Norsk Fotball og framtida. Torer me å ta sjansen?

VAR går so ein farsott over heile Europa for tiden med blanda kjensler for veldig mange av oss fotballinteresserte. Her i Noreg skal dette vere på plass i Eliteserien frå sesongen 2023 når TV2 overtek rettigheitane for norsk toppfotball. Eg høyrer på argumenta om kvifor me her i vårt vesle samfunn skal innføra slikt i vårt seriespel. 
«Fotballen blir mye mer rettferdig». «Det er så viktig å få dette på plass da alle de store ligaene ute i Europa bruker dette». «Vi kan ikke gjøre vår liga mindre populær enn andre nasjoner». «Det blir vanskelig for våre lag ute i Europa å hevde seg fordi de er vant med VAR».  

Eg kjøper ikkje argumenta i det heile teke. Dette er det verste so kan skje fotballen vår på kort sikt, og på lang sikt. Og her har Noreg ein unik moglegheit til å bli anleis-landet. Eg meinar at med VAR so forsvinn alt det spontane og euforiske tribunelivet. Det blir ei avventande haldning på alle scoringar so ikkje er 100% bankers. Og kor mange scoringar er det? Vis meg den dødballscoringa so dommaren ikkje finn noko å blåsa på i feltet.  Publikum på stadion får problem med å skjøna avgjerdene pga dårleg storskjermdekning og «mangel på kommentator». Det beste er at folk sit heime slik at det er råd å skjøna kva so skjer. Fotball er i ferd med å bli eit TV-show so eg verken har lyst å sjå eller ta del i.

Fotballen blir ALDRI rettferdig. So lenge du har sjeikar, oligarkar, amerikanarar og teknisk konkursramma klubbar so framleis får holda på, so kan aldri fotballen bli rettferdig. Og so har du FIFA…..! Det er kun pengane so rår. Me kan ikkje samanlikna oss med dei store ligaane ute i Europa, men me kan bli ein av veldig få ligaar so ikkje innfører VAR. Fotballsupportarar over heile Europa hadde valfarta til Noreg for å oppleva den «ekte» fotballen. So pass mange følarar har eg der ute. Fotball-turisme hadde blitt ein ny fot å stå på for reiselivsnæringa i dette langstrakte landet. Det er eg 100% sikker på. Og kor stor er den synergieffekten av tilreisande turistar for lokalmiljøa?

Ein blir ikkje automatisk dårlegare fotballspelarar av å ikkje ha VAR i heimleg serie.  Ein ser uansett ein trend at klubbane ute i Europa snappar opp våre eigne talent når dei er 15-16-17 år gamle. Dei har 1000-vis av speidarar på alle landslagsturneringar i aldersfastlagde klassar. So det får ingen konsekvens for landslaga våre i framtida om me står utan VAR. Det får heller ikkje konsekvensar for talentarbeidet. 

Om det skal få nokre konsekvensar for norske lag so konkurrerar ute i Europa har eg veldig vanskeleg for å sjå. Men det er berre ein måte og finna det ut på. Og det er å lata vere å innføra VAR i Noreg. Det kjem til å drepa fotballen slik me kjenner den. Me snakkar om eit godt sjøldrap her.

Torer me i Noreg å ta sjansen på og sei NEI til var?

Snakkast.