen er jo kald i tillegg. Ikkje klarar eg å springa heller.
Elles so ser eg at puslespel har fått sin renessanse. Kjekt tidsfordriv det for dei so likar det. Eller strikking. Mykje spennande rette og vrange mønster der ute. Uansett kva du driv med, so håpar eg at du iallefall gjer noko du likar.

Snakkast!

Sommaren 99 og førebuingar…..

Tenkte eg skulle skriva litt om tida før eg reiste i utanlandsteneste og korleis førebuingane våre var. 
I førstegongstenesta i TmBn på Heistadmoen ved Kongsberg so var eg i Kompani C. Eg hadde allereie i desember ’98 skrive kontrakt for utanlandsteneste og planen var at kompaniet eg var i skulle overta ein misjon i Sarajevo, Bosnia sommaren 99. Ting skjedde veldig fort denne våren, og frametter so førebudde me oss på å reisa til Sarajevo. Eg hugsar til og med siste øvelsen me hadde, Øvelse Sarajevo, i og rundt leiren på Heistadmoen ca i april/mai. Her må gjerne mine BIA’s korrigera meg. Det eg hugsar best med den øvelsen var at det var nokre ungdomar so braut seg inn i leiren(klatra over eit 2 meter høgt gjerde) for å spre anti-NATO propaganda.  Me trudde dette var ein del av øvelsen og fekk dei innbrakt. 4 fangar(3 gutar og 1 jente) vart tekne med til KompaniCo for avhøyr. Me melde inn til stridsleiinga at me hadde pågrepe 4 inntrengarar og hadde satt dei på kne oppetter ein vegg, med fjeset mot veggen, hendene på hovudet og Ag3’en i ryggen. Sikra. Melding frå stridsleiinga om at deese var IKKJE ein del av øvinga. Politiet tilkalla. Svartemarja kom. Tok med seg alle 4. 15.000 kroner i bot for innbrot på militært område. Dei hadde verkeleg valgt feil dag for sin aksjon.

Etter denne øvinga so kom det melding frå Regjeringa og Stortinget 11.juni at Noreg skulle setta inn ein heil Bataljon i Kosovo, so ein del av NATO-samarbeidet. Noreg hadde blitt tildelt sitt ansvarsområde, og ballen byrja å rulla. Sidan me var eit kompani so var godt sett i saman, so var nok våre førebuingar av det meir lette slaget enn dei andre kompania i Bataljonen. 
Eg hugsar me var på ei rein skyteøving på Mjølfjell på Voss med alt kompaniutstyret inkludert køyretøy. No byrja me faktisk og bli ei operativ avdeling. Var ganske kult å rulla frå Kongsberg til Voss med SISU’en på 26 tonn fullt opplasta. Svære auger på Vestlandet so ikkje er van med slik norsk trafikk.

På Mjølfjell skaut me opp ammunisjon for over 10 millionar kroner på 5 dagar på 150 mann. Artigaste øvinga eg nokosinne har vore på. 
Etter at skyteøvinga var ferdig reiste med direkte frå Voss til Rena Leir i Østerdalen. Her skulle me ha ei meir reell øving med det, den gongen, toppmoderne MILES-systemet dei hadde der. Med sensorar på både personell og køyretøy vart dette særs moro. Laserteknologien funkar godt til slik trening. Det so var litt kjipt var at makkeren min blei skoten med ein gong, og eg måtte ta hand om både MG3 og ammunisjon åleine. Tungt so fan, men det gjekk. Me “kjempa” mot ein tropp frå Hans Majestet Kongens Garde, so stod i skyttargraver, men hadde ein del folk ute i “løypa” i tillegg. Eg kom meg iallefall heilt fram utan å bli skoten før det vart ENDEX. Luringane i grava hjå HMKG hadde jo tatt av seg hjelmane, so det var ikkje mogleg å “skyta” dei. 

Etter dette vart det trening på Heistadmoen fram til avreise i september. Me i KpC Tropp 1 var ein godt samansveisa gjeng med mange flotte karakterar. Me var alle veldig godt kjende sidan me hadde vore i lag sidan innrykk i førstegongstenesten august ’98. Og no var me klar for å reisa til Kosovo vèl eit år etterpå.

“Vi var nesten 1000 menn og kvinner. Våre vernepliktige soldater var rekruttert inn på kortidskontrakt rett etter fullført førstegangstjeneste, mange så vidt over 20 år, men med en reflektert profesjonalitet som var imponerende. De var fullt på høyde med enhver yrkessoldat, og vel så det. Helstøpte ledere i kompanisjefsrollen med unge drivende troppsjefer viste vei. Jeg ville ikke hatt betenkeligheter med å gå i kamp sammen med Telemark Bataljon i Kosovo.”
Bataljonssjef Robert Mood.
Henta frå boka “Ansvar. Ledelse er ingen popularitetskonkurranse.”
 

Laurdag og ein ny tur på badevekta.

Ja, då var det laurdag att og eg har nett hatt meg ein ny tur på badevekta. Påsken er jo ei tid der ein ikkje har den største aktiviteten og matinntaket og freistingane kan bli vèl store. Men eg har vore flink å trimma sjølv om eg siste veka har vore plaga med bringeverk og skuldrar so gir beskjed om at dette vil dei ikkje vere med på. Palmelaurdag viste vekta 118,4kg. Det var då ned frå 128 kg nyttårsdagen.

I dag viste vekta 117,6 kg. Og det er eg strålande nøgd med. Det er knallhardt når resten av familien sit med påskeegga sine og eg knaskar appelsin når eg skal kosa meg. Eg gledar meg til påsken er over. Slik at ein kan koma seg på jobb att. Lukkelegvis har eg ein aktiv jobb, og det blir fort 8 – 10.000 steg i løpet av ein dag. Viss eg trimmar etter eg har vore på jobb so kan eg koma opp i 22 – 24.000 i løpet av ein dag, med skobyte. Men eg er nøgd med nedgang på mykje mindre aktivitet enn normalt. Eg hadde nesten forventa status quo i dag.
I går so hadde me oss ein lett spasertur inn på Nestangen og Fjordstien heimatte. Plutseleg var det nokre ukjente lydar frå mobiltelefonen. Jau, då hadde mobilen registrert aktivitet over ei viss tid og registrert at eg hadde forflytta meg, so den hadde registrert det so ei treningsøkt, automatisk. I mitt hovud var ikkje dette noko treningsøkt, men appen er antakeleg utvikla av nokre amerikanarar….!

Då er det påskeafta, og veret ser ikkje so gale ut. Men det skal vel koma noko regn i løpet av dagen? Ta vare på kvarandre og lag dykk sjølve ei flott påske. Framleis god påske til alle saman.

Snakkast.