Laurdag 18.juli og ny veging midt i ferien.

Eg vog meg i går morgon hjå svigers i Digreneset. Vekta viste 99,1 kg. Eg er nesten sjokkert. Har eigentleg ikkje ete spesielt sunt, men har heller ikkje ete snop og andre søtsaker. Satsar på nokre turar her i Bremanger slik at me held aktivitetsnivået oppe.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg

18.07.20     99,1kg

Snakkast.

Ein kamp so må gløymast…….

Sogndal gjekk i kveld på sitt første tap for sesongen. Grorud vann fullt fortent 3-1 etter at Badou scora målet til Sogndal. Sogndal var ikkje til å kjenna att frå dei 2 første kampane og gjorde ein del personlege feil so førte til baklengsmåla. Då gjekk det so eg frykta med at me ikkje klarte å nullstilla oss etter den flotte sesongstarten og denne kampen kan ein henga opp til skrekk og åtvaring om korleis ein ikkje skal framstå i jakta på 3 poeng og siger.
Rytmen i angrepsspelet var fråverande og me sleit med å få i gong det gode spelet me har hatt i innleiinga i sesongen. Det var veldig daudt over heile linja. 
Neste kamp er mot Sandnes Ulf heima. Då reknar eg med dei er revansjesugne. 

Snakkast.

Laurdag 11.07.20 og ny veging.

Ja, endeleg er det ferie. 4 veker med avslapping skal gjere seg godt no. Ferien i år går først i vesterled til Florø og Bremanger. Eg har ein del fjelltoppar eg har lyst å gå på der ute so mange av mine vener sender snapchat i frå. Det ser heilt nydeleg ut, rett og slett. Sidan Leeds-guru Bengt Solheim-Olsen er blitt leiar i Flora Turlag reknar eg med han har gode tips til flotte turopplevingar ute ved kysten. So det skal bli nok av trimming i ferien i óg. Men det blir problem med gjennomføringa av veging kvar laurdag sidan eg ikkje har badevekt “on site”. Og so blir det ei utfordring med mykje freistingar i ferien, so målet mitt i ferien er å halde vekti. So er ein i gong att i august att når livet er attende til normalen.
 

Denne veka vart det berre ein tur opp Slakken då det vart veldig mykje jobb med å få ferdig ein del prosjekt før ein gjekk ut i ferie. Kosthaldet har vore nokolunde bra so eg var eit snev av optimist før eg trødde opp på vekti i dag. Eg har óg kost meg litt denne veka, og me var bl.a. på La Pergola i går og åt middag. Eg er ikkje so veldig nøyen på kva eg har i meg av feitt, protein eller karbohydratar, men eg tel kaloriane sånn nokolunde i hovudet. Eg brukar ikkje nokon slik fancy applikasjon der ein skal legga inn alt ein et, so deretter summerar opp antal kaloriar. Det er berre stress og utruleg tidkrevjande. Til sjuande og sist so er det totalen over tid so er teljande. Kva ein har i seg over ein valgt periode og kva ein forbrenn i same perioden. Viss ein hamnar i minus der, so vil ein gå ned i vekt. Enkel matte. Eller so ein av mine bestekameratar seier det: Beste slankerådet so fins er å eta mindre og trena meir.

Men attende til badevekti i dag. Den viste i dag 101,0 kg blank. Kjempenøgd med det. Då kan ein kosa seg litt ekstra sidan det er laurdag. Då blir det litt fotball med passande tilbehøyr. 

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg

Snakkast.
 

3 nye poeng og takk for meg i styret til Saftkokaradn.

Etter kampen på mandag mot Ull/Kisa, so må eg sei at det er lenge sidan eg har sett Sogndal so gode på Fosshaugane. Eg hadde ei slik godkjensla etter kampen so eg ikkje har kjent på sidan Juniorlaget gjorde det skarpt ute i Europa. Sogndal kasta folk i angrep i samtlege 90 minuttar og sigeren kunne vore mykje større hadde det ikkje vore for ein særs opplagt Stefan Hagerup i Ull/Kisa-målet. No har alle spissane kome i gong med sesongen, utanom ein skada Akor. Eivind Helgesen scora sitt første mål for moderklubben og Endre Kupen herjar vilt utpå der. Tomas Kristoffersen viste verkeleg i denne kampen kvifor me henta. Han var banas beste der han styrte midtbana i lag med Sivert. Det er so mykje å gleda seg over i dette Sogndal-laget at eg kan nesten ikkje venta til neste kamp.
Utfordringa no er å få karane godt ned på jorda før bortemøte med Grorud. Tippar det var ein del av dei so trudde dei kunne gå på vatnet på tysdagen. Med ei so ung spelargruppa so kan ein ikkje forventa at Sogndal kjem til å spela champagnefotball i kvar kamp. Og det blir utfordringa til trenarteamet óg. Skal ein køyra same kampplan borte mot Lillestrøm, Ranheim, Tromsø, Kongsvinger og Ull/Kisa, eller skal ein justera litt og senda innpå nokre murbrekkarar so Steiring, Blårud og Akor? Det blir ein hårfin balansegang, og noko må gå på bekostning av noko anna. Men det skal jaggu bli spennande å følgja dette laget utover i sesongen. Det er det ingen tvil om.

Før kampen mandag hadde Saftkokaradn eit veldig forseinka årsmøte. Eg ga meg so leiar og i styret i Saftkokaradn etter vél 17 år i ei eller anna rolle. Det er sjølvsagt vemodig, men alt har si tid. Og no følte eg tida var inne for å gi stafettpinnen vidare til Øyvind Heimset Larsen, so vart vald til ny leiar. Øyvind har med seg eit veldig bra styre, so eg er ikkje redd for framtida til Saftkokaradn. Eg håpar eg har klart og lært vekk noko til dei so kjem etter meg. MEN eg skal ikkje gi meg på tribuna, der skal eg vere like delaktig so eg alltid ha vore. Og so har eg framleis ein jobb å gjere i Norsk Supporterallianse. 
Eg vil berre nytta høve til å ønskja Øyvind, Bente, Tonje, Therese, Sindre, Joakim og Kim Andrè lukke til med verva sine, og so skal me andre medlemmane hjelpa Saftkokaradn til å nå nye høgder.

Snakkast.

3 poeng til Sogndal og ny veging.

Det var deilig og endeleg koma i gong med seriespelet til Sogndal i går kveld. Det vart ein solid 4-1 siger borte mot Åsane, og sett vekk frå dei siste 20 minuttane i 1.omgang, so var det divisjonsskilnad på laga. Spesielt vil eg trekka fram målet til Daniel Eid. Ein strøken krossar frå Sivert Mannsverk, so er den yngste kaftein i toppfotballen i Noreg, vart klinisk ekspedert rett i nettaket på heil volley av den tidlegare Høddaren. Og det so gleda eit gamalt spisshjarte aller mest var at me fekk i gong alle 3 spissane. Kupen, Badou og Andreas Hoven teikna seg alle på scoringslista. Alle so har spelt fotball veit kor viktig det er med sjølvtillit framfor kassen. 
No ventar Ull/Kisa heime på mandag og dei kjem frå nedslakting av Strømmen med 4-0, so me får eit toppoppgjer allereie i 2.kamp. Skal bli skikkeleg spennande. Minnar igjen om at dei so har fått billett til kampen må gi skikkeleg lyd i frå seg og støtta dei 11 håpefulle ute på bana. Eg og vaktmeistaren på Sogningen Storsenter, Karl-André, skal bidra so forsangarar og so får de berre henga på. Særs viktig kamp.
No er det viktig at spelarane får seg nok mat og kvile og ei god restitusjonsøkt, slik at ein er best mogleg rusta til mandag. Dette blir annleissesongen der ein verkeleg får testa kor flink ein er på dei tinga so ikkje skjer ute på bana. Med so tett kampprogram so kjem nok prestasjonane til å variera, men eg trur at dei laga so er flinkast i klassen til å ta grep utanfor bana kjem til å ligga i toppen på slutten av sesongen. Det blir få moglegheitar til å justere og endre spelmønster med eit so tett kampprogram so me får denne sesongen. Og so tykkjer eg det er veldig bra at ein har bra dekning i troppen i alle posisjonar, men ein skal vere særs forsiktig med å byte for mykje på laget frå kamp til kamp. 1 til 2 spelarar går bra, men ikkje 4-5. Det har vist seg gong på gong, so eg håpar ikkje me går i den fella. 
Då er det berre å gleda seg til mandag. SNP

 

Sidan det er laurdag so er det ny veging for min eigen del. Det vart 2 turar denne veka opp Slakken. Var veldig bevisst på kosthaldet denne veka, sjølv om me var på Burger King på søndag på retur frå Bremanger. Softis i Kalvåg vart det óg. Og so unna eg meg nokre Smash under Sogndalkampen i går og ein neve chips til Ham-Kam – Kongsvinger. I dag viste vekta 102,2 kg, og det kan eg leva godt med. Eg veg no mindre enn kva eg gjorde på innrykk i førtsegongstenesta i august 1998. Då var eg 104. Kom akkurat på det no. Sidan målsetnaden min på dette prosjektet var å koma ned i 2-sifra, so er eg no byrja og staka ut kursen til neste målet. Då eg var i min beste form når eg dreiv med idrett so var matchvekta mi 84 kg. Når eg når 2-sifra, so blir neste målet 90 kg. Det er veldig optimistisk, men eg skal gi det eit forsøk. Og so tenkjer eg at eg då skal jobba med å finna trivselsvekti mi, so eg skal ha resten av livet. 

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg

Snakkast.

Ein sur kveld på Slakken…

…og me er i byrjinga av juli. Koldt og sur breavind på toppen. Sleit skikkeleg med dørstokkmila i dag. Men eg kom meg opp. Har vore bra på kosthaldet denne veka i tillegg so det blir ei spennande veging på laurdag. 

So er det seriestart før Sogndal i morgon borte mot Åsane. Skal bli godt å få koma i gong no. Litt sveltefora på Sogndalskampar. Og so var eg so heldig å få meg billett til heimekampen mot Ull/Kisa på mandag. Då er det viktig at alle dei 200 på tribuna gir god støtte til dei 11 ute på bana. Stao No Pao. 

Snakkast.