Vegen vidare for Sogndal Fotball.

I går kom nyhenda om at Eirik Bakke gir seg so trenar i Sogndal Fotball etter denne sesongen. Etter 7 sesongar var det eit gjensidig ønskje frå både Bakke sjølv og styret i Sogndal Fotball å avslutta arbeidsforholdet etter sesongen 2021.
So erstattar for Bakke er allereie Marius Lenni Bøe og Tore André Flo nemnd. Eg kan godt lansera Steffen Landro óg i den balloten. Eg har veldig sansen for Marius eg, og eg skjønar godt at Endre Romøren i Sogn Avis dreg fram han so den heitaste kandidaten. Men eg har eit ønskje om å få inn ein utanfrå med nye tankar og nye idéar, og so kan sjå ting med nye og andre auger. Men vel so viktig er det kva klubben føretek seg. 

No må klubben gjera nokre grep. No må klubben bestemma seg for korleis Sogndal Fotball skal sjå ut på bana i framtida. Kva fotball skal me spela? Kva formasjon skal me spela? Og kva trenar passar då inn i Sogndal-modellen? Rosenborg hadde ein gong eit årsmøtevedtak på at dei skulle spela i 4-3-3. Eg seier ikkje at ein skal gå so drastisk til verks, men nokre gode køyrereglar hadde vore på sin plass. No mot Ranheim var det berre 951 tilskodarar på kamp. Difor må me byrja å spela ein attraktiv fotball so folk likar for å få dei attende på tribunane. Og spelsystem og spelestil må forplantast i heile organisasjonen frå A-laget til Sogndal 2 og 3 og vidare til Junior og G15/17. 

Samstundes so skal styret på leit etter ein arvtakar etter Rasmus Mo då han har sagt opp frå 1.november viss eg ikkje hugsar heilt feil. Her blir det mest truleg konstituert ein person i stillinga til ny dagleg leiar er søkt etter og funnen. 

Det blir ein spennande haust att i Sogndal.

Snakkast.

 

 

 

Allmøte. Sogndal Fotball so kvalitetsklubb.

Eg var i kveld deltakar på det annonserte allmøte til Sogndal Fotball so kvalitetsklubb på Fosshaugane. Utanom dei so “måtte” vere der var det ca 10 frammøtte. Dette tykte eg var utruleg skuffande då det er eit stort engasjement hjå veldig mange so er knytt opp mot barne- og ungdomsfotballen i klubben. Det burde vore 5 gonger so mange. Minst. Her kjem det folk frå NFF sentralt, NFF Sogn og Fjordane og Ørjan Berg/Lars Jensen heilt i frå Glimt oppe i Bodø, og so møter det ikkje opp fleire? Det var flaut for klubben. 
Dei so møtte fekk iallefall høyra ein flott presentasjon frå Karin Berg Ørbeck frå NFF om kvalitetsklubb og kva det inneber. Det er eit flott verktøy for Sogndal so klubb og planen er at Sogndal skal verte sertifisert so Kvalitetsklubb i Februar 2022.  Dette gir veldig gode køyrereglar for alle i og rundt klubb for framtida. Me so toppklubb og ein av dei største breiddeklubbane i Sogn og Fjordane burde hatt dette på plass for lenge sidan. Me blir i dette tilfelle, viss alt går i orden, den 9.klubben i kretsen med denne sertifiseringa.
Ørjan Berg og Lars Jensen frå Bodø/Glimt holdt ein veldig interessant presentasjon om korleis dei hadde gjort det i Glimt. I frå eit rot utan like med null planar, foreldregrupper so krangla og ein skakkøyrt økonomi, til kvalitetsklubb og seriemeistarskap for senior i 2020. Meget flott formidlingsevne og lettfatteleg multimediashow.

Karin Berg Ørbeck frå NFF la fram resultata frå spørjeundersøkinga so vart sendt ut til alle i klubben frå 13 år og oppover. Det var forskjellige spørsmål til dei forskjellige gruppene trenarar, spelarar og føresette. Ein skulle rangera frå 0 til 6 der 0 var dårlegast og 6 best. Det var 286 stk so hadde besvart undersøkinga.

Funn og tendensar frå undersøkinga:

Trenarar
Eg kjenner godt til og følgjer klubbens sportsplan .                                                4,23
Klubben arrangerar trenarforum og samlingar for trenarar/lagleiarar i klubben.     4,08
Eg er stolt av å vere trenar i Sogndal Fotball.                                                         3,82
Klubben oppmuntrar trenarar til å ta trenarutdanning .                                           3,62
Eg opplever at barne- og ungdomsfotballen vert godt ivareteken.                          3,20
Eg føler meg inkludert og ivareteken i klubben .                                                     3,15
Eg tykkjer klubben lev opp til sin visjon og sine verdiar .                                        3,13
Eg tykkjer klubben er god på å involvera, informera 
og kommunisera med føresette.                                                                              2,88

Spelarar
Det er moro å spele fotball i Sogndal Fotball.                                                         4,79
Eg tykkjer trenarane er flinke til å involvera meg so spelar i trening og i kamp.     4,75
Eg føler meg so ein del av klubben.                                                                        4,38
Eg veit at klubben har ein plan for kva eg og mitt lag skal trene på.                       4,36
Eg tykkjer klubben har eit godt tilbod til alle.                                                           4,03
Eg føler at klubben ser meg og laget mitt.                                                              3,90
Eg ynskjer å spele for Sogndal når eg vert vaksen.                                                3,63

Foreldre/Føresette
Eg opplever at barne- og ungdomsfotballen vert godt ivareteken.                         3,53
Eg føler at mitt/mine born vert inkludert og godt ivareteken av klubben.                3,50
Eg tykkjer klubben har eit godt tilbod til alle.                                                           3,29
Eg opplever at klubben verdset initiativ og engasjement frå føresatte.                  3,23
Det er moro å vere føresett i Sogndal Fotball.                                                        3,16
Eg tykkjer klubben er god på å involvera, informera 
og kommunisera med føresette.                                                                             3,14
Eg opplever Sogndal Fotball so ein open klubb.                                                     2,94
Eg tykkjer klubben lev opp til sin visjon og sine verdiar.                                         2,88

 

Då er det berre og ønskje klubben lukke til med arbeidet.

Snakkast.