Laurdag 27.juni og ny veging….

Liten nedgong denne veka óg, sjølv om det vært litt søtsaker og vanleg mat. Berre ei skikkeleg treningsøkt 103,4 kg.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg

20.06.20   103,9kg

27.06.20   103,4kg

Snakkast. 

Første treningstur på 11 dagar….

I dag tok eg sjansen på ein treningstur opp Slakkafjellet. Forutan litt stikking i bringa når eg kom opp på Flatane so kjendes kroppen bra ut. Fekk følgje av treningskameraten i kveld og me pusha oss fint opp vegen. Føtene var veldig spreke og eg hadde håp om ny rekord i dag. Rekorden min er 46 minuttar frå botn og opp på trafoen. I dag gjekk det unna på 42 minuttar, noko eg er særs nøgd med. Det er nesten minuttet kjappare på kilometeren enn tidlegare. So no er eg godt sliten. 

På søndag såg eg Everton – Liverpool på TV’en. Gjeeeeeeeesp. Det er noko av det kjedelegaste eg har sett av fotball på alvorleg lang tid. Ikkje berre det at det var dårleg kvalitet ute på bana, so er det jaggu drepen for fotballen og spela utan publikum. Skrudde over på Brann – Viking og fekk med meg siste halvtimen der. Sjølv om det berre var 200 på Staddaen so var faktisk det mykje meir underhaldande. Dei so var der laga bra leven, og det var bra intensitet ute på bana. Denne kvelden stod ikkje norsk fotball attende for engelsk. Gledar meg til Sogndal kjem i gong att no den 3.juli. Skal bli moro. SNP

Snakkast.

20.juni og ny veging.

Hold på hatten. 103,9 kg. Kun på kosthald. Ekstremt nøgd. No skal me kosa oss. 

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg

20.06.20   103,9kg

 

 

Snakkast. 

Ei dårleg veka….

Denne veka har eg ikkje vore på ein einaste treningstur. Ribbebeinsbrista/brotet har gjort at eg ikkje har kome meg på trimming. Difor har eg vore ekstremt forsiktig på kaloriinntaket denne veka. Den einaste aktiviteten har vore armhevingar. Merkeleg nok so kjenner eg ikkje ribbebeinet då. So eg må sei eg et litt spent på morgondagen. For då er det veging.

Snakkast.

Vreid

Eg tenkte eg måtte skriva eit innlegg om mine gode kameratar i Sognametalgruppa Vreid. Vreid er for meg nokre nydelege pionerar i svartmetalsjangeren. Dei har utvikla sin eigen sjanger i lag med avdøde Valfar aka Terje Bakken. Sognametal. Terje, Jørn og Jarle er alle barndomsvener av meg. Terje gjekk vekk på min eigen 25-års dag i 2004, so eg kjem alltid til og minnast Bakken kvart år på min eigen bursdag. Terje var eg også russ i lag med i 1998 og me hadde noko knakandes kjekke samkome i lag på “Haugen” ved gymnaset den våren. Kjem alltid til å sitta att so gode minner.
Jørn og Jarle er 2 år eldre enn meg, men me hadde mykje til felles innan fotballen. Dei var/er 2 lidenskapelege Liverpoolgutar, og dei var ofte mine støttespelarar når eg fekk lov å koma opp eit hakk og spela med 77/78-årgongen. Ein gong me var på Norway Cup so tok me taxi gjennom heile Oslo for å treffa John Barnes og Mark Walters på Torshov Sport. Kjell Ove Ask og far hass, Ove, var óg med. Ove betalte taxien sjølvsagt. 
Fotografen på biletet under er Jarle. Året er 1993.

Hugsar godt diskusjonane frå den tida om kva musikk me skulle høyra på i bussen på veg til kamp og turneringar. Det gjekk stort sett i walkman og discman på den tida og Jarle og Jørn var store tilhengarar av Metallica. Og so hadde ein jo Eirik Hillestad so var lika stor Guns ‘n Roses-fan so Jarle og Jørn var Metallica-fans. Eg sjølv var no Springsteen på min hals den gongen óg. Lukkelegvis var bussjåfør Halvard Holm det óg, so då vart det walkman/discman på dei 3 andre.

Eg har nettopp sett liveinnspelinga til Vreid framme på Nystølen i Sogndalsdalen. Eg tykte det var drittøft. Desse karane, inkludert Sture, Stian, Espen og Stig, er flotte ambassadørar for Sogndal. Eg merkar meg at dei har 34.000 følgjarar på Facebook. Til samanlikning har Sogndal Fotball 23.000. Vreid har supportarar over heile verda og dei har spelt i over 25 land i Europa, Asia og Nord-, Sør- og Mellom-Amerika. Eg har aldri vore nokon metalfrik, men Vreid tykkjer eg er lette å høyra på. Musikken er veldig melodiøs, og det er mange nyansar i musikken deira so ein kan kjenna att frå klassisk musikk. Comp’et sit so ei kula med Jørn på perkusjon og Jarle på bass. Jarle er i tillegg låtskrivar og hentar mykje inspirasjon frå gamal lokalhistorie og segner. Skikkeleg kult. Eg legg ut lenkja til konserten frå Nystølen i går kveld her. https://www.facebook.com/watch/?v=1610367449114774

Konserten er kjempebra og eg vil også nytta høve til at de gir ein slant til karane på Vipps då alle konsertar og festivalar dei skulle spelt på i 2020 er avlyst på grunn av pandemien. VIPPS til 103006. 

Heia vaores kara. 

Snakkast.

Foto: Geir Frode Lunden

Laurdag 13.06.20 og ein ny tur på badevekta.

Nok ei veke har passert og dette vart ei bra treningsveke. 3 turar opp til trafoen på Hagafjellet heimafrå. Det må seiast og vera bra. 15,4 km tur/retur med 670 meter høgdestigning. Turane på mandag og onsdag var særs gode. Turen i går kveld vart meget smertefull. Eg har gått og kjent på noko på dei siste dagane(torsdag og fredag) so har hemma meg ganske mykje når eg er i aktivitet. Merka det på jobb allereie torsdag føremiddag. Og spesielt når eg byrja å gå i går kveld. Det er akkurat so om nokon set ein kniv inn i ribbeina på deg rett under den høgre armhola. Når eg står rett opp og ned so merkar eg ingenting. Men viss eg tek eit lite hopp rett opp, so stikk det so fan i høgre sida av brystkassen. Skikkeleg smertefullt. Merka det spesielt når eg skulle ned att i går frå Hagafjellet. Då blir ein ofte litt tung i steget og då skjær det til i bringa. Mest truleg har eg anten brista eller brote eit ribbein. Eg har jo gjort det før óg, men då ved hosting. Mest truleg skjedde dette på onsdagsøkta berre på grunn av tung pusting. Dette er so utruleg irriterande, so turen heim i går gjekk i reint raseri og sinne. Kva i helsike er det so skjer? Det skal jo ikkje gå an. Noko tur til doktoren er ikkje vits i, dette blir berre lækja med smertestillande uansett. Og det har eg liggande. Me får ta det roleg i helgi, for so å prøva oss på trening att mandag. 

Men attende til badevekta. Den viste i dag 104,9kg!!!!! Det er eg sjølvsagt strålande nøgd med.

Det betyr at eg har gått ned 3,2 kg dei siste 2 vekene og 23,1 kg totalt.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg

So får ein håpa at bristet/brotet blir lega fort slik at ein får ei bra treningsøkt neste veka i tillegg. Det gjekk heilt fint å gå, men nedoverbakkar er drepen, men me står han av.

Snakkast.

 

 

 

Endeleg nådde eg toppen og ny rekord i forbrenning….

I dag nådde eg endeleg toppen på Hagafjellet og trafoen for 420 kV linja mellom Ørskog og Fardal. So de ser er det i overkant av 7,5 km ifrå meg og opp. I tillegg vart det ny rekord i antal forbrente kaloriar. Ei god økt dette. 

Det ligg framleis mykje snø att i fjellet og ein måtte vassa i snø ein ca 113 meter rett før ein kom opp. Sleit noko sinnsjukt med bringeverk på veg opp i dag, og det gjer verkeleg ilt når ein må trekka pusten djupt. Akkurat so om ein har eit eller anna drit so sler inn når ein har lungene på maksimal ekspansjon. Jækla irriterande iallefall.

Fekk eit flott bilete av Storehogen med Bleia i bakgrunnen óg. Ein litt anna vinkel enn turen til Hølsete forrige fredag. 

Tenkte eg skulle ha meg ei skikkeleg økt til denne veka. Og so køyrer me på med litt sunn mat, so blir alt heilt toppers. Fekk forøvrig følgje av 2 karar i sin beste alder på veg ned att. Begge er single og har pulsklokker.
 

Snakkast.

 

Laurdag 06.06.20 og ny veging….

Ja, dette har vore ei litt meir normal veke med berre 2 skikkelege treningsøkter og eit ganske normalt kosthald. Har ete både softis og heimalaga lappar med syltetøy sidan sist veging. Det vart i tillegg konsumert ein del øl under quizkvelden på Jacksagarden forrige laurdag, so heller ikkje er veldig bra med tanke på kaloriinntaket. Har ete Spaghetti og kjøtdeig til middag ein dag denne veka óg. Åt faktisk cornflakes med mjølk og sukker til kvelds ein gong óg. Det er vel det einaste eg har fått i meg av mjølk siste månaden. Men elles so har eg holdt meg til taffelvatn og vatn so det einaste eg har hatt i meg av det flytande. 

I dag viste vekta 107,7 kg. Det betyr at eg framleis er på ned og det er eg sjølvsagt strålande nøgd med. Trudde kanskje eg hadde lagt på det sama, eller kanskje gått litt opp denne veka, men det hadde eg altso ikkje. 

Det betyr samstundes at eg har gått ned over 10 kg på dei 2 siste månadane. Noko so er ei flott utvikling. Eg ventar eigentleg litt på når smellen kjem, men so lenge eg klarar å halde motivasjonen oppe og har folk rundt meg so dreg meg ut, so blir det litt lettare. Den største fella er jo meg sjølv og mit eige hovud. Og eg kjenner eg er veldig motivert endå. Har endå ikkje lagt vekk sigarettane, men det kjem. No skulle visst dette vere bra mot Covid-19 óg, ifølgje britiske og franske forskarar, og det gjer det jo ikkje lettare å legga dei vekk. Dyr medisin då…..

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg

Snakkast.

Ei god økt og noko attåt…

I kveld vart det ei god økt opp Slakken. Hadde med meg ein treningsviljug kamerat òg i dag. Det var faktisk han so drog meg med. Gjekk opp til 5.hårnålssvingen, ca 3,3 km frå botn av bakken. Neste gong er det snøfritt heilt opp. Såg i transformatorstasjonen i dag. Gjekk skikkeleg på i dag og hadde bra føter so det vart ei meget god økt.

Slike økter so dette er gull verdt for prosjektet mitt. Jamn stigning og same tempoet heile vegen. Og so forbrenn ein veldig mykje kaloriar på veg opp. Denne veka har eg ete ganske normalt. Koste meg med softis på mandag. Åt sveler til kvelds i går. Et litt mindre middag enn eg pleier og stort sett knekkis til lunsj. Går veldig bra. Har ikkje drukke mjølk denne veka.

Det var nokon so spurte i kommentarfeltet på Facebook om eg merkar noko forbetringar på kropp og helsa no når eg er ned over 20 kg. Først so vil eg sei at eg er i mykje betre form no enn når eg starta og trena for litt over 2 månadar sidan. Pusten er betre. Det er lettare å knyte skoa. Lettare å koma seg opp av senga. No står eg faktisk opp. Før so rulla eg likso ut på ein måte. Ufatteleg mange fotballdrakter so passar att. Det er vel det kjekkaste. Helseplagene mine er litt på vent no når me fekk ein smak av sommar. Har veldig lite og få symptom i juni, juli og august med varmare vær. Går framleis på medisin. Og so er det veldig artig å sjå nokre konturar av muskelatur i føtene att. Fotballeggane blir eg nok aldri kvitt. Og so kjem ein jo ikkje unna at ein får betre sjølvtillitt når eg får kompliment både på SoMe og der eg ferdast. Det er jo veldig kjekt. So takk skal de ha.

Og på laurdag er det ny veging. 

Snakkast.

 

 

Tusen takk.

Tusen takk til alle so har lest, delt og kommentert innlegget mitt so eg posta laurdag om Sogndal Fotball. Det er over 3500 unike lesarar av innlegget og responsen har vore utelukkande positiv. Tusen takk til alle. Legg ved bilete topplista frå miniblogg.no frå laurdag.

Og so må ein få gleda seg over at Sogndal slo Molde 2-1 på Aker Stadion i går. Det lovar godt inn mot seriestarten om vel ein månad. 

SNP