Godt nytt år til alle saman og takk for det gamle.

2020 er snart historie og 2021 bankar på døra. Året so er gått har vore eit av dei kjedelegaste og tristaste åra for veldig mange pga pandemien so har herja i heile verda. For meg personleg har det vore eit av dei aller beste. 
Då eg bestemte meg for litt over eit år sidan at no skal eg ta tak i eiga helsa, so var det ingen so såg korleis 2021 kom til å sjå ut. Då eg vog meg 1.januar 2020 og vog over 128 kg og eg starta med prosjektet mitt, so visste eg ikkje korleis dette kom til å gå. Planen var so kjent å eta seg ned til 120 kg og deretter starta og trena. Dette skjedde nesten samstundes so landet og forsovidt verda også stengde ned i medio mars. Plutseleg fekk eg mykje betre tid til å faktisk trena. Det var ingen fritidsaktivitetar å følgja ungane på, ingen fotballkampar å sjå og alle ettermiddagar og kveldar var ledige. Eg fekk med meg Tor Henning Mardal og me starta å gå fram på Tyldebrui. Me klarte og mitivera oss godt sjølve og treninga vart ein sosial møteplass, sjølv om det ikkje var mykje prat i nokon av oss i bakkane ved Ospesete. Det vart mange turar til Tyldebrui på vårparten. Treninga fekk ein kickstart og kosthaldsendringa gjekk lettare enn eg frykta. Kiloane datt av litt etter litt og formen vart mykje betre. Etterkvart so snøen smelta i Slakkalii, so byrja me å gå der. Dette vart god trening.
Når sommaren kom so byrja me å gå på Slakken og etterkvart so snøen forsvann so vart det mange turar opp på Trafoen. Det vart også mange turar på mange fjelltoppar i løpet av året. Den tyngste turen eg og Tor Henning hadde var Skriki. Var so vidt me var heime att før det var mørkt.

Eg satte meg eigentleg eit mål om å koma ned i 100 kg før året var omme, men eg måtte justera målsetninga. Det vart litt for bra dette her. Den lægste målinga eg hadde på badevekta var 89,6 kg, men det var det spesielle grunnar til. No ligg eg og vakar midt på 90-talet og er nøgd med det.
Eg hadde også planar om å legga vekk sigarettane på dette prosjektet, og fann ut at bursdagen til gutungen den 18.november kunne vere ein passande dag å gjere det på. Iallefall lett for meg sjøl å hugsa dagen. So no har ein vore 6 veker røykfri og det går veldig greitt. Har brukt nokre slike nikotinpastillar so erstatning og klarar meg med 2 stk om dagen. Det er ikkje slike stikkpillarar for dei so lurte på det.
So 2020 kjem eg til å hugsa best for då eg tok nakkagrep på meg sjøl og kom ut so ein betre versjon av meg sjølv slik fysisk. Hovudet er det diverre ikkje råd å få gjort noko med. 

So då er det berre for meg og takka for 2020 og ønskja alle saman det beste for 2021.

Vidar

Kristoffer Nessø(27) har signert.

Sogndal har signert kantspelaren Kristoffer Nessø frå Raufoss. Nessø so blir 28 år til sommaren er Bosman-spelar, og kjem difor gratis til Sogndal. Nessø so scora 10 mål og hadde 7 assist for Raufoss i år kjem opprinneleg frå Lofoten og har tidlegare spelt for bl.a. Tromsdalen og Mjølner. Til Sogn Avis skildrar Eirik Bakke han som ein venstre kantspelar med ein god venstrefot.
Etter kva eg kan sjå er han høgrefotar og har spelt mykje venstre spiss i ein 4-3-3 formasjon i år. Han likar å bli satt opp ute til enten venstre eller høgre og utfordra innover. Kan samanliknast med ein innover kant, men her kan det vere eg tek feil.

Då er det berre å ønskja Kristoffer Heggø hjarteleg velkomen til Sogndal. Ein spennande type iallefall, og etter det eg kan sjå so er det kasnkje Endre Kupen so er mest lik han i spelestil. SNP

 

Sogndal – ein transittklubb….

No når ein har fått kampen mot Mjøndalen i går litt på avstand so kan ein byrja å reflektera litt over kvar me er og kvar me vil. Me har per i dag ein av dei yngste, mest lovande og mest spennande spelarstallen i Norsk Toppfotball. Etterkvart so lovprisinga av årets prestasjon kjem ut på eteren frå mange personar i klubb og frå personar rundt klubben, so får eg meg til å tenkja litt lenger fram enn 2021-sesongen. Pr. no ligg alt til rette for at Sogndal skal gjere det endå betre i 2021-sesongen. Eg ser ikkje på Aalesund og Start so like gode so Tromsø og Lillestrøm, og me våre spelarar eit år eldre, so skal me ha gode moglegheiter neste sesong.

Men so er det dette med utskifting av spelarar, at ein må bygga på nytt, og ein må treffa på spelarane ein hentar inn. Slik Sogndal har vore dei siste sesongane, so er med ein transittklubb. Skal ein klara å bygga lag over tid so må ein behalda spelarar lenger enn det me gjer i dag. Klubben har ein uttalt haldning om at Sogndal skal vere ein klubb for unge spelarar so vil opp og fram og Sogndal skal vere eit springbrett til større oppgåver. Dette er ei haldning so skuffar meg og so gjer at eg ser på framtida med eit litt dystert blikk. Viss me ikkje vil vera noko meir enn det, so får ein det i framtida vanskeleg med å vinna interessa til folk. Då er ikkje Sogndal interessante lenger. Korleis skal Sogndal fanga interessa til den oppveksande generasjon viss spelarstallen blir bytta ut kvart 3.-4.år og ingen rekk å få noko so helst forhold til spelarane og laget? Har Sogndal Fotball ein plan for dette? Eller skal me framleis vere ein transittklubb og ein farmerklubb for Molde og dei andre større klubbane i Noreg? 

Sogndal har den 10.-12. største økonomien i Fotball-Noreg og topp fasilitetar. Me hadde ein målsetnad om å vera blant dei 12 beste klubbane i landet, men det vart teken ut av sportsplanen fordi nokon meinte det var heilt urealistisk. Kvifor skal det vere urealistisk for Sogndal å vere blant dei 12 beste klubbane i landet? Kvifor kan me ikkje ha eit hårete mål om å vere det. Eg tykkjer ikkje det er so hårete heller.

Eg har følgt Sogndal sidan eg var gutunge og interessa for Sogndal har alltid vore sterk. Det er ikkje mange kampane på Fosshaugane eg har gått glipp av sidan seint 80-tal og eg har fått med meg nokre bortekampar på vegen óg, men eg har merka meg no dei siste sesongane at interessa er dalande. Det kan vere at interessa er veksande hjå sofasupportarane, men det er noko vanskeleg for meg å ha sikta på. Og 2020 har vore eit meget spesielt år, men skal Sogndal klara å halde interessa oppe i framtida so er dei nøydde til å gjera grep og legga ein ny strategi i høve spelarlogistikken. Viss ein skal bygga klubb og lag, so er ein nøydd å halda på spelarar lenger enn det me gjer no. 

Stao no pao.

Snakkast.

 

 

Sogndal tapte, OBOS-ligaen 2021.

Etter tap mot Mjøndalen i kvalikkfinalen i går so blir det OBOS-ligaen på Sogndal også i 2021. Det er veldig seigt då me leda 2-1 til det var att 3 minutttar av kampen, og me var faktisk i Eliteserien i heile 8 minuttar. 
Trenar Eirik Bakke gjorde 2 doble byter i 2.omgang og fekk umiddelbar respons. Akor vart felt i 16-meteren og fekk straffe. Satte straffen sjølv. Eg lurar på om han stal straffen frå Sivert då han ville ha ballen av Akor rett i etterkant av fellinga. Men scoring vart det. På 2-1 målet so forserte Anders Nord fint opp og inn i 16-meteren. Innlegget vart halvklarert og nok ein innbytar, Tomas Kristoffersen, klinka inn scoringa. Gode byter frå benken. Sogndal var i himmelen. På dette tidspunktet so køyrde Sogndal kampen og virka til å ha bra kontroll på Mjøndalen so såg veike ut.

Men so slutta Sogndal å spela fotball og ga i frå seg heile initiativet i kampen. Og me visste Mjøndalen var gode på dødballar. Og so gjer me ein juniorfeil av dimensjonar. Me tek det siste bytet vårt på ein defensiv dødball. Det står skrive i stein at det gjer ein aldri, og eg trur det er eit eige punkt på trenarutdanninga sin første bolk.
Van Der Spa kjem inn og Mjøndalen scorar. 2-2. Målet burde vore avblåst for offside, men assistendommaren sov på jobb. 7 minuttar på overtid er det ny dødball. Den blir svinga inn og Van Der Spa scorar sjølvmål. Mjøndalen får stussa og ballen treff vår spelar og går inn. 2-3 og tap. Kanskje vart det utslagsgivande at det var meir trøkk i supportarane til Mjøndalen so sang ut Saftkokaradn ganske greit sidan dei fekk 60 av 80 billettar so Mjøndalen var tildelt og Saftkokaradn var ca halvparten? Kanskje det ga spelarane til Mjøndalen den ekstra energien på slutten? Kven veit….

Eirik Bakke fornekta seg ikkje og hamna i ein muntleg konfrontasjon med Mjøndalen-trenaren etter kampen i pressesona. Eit klassisk Bakke-grep der han får flytta fokuset over frå spelarane til seg sjølv. For so han tidlegare har uttalt so toler han presset og kritikken betre enn dei. Det var akkurat på same måten i Ranheim i 2017. Då var det Ranheimtrenaren so skulle få da. 

Då kan ein oppsummera sesongen å sjå attende på ein meget god vårsesong og ein mindre god haustsesong. So vanleg. Årets spelar for meg er i år som i fjor Sivert Mannsverk. Nummer 2 for meg denne sesongen har vore Martin Roseth. Kanskje beste stopparen i OBOS. Nummer 3 er Daniel Eid. Nummer 4 Igoh Ogbu og nummer 5 Kristoffer Hoven. 

So blir det spennande å sjå kva spelarar so framleis har tru på Prosjekt Bakke og blir her neste sesong. Eg reknar med at Sivert forsvinn frå Sogndal i løpet av 2021, men håpar me får behalda han til sommaren. Elles so reknar eg med at dei fleste blir, og so kan ein godt flytta Håvard Hetle opp so førstekeeper. Han blir 18 år i februar og er då meir enn klar nok. Det er berre å satsa på han. 
Ein får bygga vidare på det gode offensive spelet so Sogndal viste denne sesongen, og so gjorde at det vart moro å sjå på dei att. So kanskje me får sleppa inn litt meir folk på Fosshaugane den komande sesongen so sjåast me sikkert på Saftkokarfeltet.
STAO NO PAO

Snakkast.

 

Ranheim knust, Mjøndalen neste…..

Noregs einaste Eliteseriebygd 2021?

Det vart ei god oppleving for Sogndal på Fosshaugane i går ettermiddag i prekvallikken til Eliteserien. Ranheim vart slegne 3-1 etter at Kupen, Michael og Akor scora for Sogndal. Sivert Mannsverk styrte midtbana med stor ro og var bestemann på Sogndal.
Eg må gi skryt til trenarteamet i går so traff nesten maksimalt på laguttaket og inngangen til kampen. Sjølv om me hamna under med 0-1 so holdt me oss til planen, og endeleg vart det gjort offensive byter for å prøva å avgjera kampen på 2-1 istadenfor defensive byter for å trygga 2-1. Det likte eg særs godt. Traff spesielt godt med Akor so innbyttar for Kupen, og so var det moro å sjå både Michael og Badou påskrudd frå kampstart. So her har trenarteamet gjort ein god jobb. Når Saftkokaradn i tillegg stemde i med hyllest til Eirik Bakke på slutten og etter kamp i går, so har dei truffe bra.

Måndag 28/12 kl.17.00 møter Sogndal bruntrøyene frå Mjøndalen i den siste og avgjerande kampen på Vålerenga Stadion i Oslo. Og det kan jo passa spesielt Endre Kupen bra. So Florøspelar i 2017 so scora Kupen 4 mål heima mot MIF og 2 mål i bortemøtet, so det er draumemotstandaren til Kupen. I tillegg blir dette kampen so avgjer kven so kan kalla seg for Noregs einaste Eliteseriebygd 2021. No vil det ikkje vere fullstendig krise i Sogndal om me ikkje rykker opp, men du verda kor mykje meir interessant det er å spela i Eliteserien. Og dette laget kan fort slå godt i frå seg i Eliteserien. På den andre sida so rykka jo Bryne og Fredrikstad opp i OBOS-ligaen, mens Kongsvinger og Øygarden måtte ta steget ned. Bryne og Fredrikstad har veldig karismatiske supportarar, so det hadde vore kjekt å kunna møtt att dei. Men hjartet mitt seier at eg helst vil vere i Eliteserien og det er eg iallefall 100% sikker på at alle spelarane og dei i trenarteamet vil óg.

Etter det eg skjønar so er det kun tillete med 200 tilskodarar på kamp i Oslo. Det var det på kamp på same stadion i går og på damene sin cupfinale for 10 dagar sidan. Og slik so smittetrykket er inne i hovudstaden so skal det mykje til for at det blir heva til 600 so er dei nasjonale køyrereglane pr.no. Det skal vere eit møte mellom klubbane og NFF i dag for å spikra dei siste detaljane rundt denne kampen. Eg reknar med NFF er i tett dialog med FHI og Oslo Kommune rundt dette med smittevernet i det so blir den aller siste kampen i norsk fotball 2020. So får ein håpa at dei so får billett nyttar røysta si. SNP

Snakkast.

 

Teoriar om det dårlege poengsnittet siste halvdel av sesongen…..

https://www.sognavis.no/pa-vegen-heim-fra-jessheim-bestemte-eg-meg-no-skulle-eg-bruka-motorsag-pa-sogndal/o/5-115-550294?fbclid=IwAR0DT-BJnTg6p29t0UhWxorOa1WjtyTHOThczcR2aA0bnOayYqZJTpKSm1E

Sportsjournalist i Sogn Avis, Endre Romøren, har rekna litt på poengsnittet til Sogndal Fotball første og andre halvdel av dei 5 siste sesongane. Eg meinar eg hadde ei liknande utgreiing den sesongen me rykka ned i 2017 etter at Even Hovland kom til klubben. 

Uansett so er jo dette interessant statistikk. Då ferda i toppfotballen byrja for over 40 år sidan, so var Sogndal i mange år kjent for å vere eit godt haustlag. Og det var dei iallefall godt inn på 2000-talet viss eg hugsar rett. Fosshaugane var i mange år ein frykta kamparena, men det virkar so denne fordelen har forsvunne.

Ein teori er at heimebanefordelen på hausten forsvann med omlegginga frå naturgras til kunstgras sommaren 2012. Sogndal so var godt vante med eit regntungt Fosshauganegras august, september, oktober og til dels november, sleit ofte ut motstandarane på ei tung bane. Kan denne fordelen ha jamna seg ut med eit kunstgras so er likare det bortelaga har på si heimebane?

Ein annan teori eg har er at det har vore ein strategi for Sogndal sidan slutten av 00-talet å henta single fotballspelarar so er lette å flytta på. Dei får ofte kombinert studiar med å vere fotballspelar på heiltid. Studiestart i Sogndal er medio august og då kjem det ofte veldig mange nye jenter/damer til bygda. Ein periode var dameandelen ved HISF over 70% av studieplassane. Kan det tenkjast at studentdamene tek vekk litt av fokuset til fotballspelarane våre? 

Er vanskeleg å finna ein fasit her, men eg trur kanskje ein kombinasjon av desse 2 kan vere ei lita forklaring på Sogndal sine svake haustar.

Kva tenkjer de?

Sogndal-poengfangst 2015–2020 utrekna av Endre Romøren.

2015-snitt
Runde 1–15: 2,26
Runde 16–30: 1,86

2016-snitt
Runde 1–15: 1,4
Runde 16–30: 1,0

2017-snitt
Runde 1–15: 1,26
Runde 16–30: 0,86

2018-snitt
Runde 1–15: 1,93
Runde 16–30: 1,46

2019-snitt
Runde 1–15: 1,4
Runde 16–30: 1,6

2020-snitt
Runde 1–15: 2,0
Runde 16–29: 1,42

Kjempesmell ute og går….?

Etter å ha fått strekk forrige fredag på Herretrimmen, so har det vorte ei veldig roleg veka. Har forøvrig ikkje kjent noko til strekken sidan laurdag, so eg prøvde meg på Herretrimmen att i går. Det gjekk heilt fint. Tok ingen sjansar og kjendte ikkje noko til strekken. Og bra var det. Tenkte eg skulle ha meg ein tur i Slakken no når det lysnar med KIK. Det er jo 6 småvarme grader ute.

No har eg vore røykfri i over 4 veker og har ikkje vore i Slakken etter eg slutta å røyka. So eg er litt spent på pusten opp bakken. Sikkert noko enklare no. 

Kjenner at eg er meir svolten om morgonen no enn før. Eg er difor byrja å ha i meg noko lite mat før eg reiser på jobb. Det kan vere ei klementin eller yoghurt eller eit knekkebrød. Og so tran sjølvsagt. Merkar at eg tenkjer mindre og mindre på sigarettane, og FHI seier at viss du har slutta i 28 dagar so har du allereie 5-dobla sjansane for å klara å slutta for godt.

Men so var det denne vekti då. Vart kjempesmell denne veka. 97,5 kg og livvidda opp ein cm til 92 rundt livet. Ikkje bra utvikling. Eg legg skulda på inaktivitet, kveldsmat og eg har ete alt for mange klementiner siste veka. Eg måtte rekna på det i går. Eg har ete iallefall 50 klementiner sidan forrige veging. Med tanke på at dei inneheld ca 50 kcal pr klementin so har eg 2500 kcal der so eg ikkje har fått gått av meg. So har eg gått glipp av 2 økter à 1000 kcal i forbrenning og so har eg ete noko lite til frukost og det er 1000 kcal på ei veka. So då er eg over 5000 kcal i pluss der so eg normalt ikkje pleier å ha. Difor vart det opp 1,8 kg denne veka.

Og no kjem den tøffe jula med alt for stort inntak og mange freistingar. Eg må legga ein plan……

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg. Livvidda 92 cm.
24.10.20    91,1kg
31.10.20    91,8kg
07.11.20    94,0kg(starta på Vimovo att 31.10)
14.11.20    92,6kg
21.11.20    92,6kg.
28.11.20    94,6kg.
05.12.20    95,5kg. Livvidda 91 cm.
12.12.20    95,8kg. Livvidda 91 cm.
19.12.20    97,5kg. Livvidda 92 cm.

Elles vil eg nytta høvet til å ønskja ein god kamerat av meg god jul. Han har so kjent det styggaste juletreet i bygdi. God jul, Wilhelm. 

Snakkast

Den første skaden eit faktum…..

Ja, då var første skaden eit faktum. Ein strekk i venstre lår på siste intervallen på Herretrimmen i går. Jækla surt, so då tek ein juleferie. 

Men eg var kjapp med kompresjon og har lagt med den i heile natt, so eg trur ikkje det gjekk so gale. Kjennest mykje betre ut i dag allereie, og eg klarar fint å gå. 

Og sidan det er laurdag so viste vekta i dag 95,8 kg. Litt opp frå forrige veka, men same livvidda. Og snart har eg vore utan sigarettar i 4 veker, og merkar jo stor forskjell på pusten allereie. Ein får berre halde seg til eit sunt kosthald frametter slik at ikkje kiloane kjem rennande på. 

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg. Livvidda 92 cm.
24.10.20    91,1kg
31.10.20    91,8kg
07.11.20    94,0kg(starta på Vimovo att 31.10)
14.11.20    92,6kg
21.11.20    92,6kg.
28.11.20    94,6kg.
05.12.20    95,5kg. Livvidda 91 cm.
12.12.20    95,8kg. Livvidda 91 cm.

Laurdag 05.12.20 og ny veging, huff…….

Dette vart ei veldig bra treningsveka. Langøkt laurdag. Treningsøkter mandag og onsdag og Herretrim i går. Kosthaldet har vore nokolunde bra, men kanskje litt mykje sukker. Skal skjerpa meg der. Er på dag 17 utan sigarettar og det går ganske greitt. No tenkjer eg ikkje so mykje på det so eg gjorde i byrjinga. Og so var det alltid det der stresset kvar og når ein skulle ta neste røyk. Slepp det no.

So var det dagens veging. Og det vart opp nesten 1 kg til 95,5.  Eg mistenkjer at sigarettane må ta litt av skulda her. Skal difor måla livvidda mi. 91 cm rundt livet. Såg eg var 92 cm rundt livet 16.oktober. Då vog eg 92 kg dagen etterpå. Eit eller anna skjer her no. 3,5 kg tyngre og 1 cm smalare rundt livet. Då er det ikkje so gale.

Bilete frå 16.10.20

Høyrde “Sharped Dressed Man” med ZZ Top på radioen denne veka. Det minna meg på at eg må kjøpa ny dress til jul. Kanskje ein skulle fått gjort det i dag?

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg. Livvidda 92 cm.
24.10.20    91,1kg
31.10.20    91,8kg
07.11.20    94,0kg(starta på Vimovo att 31.10)
14.11.20    92,6kg
21.11.20    92,6kg.
28.11.20    94,6kg.
05.12.20    95,5kg. Livvidda 91 cm.

Snakkast.