Kamp mot Silkeborg kl. 12.00

Klokka 12.00 spelar Sogndal mot Silkeborg i Spania. Og det er ingen so dekkar kampen. Og om 4 veker står Lillestrøm på motsatt halvdel på Fosshaugane i Cupen.

Sidan Sogn Avis ikkje er tilstades i år so er det vanskeleg med både reportasjar og info frå Spania. Endre Romøren og Sogn Avis har holdt oss oppdaterte på treningar og kampar, på spelarar i form, kven so trenar alternativt og djubdeintervju med folk i støtteapparatet iallefall dei 10 siste åra. Når ein slik ressurs plutseleg er fråverande so blir det vanskeleg for klubb å bygga opp sitt publikum inn mot seriestart når dei ikkje har midlar i eigen klubb til å dekka opphaldet sitt der nede.

Kanskje Sogndal Fotball har teke Sogn Avis sitt bidrag for gitt alle desse åra?

Eg merkar iallefall på meg sjølv at det er eit stort sakn. Og eg har ofte tenkt på kva so skjer den dagen Romøren gir seg og søkjer nye utfordringar? Bergens Tidende og Firda ga seg for 10-15 år sidan med å dekka Sogndal. Porten.no har kome litt inn frå sida dei seinare åra, spesielt med kommentarane til Jon N. Men det blir veldig vanskeleg for oss so supportarar å halda seg oppdatert viss all info skal koma frå innsida av Fosshaugane og ikkje med eit halvkritisk blikk utanfrå.

Dette bekymrar meg.

Kred til klubben so har invitert ålmenta til Kick-Off på SOHO fredag 10.mars klokka 19.00. Her får ein iallefall ein statusrapport på stoda.

Klubben først.

 

Snakkast.