Stilling ledig……

Sogndal Fotball søkjer Dagleg Leiar for Sogndal Idrettslag Fotball.
Sogndal Fotball søkjer Dagleg Leiar for Sogndal Fotball AS.
Sogndal Fotball søkjer Hovudtrenar A-lag til Sogndal Fotball.
Sogndal Fotball søkjer Utviklingssjef for Sogndal Fotball.

Alle stillingar skal tiltredast 1.januar, so viss du har 3 månadars oppseiingstid so har du litt over 3 timar på deg til å levera oppseiinga di til din noverande arbeidsgivar.

Det er ei formidabel oppgåva ein har sett seg i. Og i dag oppretta dei sportssjefstillinga att so forsvann med pandemien i mars i fjor. Stillinga var ikkje utlyst, men det vart eit internt opprykk på noverande Utviklingssjef Terje Skjeldestad. Han tek til i den nye stillinga 1.januar. Håvard Flo skal framleis jobba med spelarlogistikk, spelarkontraktar og marknad.

Snakkast.

Ei formidabel oppgåva for styret i Sogndal Idrettslag Fotball.

Styret i Sogndal Fotball tel i dag 6 medlemmar. Detter er Leiar Jan Rune Årøy, Nestleiar Margrethe Svidal, Styremedlem Ingvar Stadheim, Styremedlem Trude Ramstad, Styremedlem Einar Ylvisåker og Styremedlem Andrea Solbakken(Breidderepresentant).

Styret har sidan årsmøtet i mars 2020 hatt mandat frå Årsmøte, og fekk same mandatet på årsmøtet no i 2021, til og sjølv utnemna ein 7. og siste styremedlem.
Eg vil anbefala styret om at dei brukar mandatet sitt og finn denne ekstra personen no når dei skal inn i ein veldig tung prosess med å ansetta ny Hovudtrenar, ny DL til Sogndal Idrettslag Fotball, og samstundes so sit det same styret og forvaltar Sogndal Fotball AS, og skal ansetta ny DL her. Her treng ein alle gode krefter ein kan få tak på.

So kan ein óg stilla seg spørsmål om kvifor valkomitéen ikkje har funne den siste personen for å gjera styret fulltallig.

Snakkast.

I dag annonserte Sogndal Fotball…..

… konstituert Dagleg Leiar(DL) etter Rasmus Mo gjeldande frå 1.november og ut året. Ole Erik Grinde kjem frå stillinga so Teamleiar på Sport etter omorganiseringa vinteren 2019/2020. 

Til Sogn Avis seier Styreleiar Jan Rune Årøy: “Me vil kartleggja kva arbeidsoppgåver som skal liggja til stillinga, så vil me finna personen som passar til den rolla”. 
Berre det ikkje blir: “Me vil kartleggja kva person so skal ha stillinga, so vil me finna oppgåver so passar til denne personen”? Det kan jo fort skje.

Det so overraskar meg er at stillinga ikkje er utlyst endå. Dei fleste arbeidstakarar i leiarstillingar har ei oppseiingstid på minimum 3 månadar. Det byrjar å hasta viss ein ska ha ein ny DL på plass til 1.januar. Men det so overraskar meg særs mykje er at Rasmus, so den lojale karen eg kjenner han, ikkje blir med so DL fram til ny DL er på plass. Kva er det so eigentleg har skjedd i klubblokala og på bakrommet so me ikkje veit om her? 

Samstundes so skal IL Fotball og AS skiljast slik at ein skal jo i utgangspunktet ha ein Dagleg Leiar i AS óg. Rasmus hadde jo denne stillinga før han kom inn etter Terje Rognsø i IL Fotball. Omdømeleiar har vore stillingsbeteikninga hans der.

Uanlell so skal ny DL på plass i Sogndal Idrettslag Fotball. Og det er mange eg kunne tenkt meg i den rolla. Men ein person skil seg ut. Eg skal lansera kandidaten når utlysingsteksten ligg føre. Men først må Sogndal Fotball få fingeren ut å få lyst ut stillinga, for her må me favna breitt.

Snakkast.

 

 

 

På denne dag….

….. for akkurat 45 år sidan spelte Sogndal kvartfinale i Cupen heima mot Start. 

Denne kampen vart ein folkefest i Sogndal. Her er eit utdrag frå boki so Rune Timberlid forfatta. Berre høyr her på opptakta til denne kampen:

“Før kvartfinalekampen mot Start var det hysteriske tilstandar i heile Sogn og Fjordane. Dei første tilskodarane kom til Sogndal torsdagen – tre dagar før kamp. Kampdagen var tribunane i ferd med og fyllast om morgonen. ”Eg såg ut glaset klokka 09.00, og måtte gni meg ekstra i augo. Det var alt fullt av folk på tribuna nede på stadionSikkert eit tusental so hadde installert seg med frukosten for å vera sikra god plass”, seier Jon Navarsete.
Avisene rydda framsidene for fotballaget frå Sogndal. Før kvartfinalen mot Start skreiv Aftenposten at kampen var den største i Sogndal sidan slaget på Fimreite i 1184. Då Viking vart slått, var det 3000 tilskodarar på Fosshaugane – rekord sjølvsagt. Mot Start var det venta dobbelt så mange. Klubben bad eigarar av lastebilar og traktortilhengjarar om å stilla på Fosshaugane kampdagen. Frå slakteriet i bygda lånte klubben 2000 slaktekassar til å byggja provisoriske tribunar.
Dei 5500 kvartfinale-billettane vart rivne vekk. Frå Bulandet vest i havet kom det bestilling på 80 billettar, og i Florø vart det selt over 200 billettar. Sju ekstrabussar måtte til for å henta årdøler på ferjekaia i Kaupanger. Etter kampen var ferjekøane på over 2 kilometerlange på Hella lengre ute i fjorden.
Eit minne for livet vart det uansett for alle som var på Fosshaugane den dagen, anten det var 6000 eller 7000 tilskodarar der – ingen veit nemleg sikkert. I andre omgang dunka Svein Bakke kampens einaste mål i krysset. Sjølvsagt gjorde han det.”

7000 står so tilskodarrekord på Fosshaugane i dag. Og ha på minnet den kronglete vegen dei hadde dei mange so skulle koma seg til Sogndal. Heilt imponerande kor populære Sogndal var den gongen.

Sogndal er framleis det einaste laget so har spelt seg fram til cupfinale frå 3.nivå i Noreg.

PS Vart påminna denne dagen av presten under konfirmasjonsgudstenesta i går.

Snakkast.

2 månadar utan medisin.

No har eg gått 2 månadar utan medisin, men gir no opp å gå hausten i møte utan. Hadde time hjå doktoren i dag og fekk utskrive ei ny ladning med Vimovo og i tillegg vart eg anbefalt av revmatologen på Haukeland å prøva ut Sarotex. Den første er eg van med, men den andre er ny. Er visst opprinneleg ein anti-depressiva, men har god virk på muskelsmerter. 
Dei siste månadane har eg slite alvorleg med pusten ved aktivitet. Må ofte stoppa opp for å ta meg inn att og det kjennest ut so bringa skal gå til helvete. Startar med medisin att no før det går eit ribbebein eller to, slik det har gjort før. Eg skulle jo verkeleg ha merka røykeslutten no, men eg er i veldig dårleg form for tiden. Håpar dette gjer susen. 

Gledar meg til det byrjar å virka.

Snakkast.

For å følga litt opp….

Når det kjem til trenarspørsmålet frå sesongen 2022, so er eg einig i at Marius Lenni Bøe fortenar ein sjanse so hovudtrenar. Marius er ein type eg har veldig sans for og han er no blitt 40 år og skal han få sjansen so hovudtrenar på herresida i norsk toppfotball so må det skje no. Marius har, etter det eg kjenner til, UEFA A-lisens og stettar difor kravet frå NFF for å vere trenar i toppfotballen. Kjenner eg Marius rett siklar han også på UEFA PRO-lisensen, og so hovudtrenar i Sogndal blir han nok utteken til dette neste gong.
Eg skal innrømma det hadde vore spennande med Marius, då eg ser på han so den med mest fotballfagleg kompetanse i dagens trenarteam. No offence, Bolli og Eirik. Eg tippar Lenni’en har nokre spennande idéar so han har lyst å prøva ut, og slik sett so trur eg han og Eirik Bakke står litt langt i frå kvarandre om korleis fotball skal spelast. 

Eg klarar likevel ikkje å fri meg frå tanken om ein trenar utanfrå. Ein so kan koma inn med friskt blod, nye tankar og nye auger. Viss styret i Sogndal Fotball går for ei slik løysing, so håpar eg at den personen får lov til å sette sine tankar ut i spel. Men her reknar eg med med at styret utfører djupe intervju med aktuelle kandidatar. 
Viss eg skal kome med ein ønskjeliste over trenarar eg kanskje kunne tenkt meg styret hadde undersøkt litt nærare er:

Johnny Mikael Gallefoss(40), BX Brussels, frå Dale i Sunnfjord.
Svein Maalen(43), tidl. Rosenborg Jr og Ranheim, fråTrondheim.
Steffen Landro(35), tidl. Nest-Sotra og Sandnes-Ulf, frå Bergen.
Luis Pimenta(39), tidl. Hønefoss, Kongsvinger og Brommapojkorna, no Norge G18 og 19. Kjem frå Portugal.

Men so sagt i forrige innlegg so må no styret og deira støttespelarar sette seg saman og diskutera korleis klubben skal framstå. Me er pr. 1.september 2021 den 12. største fotballøkonomien i Noreg. Me ligg på 21.plass på “tabellen”. Eg personleg er drittlei av den store gjennomtrekken av spelarar. Eg meinar fokuset vårt bør ligga på å bygga sterke kollektiv. Sjølvsagt skal me utvikla unge gode spelarar, men so Sogndal Fotball seier sjølv på dei seinaste møta: “Klubben skal vera sjefen”. Difor er det klubben so bestemmer når ein spelar skal selgjast. Berre sjå på når Sogndal har hatt sine beste sesongar. Sterke kollektiv og god sentrallinja. Dette er ikkje til å koma vekkifrå. Difor må me bygga klubb og ikkje einskildspelarar. Klubben må vera fokus for klubben skal utviklast. Sjølvsagt skal unge spelarar få sjansen på same måte so i dag, men ikkje på bekostning av kva so er best for klubben. No har det so sagt våre alt for stor gjennomtrekk av spelarar på Fosshaugane dei siste 7 åra. Eg hadde ein oversikt etter 5 år under Bakke med 95 forskjellige spelarar so hadde aksla Sogndaldrakti. No har det gått 2 nye år og talet er oppe i over 120 spelarar på 7 år. Då blir det vanskeleg å bygga lag. Tykkjer synd i Eirik so har hatt dette so sin arbeidskvardag. Dette er òg ein av grunnane til den dalande publikumsinteressa på Fosshaugane. 951 tilskodarar mot Ranheim no sist. Det er umogleg for folk å få bygd ein tilhøyrigheit til spelarane og klubben når det nesten er ein ny mann til kvar kamp, for å setta det litt på spissen. Skremmande utvikling. 

Håpar de vart litt klokare av mine tankar.

Snakkast.