Plagene fortset…

Ja, er no framleis i full jobb og bit tennene saman. Har slite med kjeveverk og dott i øyrene dei siste 2 vekene. Er på 3.veka no. I tillegg har eg jækla ilt i ribbebeina nederst på høgre side. Jækla ilt når eg bevegar meg, so det har ikkje blitt trimming sidan søndag. Var so travel på jobb i dag at eg ikkje fekk ringt legesenteret. Prøvar på nytt i morgon. Då blir det arbeid på Feios Kyrkje. Svera stillas. 21 meter høgt. 

 

 

 

3 deilige poeng og Kristoffer Hoven…..

Sogndal tok i går kveld 3 nye poeng mot Kongsvinger heima. Sogndal ga seg ikkje før dei hadde putta 5 ballar i noti bak Kongsvingerkeeperen. Kristoffer Hoven spelte sin til no beste kamp i Sogndaldrakti og noterte seg for 4 mål. Han er i fantastisk form no, Hoven. Utanom straffesparket, so var ingen av måla ferdigscora heller. Han er like farleg i lufta so langs bakken, og spesielt 2.målet er det høg klasse over. Tungt skot på fyren. Kan minna litt om meg sjølv i mine velmaktsdagar, dog eg var noko hurtigare. Sidan Sogndal gjekk opp i 4-0 etter 47 minuttar, so kunne ein byrja å tenkja neste kamp allereie. Det vart endra ein del på laget utover i kampen. Mannsverk vart teken av etter 50 minutt og me fekk kvilt Ogbu og Kristoffer Hoven i tillegg. For på laurdag ventar den tøffaste bortekampen me har att denne hausten, nemleg Ranheim borte. Tomas Kristoffersen avslutta kampen so kaptein på Sogndal, og det var kjekt å sjå at Adrian Solberg endeleg fekk debuten sin etter å ha blitt flytta opp i A-troppen i vinter, men har slite ein del med skadar gjennom våren og sommaren. So ei fjør i hatten til han.

13 kampar på rad no utan tap. La det bli 14 på laurdag. SNP

Snakkast.

For ei natt….

Etter å ha vore plaga dei 2 siste vekene med mykje smerter i kjeveledda og påfølgjande øyreverk, so var det attende på venstre sida i natt. Måtte opp 2 gonger i natt og “blåsa” ut dott i øyra. Ei helsikes spraking. Og verken ville ikkje gi seg. Håpar det blir betre utover dagen. Har vore ei veldig plaga denne kjeven no, so eg lyt ringa å få meg ein legetime i dag. Må og så diskutera vidare utreiing med fastlegen min. Er med i ei gruppa på Facebook der eg har lagt ut livshistorien min og alle plagene eg har og har hatt. Det er mange so anbefalar meg Diakonhjemmet i Oslo til nettopp dette, so me får sjå.
Skal på kaien og montera sinkrenner i dag. Blir ein artig jobb det. Er på eit kulturminne, so det er ikkje kvar dag slike jobbar dukkar opp. Og so håpar me på bra vèr.

Snakkast.

Helgasete

 

I går vart det ein god tur til Helgasete. Starta med sykkel heimafrå. Sykla inn til Sauradn og gjekk opp på Helgasete. Flott tur og god sti. Gjekk i joggesko og var turr på føtene heile vegen. 

Laurdag, 3 poeng og ny veging….

Sogndal tok 3 nye poeng mot Øygarden i går på utebana. Det var ein skikkeleg slitesiger og Tomas Totland vart matchvinnar etter eit strålande innlegg av Endre Kupen. Sivert Mannsverk stod over denne kampen óg pga skade, so Tomas Kristoffersen og Mathias Blårud utgjorde midtbaneduoen til Sogndal akkurat so heima mot Stjørdals-Blink. No måtte Kupen ut i 2.omgang med det so kunne sjå ut so ein strekk, so det byrjar og tunnast i rekkene våre framover i bana. På mandag ventar botnlaget Kongsvinger, og det skal vere 3 poeng.

Vart ei dårleg veka for min eigen del. Vart ei veka i mykje smerter då det var venstre del av kjeven so overtok stafettpinnen denne gongen. Fekk meg berre ei skikkeleg treningsøkt opp Slakken.

Hadde fårikål til middag søndag og gjekk på ein smell både søndag og mandag. Fårikål er so kjent best 2.dagen og då vart det fårikål til både middag og kvelds. Jøjemeg. Men har stort sett drukke vatn, men unna meg ei Pepsi Max til lunsj i går samt 6 ruter av ei 200 grams plata med sjokolade. Det vart heller ikkje Herretrim i går pga kollisjon med Sogndalkamp, men no går resten av sesongen med helgekampar, unntatt førstkomande, so då slepp ein dette stresset med fredagar og mandagar. Spesielt mandagane er stressande her i huset. Då har jentungen kampdag, gutungen trening, Sogndal har kampdag og fruen jobbar seint. 
Til søndagsmiddag i morgon er det pinnakjøt. Går vel på ein smell då óg. Då må eg ha meg ei økt på ettermiddagen.
På badevekti i dag so lyste 93,8 kg i mot meg. Det skjønar eg faktisk veldig lite av. Det er 800 gram ned siste veka. So berre å halde seg unna søtsaker og mjølk, so hamnar eg i minus veka etter veka. Men positivt er det jo sjølvsagt, men eg hadde faktisk ikkje venta å gå ned denne veka. Men so lenge inntaket er mindre enn forbruket so går det vel den vegen. Måtte nett googla “fårikål kalorier”. Ser jo att det er veldig magert og 92 kcal pr. 100 gram ifølgje matoppskrift.no. Spaghetti og kjøttdeig inneheld til samanlikning 150 kcal pr 100 gram. Jaja, då var det ikkje so gale lell.

 

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg

God helg. Snakkast

Legg ved eit før og no bilete.

 

 

 

Ingen kioskveltar denne gongen heller….

Ja, kom meg ein tur på Slakken i kveld, sjølv om det ikkje freista so veldig mykje. Etter at høgre del av kjeven var ei plaga på slutten av forrige veke, so var det godt å kjenna at dei verste smertene var vekke laurdagen. Då var det berre dotten i øyra so hang litt att. No derimot, so er det venstre del av kjeven so har fått det, so då tippar eg det blir endå verre i morgon. Jækla drit.

Elles viste Sogndal stor moral i laget då dei kom under 0-2 og vann 3-2 mot Stjerne- Blink på Fosshaugane i går kveld. Eg ser av Sogn Avis at eg og Romøren er ganske einige om kven so var av dei beste på Sogndal. Tomas Kristoffersen og Daniel Eid hadde båe ein strålande kamp. Spesielt pasninga framføre 2-2-målet til Eid av Kristoffersen er det god Eliteserieklasse over.
Akkurat no er det veldig moro å sjå Sogndal sitt angrepsspel. Dei kastar folk i angrep, og når ein får dobla på kant stort sett heile tida pga at dei sender framover begge dei ytre midtstoggarane sine, Kryger og Roseth, når ein i tillegg har Eid og Totland der, so blir det veldig mange innlegg i boks. Der er Badou, Kupen og Hoven klar. Veldig artig.

Snakkast.

Snapchat: vadseth79
Instagram: vidarvadseth

Laurdag og ny veging….

Sidan forrige veging vart det det ein tur på Hølsete og ein tur på Slakken. Nokolunde rolege økter begge 2, men fekk løyst sveitten godt begge turane. Hadde ei interaktiv styrkeøkt med Yngvar hjå naardic.no i tillegg. Det vart den hardaste økti denne veka. Då vart eg godt sliten. 

Eg måtte stå over Herretrimmen i går kveld då eg hadde so ilt i kjeven og antakeleg ein byrjande øyrebetennelse. Verken i kjeven er antakeleg betennelse, so har det spreidd seg vidare til øyra. Kjøpte eit stoff på apoteket i går so ser ut so det virkar, men går med konstant dott i øyra. Men det kjennest betre ut i dag. Det er slik med denne verkinga i ledda at det varar i 3-4 dagar, so går det over. Tok i tillegg 2 Vimovo i går kveld/natt, då eg sleit me å få sova. 

So var det denne veginga då. Hadde god tru denne laurdagen og vekti skuffa meg ikkje. Den viste 94,6 kg. Det er eg kjempenøgd med. 

Forrige laurdag unna eg meg litt smågodt i premiering. 120 gram vart det. Spørs om det må bli litt premiering i dag óg. Men først må eg skriva på ei oppgåva so har innlevering onsdag. Siste semesteret no på Meistarbrevsutdanninga. 3 innleveringar og 1 eksamen att. Skal bli godt å vere ferdig til jul.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg

Snakkast.

Snapchat: vadseth79
Instgram: vidarvadseth

 

No er hausten her….

Ja, no er hausten her. Og med det so kjem desse helsikes smertene attende. Det er for kaldt i dette landet. Kjenner eg kvir meg so ein hund til vinteren allereie. I går so byrja eg å få noko agaslaust ilt i kjeven på høgre sida. Det sit heilt oppe for øyra. So har det spredd seg til øyra, so er veldig ømt. Nedsatt høyrsel, dott i øyra og problem med balanse og svimmelheit. Det var ikkje gunstig i dag då eg var oppe på jobb i eit 21 meter høgt stillas rundt eit kyrkjespir ute i Feios. Kjente eg måtte halde meg fast heile tida. Har ikkje høgdeskrekk Og so svimla eg på veg ned att frå Slakken no i kveld. Kjendes ut so eg hadde smakt da.

Men eg kom meg opp på Slakken, og eg gjekk på rein vilje. Tiden i dag var tett oppunder 45 min, men eg hadde bestemt meg for ei roleg økt. So har eg antakeleg fått eit problem med eit ribbebein heilt oppe i armhola på venstre sida, so stakk so fan når eg prøvde å jogga litt lett ned att. Stakk so fan i kjeven óg når eg prøvde meg på jogging. Det kjende eg litt på under styrkeøkta på tysdag óg. Alt i alt ein siger å få seg ei økt i dag. Prøver meg på Herretrim i morgon. 

Eg kjem til å skriva litt om desse hendingane framover då dette kan fungera so ei dagbok for meg. Det blir sikkert mykje syting, men eg må berre få det ned ein plass. Eg er jo revmatikar utan diagnose. Kosthaldet har vore bra denne veka, so ein er klar for veging att laurdag. 

Snakkast.

 

 

Endeleg 3 poeng på bortebana att….

Sogndal spelte i går kveld ein solid bortekamp mot Jerv i Grimstad og vann 3-0. Med sigeren so inntok dei 2.plass på tabellen og direkte opprykksplass sidan Ranheim snubla heime mot Ull/Kisa. 
Etter 3 bortekampar utan siger var det endeleg erleg å ta med seg 3 poeng i bagasjen heim. Med tanke på at me har rota vekk ein del poeng på bortebana i det siste var det deilig å kunne gå den 10.kampen på rad utan tap.
Det var ekstra kjekt å endeleg sjå Endre Kupen i målprotokollen att. Han har hatt nokre kampar utan utteljing og deilig å sjå han scora i går.
No er det Stjørdals-Blink heime i neste kamp. Då skal me ha 3 poeng.

Snakkast.

Snapchat: vadseth79
Instagram: vidarvadseth

Noko av det mest meiningsfulle eg har vore med på…..

Frå september 1999 til april 2000 so tenestegjorde eg i Kosovo i det største norske bidraget utanlands sidan Tysklandsbrigaden. Misjonen var å oppretthalde fred og ro i Kosovo, so pr.definisjon framleis var eit “fylke” i Serbia.

Bilete frå masseteneste-øving i Camp Lebane, rett nord for Prishtina.
Ute på eskorteoppdrag på den enorme Kosovosletta.

Tenesta var særs variert og spennande. Og med bistod ofte FN i forskjellige oppdrag, sjølv om operasjonen vår var NATO-styrt.
Eit av desse oppdraga me hjalp FN med var å stilla med eit vaktlag pluss ei ekstra vogn so skulle eskortera eit køyretøy frå ein serbisk landsby so heitte Gornje Brinjica. På kosovoalbansk heitte den Bërnicë e Epërme. Dette køyretøyet skulle eskorterast til eit “sosialkontor” nede i Pristhina der dei skulle henta trygda til alle innbyggarane i landsbyen. I denne landsbyen budde det ca 200 mennesker smått og stort. Dei 2 siste gongene dei hadde vore nede i byen for å henta pengar, so hadde dei blitt rana på veg heim, so no hadde dei gått 3 veker utan at dei hadde fått pengar inn. 
Gornja Brinjica var ein av fleire små serbiske landsbyar so me hadde ansvaret for i vårt AO(ansvarsområde). Desse landsbyane vart sterkt undertrykte av majoriteten av kosovoalbanarar i området den perioden me var der. 
Nede på “sosialkontoret” i Prishtina herska det fullt kaos. Dette var inne i byen og det var særs begrensa plass til parkering der. Me kom med 2 SISU’ar, so på biletet over, og ein folkevognbuss. Mange andre nasjonar var der i same ærend so oss, med folk frå andre landsbyar, og det var ekstremt mykje store militære køyretøy. Me sperra berre heile gata forbi. Parkerte midt i vegen og stansa all trafikk. Fekk geleida dei 2 representantane frå landsbyen inn på kontoret der. Me hadde med tolk og fekk forklart situasjonen, at me måtte koma først i køen sidan me sperra all trafikk. Landsbyhøvdingen leverte alle trygdekorta til folka frå landsbyen i skranken. Det vart talt opp ein haug med pengar. Minna mest om monopolpengar. Attende med trygdakorta og ein svær bag med kontantar og ut derifrå. Folkevognbussen vart denne gongen plassert mellom dei 2 SISU’ane på veg opp att. Denne gongen gjekk transporten attende heilt smertefritt og det var samling på butikken der folk stod klare og venta på pengane sine. 
Den gleda eg såg i augene til desse folka er noko eg aldri kjem til å gløyma. Dei var over seg av begeistring og landsbyhøvdingen ville spandere øl og Slivovitz på alle oss soldatane. Me fekk tolken til å forklara at me var på jobb og ikkje kunne nyta alkohol, so me reiste derifrå utan å vere uhøflege.

Dette var ein av mange meiningsfulle oppdrag me hadde den perioden me var der nede.

Snakkast.

Snapchat: vadseth79
Instagram: vidarvadseth