Sogndal, eit haustlag? Og ny veging….

Ja, Sogndal tok 3 særs viktige poeng mot Jerv på onsdag, og allereie i morgon ventar det ein ny viktig kamp borte mot Strømmen. Kampen på onsdag var ei oppvising i sjanselsløseri og me burde vunne denne kampen med so klårt so 3-4 mål med normal utteljing. Det var kjekt med at ein no fekk inn 600 tilskodarar på kamp og det var veldig bra trøkk i Saftkokaradn.  No har me stilt klokka og mørkni kjem tidleg på dag. Det er noko eige med flomlyskampar på Fosshaugane. Set ei ekstra råme rundt det so skjer ute på matta. 

Fosshaugane sett frå krysset Øvre Olav Stedjeveg og Elvatunet

Med andreplass på tabellen so ligg alt i våre eigne hender med tanke på opprykk. Onsdag ventar Lillestrøm heima og den kampen kan bli ein sesongdefinerande kamp. Då håpar eg at Saftkokaradn klarar å gjenskapa same trøkken so sist no mot Jerv. Eg skal iallefall bidra med mitt. Elles so kom eg over dette bilete denne veka frå Fosshaugane. Og det var teke ei lita stund før me fekk flomlys. Nokon so vil prøva seg på eit årstal når bilete vart teke?

Fotograf: Leiv Bergum

Elles so vart det 2 økter denne veka. Slakken på torsdag og Herretrimmen i går. Kaldt ute no so det spørs om eg må krypa til korset og kjøpa meg eit medlemsskap oppe hjå Idrettssenteret. Køyra litt motbakkar på tredemølla og få trent dei store muskelgruppene. Betre å trena inne i varmen enn ute i kjølden.
Gjekk på ein kjempesmell på Storefjell forrige helg på matinntaket. Buffet til frukost, lunsj og middag er ikkje anbefalt for helsa. Men eg klarte å styra unna dessertbordet, so noko positivt var det no. Men eg hadde ikkje store forhåpningar til dagens veging, men vekta viste ikkje meir enn 91,8 kg, so då var det ikkje so gale likevel. 

Eg tenkjer at eg skal prøva å stabilisera meg på i overkant av 90 kg. Trur det kan vere sunt. Viss eg skal trena styrke no i vinter so treng ein jo byggjeklossar i form av energi til det. Og so lyt eg finna fram motivasjonen. Eg har ikkje satt mine føter i eit treningsrom på 20 år, so det kan no bli interessant.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg
24.10.20    91,1kg
31.10.20    91,8kg

Snakkast.

Snapchat: vadseth79
Instagram: vidarvadseth

 

 

Ny tur til legen…

I dag var eg ein tur til legen på oppsatt time. Eg følte det ikkje var noko virk i dei nye tablettane, so no er eg attende på Vimovo. Han skulle i tillegg senda henvisning på MR hjå Aleris i by’n og til revmatolog på Haukeland. Det betyr at før MR so må eg av medisin i 3-4 veker, so det skal no bli særs spennande. Forrige MR eg tok so gjekk eg på medisin, difor skal ein no sjå etter forandringar på bileta. Elles so tykkjer eg det kan bli greit at nokon andre auger får sett på meg. So får ein håpa at ein får nokre kloke svar.

Elles er det laurdag i morgon og ny veging. Har ikkje store forhåpningar. Gjekk på ein kjempesmell i buffeten på Storefjell forrige helg. Jøsses so mykje god mat. Det einaste positive var at ein styrte unna dessertane. Men inntaket var jo heilt hinsides av alt det andre. Og det har berre blitt 2 treningsøkter denne veka og kosthaldet har vore middels. So me får sjå i morgon tidleg. 

Snakkast.

Laurdag og ny veging

Ferdig med jobb på Feios Kyrkje. Vakkert. 21 meter stedling. 

Og so var det badevekta målt på fredag. 91,1kg. Nøgd med det.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg
24.10.20    91,1kg

 

God helg.

Snakkast.

 

I einsam majestet opp Slakken….

I kveld vart det ei veldig god økt opp Slakken. Sidan det er kome noko snø so visste eg at dette kom til å bli tungt, men du verda det gjorde godt etterpå. I starten såg eg mange spor oppover.

Det gjekk veldig greitt den første kilometeren då det var masse spor og ca 5 cm snø og slaps. Brukte faktisk berre litt over 10 minuttar på første kilometeren. Når eg passerte 2 km rett under hårsnålsvingen so ligg heilt ute til høgre so hadde eg passert 23 minuttar. Vart meir og meir snø, og det virka so dei fleste so hadde gått før meg i dag snudde her. Etter denne svingen var det berre ein so hadde gått før meg.

Då eg passerte 3 km so hadde eg brukt 36 minuttar og det byrja og bli skikkeleg tungt. Når eg kom opp i neste hårnålssving, so hadde personen eg gjekk i spora til snudd. No var det ca 25 cm med snø, men eg var ikkje inne på tanken å snu. Eg hadde med meg hovudlykt i lomma, men eg er heller ikkje skuggeredd.

So då vart det i einsam majestet siste 1,2 km i 25-30 cm snø og joggesko. Men med ullsokkar so går det greit, sjølv om ein blir kald på føtene. Etter god vabbing oppover so passerte eg bommen på 59 minuttar.

På toppen var det over 30 cm nysnø, so eg trur det skal bli ein bra snørik vinter i år óg. Kom meg opp på flata og fekk nett kvilt røvi på rekkverket mens eg trakka ned noko snø so eg fekk att varmen i føtene. Eg tok fram hovudlykta rett før bommen, so eg hadde godt lys. 

Dette vart ei veldig bra økt og ein går på ein litt annleis måte enn ved bar veg. God trening og litt variasjon gjer godt. Og so alltid god musikk på øyra. Rush in Rio. Blir ikkje lei den plata. 

Det var alt for denne gong. 

Snakkast

Snapchat: vadseth79
Instagram: vidarvadseth

Eit varsla tap…..

Sogndal rauk i dag 1-2 borte mot Raufoss. Når eg såg startoppstillinga og rokkeringane so var gjort so frykta eg eit tap i denne kampen. Det er ikkje slik at ein rullerte på laget for å spara spelarar, men måtte gjere grep pga skadar i troppen og laget. 
Sogndal starta med Van der Spa, Ogbu og Totland so dei 3 midtstoggarane. A.Hoven var venstre vingback og Daniel Eid var høgre vingback. Allereie her er det kjempeproblem med lite relasjonar på folk so har spelt mykje i lag. Eid har spelt godt i hop med Kryger, men no var Kryger ute. Totland har spelt godt so vingback i lag med Roseth, so stoggar, men no var Totland stoggar og hadde fått A.Hoven på vingbacken.

På midten spelte Blårud og Mannsverk, og dei kjenner kvarandre godt. Men framføre seg so hadde dei ein nykomponert trio i form av K.Hoven. Michael og Sundberg. Dei 3 sistnemnde har aldri spelt i lag før. Då blir det vanskeleg at det skal klaffa i første kamp. 
Når ein i tillegg gir vekk 2 mål i 1.omgang so blir det særs tøft å få med seg poeng. 
Trenarteamet hadde plukka ut dei 11 so dei meinte stod best til å få med seg 3 poeng frå Raufoss, men 5 byter undervegs vitnar om at dei hadde bomma litt på laguttaket denne gongen. No skal eg ikkje svartmåla alt då dei var nøydde å komponera eit nytt lag pga skadesituasjonen, men eg har advart mot veldig rokering og byte av posisjonar før. Kunne ikkje Solberg fått sjansen so midtstoggar, og Totland fått fortsett i sin vante posisjon? Då hadde ein fått flytta opp A.Hoven so venstre angripar i sin vante posisjon. Solberg er veldig trygg med ball og farleg på dødball. Michael kunne vore benka etter slett innsats sist, og Hoven, Hoven og Sundberg kunne utgjort trioen på topp.

Neste kamp er borte mot Ham-Kam. Då må det bli 3 poeng. Bonus i dag er at Tromsø kasta vekk 2 poeng heime mot KFUM. SNP.

Snakkast. 

 

 

 

Laurdag og den første nedturen…

Ja, ny laurdag og ny veging. Denne veka var kosthaldet dårleg. Kom ikkje skikkeleg i gong med veka før på onsdag, då det vart alt for mykje digg forrige laurdag, og tur til Førde med gutungen på sjukehus tysdag med påfølgjande kafèbesøk og både kakestykke og wienerbrød. Ein skal jo ha tid til å kosa seg óg. 
Det vart ein tur på Slakken tysdag og der vart det sanneleg ny rekord utan at eg prøvde på det. 39.42 klokka eg inn på. Eg kjøpte meg ei ny treningsbuksa her forrige helg med slik stretch i. Eg må ha fått ein enorm gevinst opp bakkane med den broki.

So vart det ein tur på Herretrimmen i går kveld, og då vart det berre 2 økter denne veka. Men ein kjenner jo at formen byrjar å bli mykje betre og so tenkjer eg at det er viktig å kvila ein dag mellom kvar økt, elles so går ein rett i kjellaren. 

Eg ligg framleis i kategorien “overvektig” på BMI-skalaen. Men det var ein so skreiv på facebook’en at viss midjemålet ditt var under halvparten av høgdi di so var du innafor normalen. Eg er 187 cm høg og midjemålet mitt er 92 cm, so då snik eg meg akkurat innafor. Kjøpte forøvrig 3 nye T-skjorter på Dressmann på torsdag. Måtte ha nokon i vanlege T-skjorter i einsfarge, so då vart det kvit, svart og koksgrå. Tykte dei var noko store i størrelse so det vart str.M på meg og det passa.

So var det opp på badevekta i dag då. Det vart, so eg nesten hadde rekna med, ein nedtur. Den viste i dag 92,0kg og det er opp 300 gram frå forrige laurdag.

No har eg gått og venta på denne nedturen eigentleg sidan tidleg i vår, og att den ikkje kom før i midten av oktober er eg eigentleg veldig stolt over. Men det betyr samstundes at inntaket har vore høgare enn forbruket den siste veka og det må me korrigera. No vart det nokre lange dagar på jobb denne veka, slik at det bryt litt med rutinane mine for inntak av mat. Når det blir middag i 18-tiden i stadenfor 16-tiden so er ein veldig svolten og et litt for mykje enn ein hadde tenkt. Men dette skal eg få retta på. Kan bli fleire lange dagar på jobb denne veka. Og då kan ein justera litt.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg

God helg til alle mine lesarar.

Snakkast.

Snapchat: vadseth79
Instagram: vidarvadseth

 

 

 

No byrjar det å bli kaldt…

Ja, no har verkeleg hausten satt inn her og med utearbeid so er det på med stillongsen, buff og hua. Minusgrader på morgonen og skraping av bilvindaugene. 
Sat og tenkte på det her i går at ein burde kanskje byta til vinterdekk snart på bilen. Kan vere småglatt på sidevegane no tidleg på morgonen. So slo det meg at viss eg byter no, so skal eg køyra halve oktober, november, desember, januar, februar, mars og halve april på vinterdekk. Det er jo brenne meg eit halvt år det. Jøjemeg. Det er altfor kaldt i dette landet.

Byrja på ny medisin mandag, so er på 4.dagen no. Merkar ikkje nokon skilnad endå. Magen er iallefall heilt fin, so det virkar so eg toler den greitt. 

Snakkast.

Celecoxib Medical Valley 200mg

Ja, då er det dag 2 med denne medisinen. Tek 1 tablett om dagen. Altso 200mg. Las igjennom innhaldslista på denne i går kveld. Jøsses med bivirkningar. 

Frå Felleskatalogen:
“Hvordan du bruker Celecoxib Medical Valley

Bruk alltid dette legemidlet nøyaktig slik legen din eller apoteket har fortalt deg. Kontakt lege eller apotek hvis du er usikker.

Den anbefalte dosen er:

Ved artrose er den anbefalte dosen 200 mg daglig, som kan økes til maksimalt 400 mg om legen mener det er nødvendig.
Den vanlig dosen er:

én 200 mg kapsel én gang daglig, eller

én 100 mg kapsel to ganger daglig

Ved revmatoid artritt er den anbefalte dosen 200 mg daglig, som kan økes til maksimalt 400 mg om legen mener det er nødvendig.
Den vanlig dosen er:

én 100 mg kapsel to ganger daglig

Ved ankyloserende spondylitt er den anbefalte dosen 200 mg daglig, som kan økes til maksimalt 400 mg om legen mener det er nødvendig.
Den vanlig dosen er:

én 200 mg kapsel én gang daglig, eller

én 100 mg kapsel to ganger daglig

Siden risikoen for bivirkninger assosiert med hjerteproblemer kan øke med høyere dose og lengre varighet, er det viktig at du bruker den lavest mulige dosen som er nødvendig for å kontrollere smerten. Du bør ikke bruke Celecoxib Medical Valley lenger enn nødvendig for å kontrollere symptomene.

Du skal ikke ta mer enn 400 mg per dag.

Svært vanlige bivirkninger: kan forekomme hos flere enn 1 av 10 personer

Høyt blodtrykk, inkludert forverring av allerede høyt blodtrykk*

Vanlige bivirkninger: kan forekomme hos opptil 1 av 10 personer

Hjerteinfarkt*

Væskeansamling som kan gi hevelse i ankler, bein og/eller hender

Urinveisinfeksjoner

Kortpustethet*, sinusitt (bihulebetennelse, infeksjon i bihulene, blokkerte eller smertefulle bihuler), tett eller rennende nese, sår hals, hoste, forkjølelse, influensalignende symptomer

Svimmelhet, søvnvansker

Oppkast*, magesmerter, diaré, fordøyelsesvansker, luft i magen

Utslett, kløe

Muskelstivhet

Svelgeproblemer*

Hodepine

Kvalme

Leddsmerter

Forverring av eksisterende allergier

Tilfeldig skade

Mindre vanlige bivirkninger: kan forekomme hos opptil 1 av 100 personer

Slag*

Hjertesvikt, hjertebank (kjenner hjertet slå), hurtig hjerterytme

Unormale blodprøver som angir leverfunksjon

Unormale blodprøver som angir nyrefunksjon

Blodmangel (endringer i røde blodceller som kan gjøre deg utmattet og andpusten)

Angst, depresjon, tretthet, døsighet, stikkende og prikkende følelse i huden

Høyt kaliumnivå i blodet, vist ved blodprøve (kan gi kvalme, utmattelse, muskelsvakhet eller hjertebank

Nedsatt syn eller tåkesyn, øresus, smerte i munnen og munnsår, nedsatt hørsel*

Forstoppelse, raping, betennelse i magen (fordøyelsesvansker, magesmerter eller oppkast), forverring av betennelse i mage eller tarm

Leggkramper

Hevet, kløende utslett (elveblest)

Øyebetennelse

Pustevansker

Misfarget hud (blåmerker)

Brystsmerter (generelle smerter ikke relatert til hjertet)

Hevelse i ansikt”

Vanleg bivirkning er altso hjarteinfarkt. So viss eg stryke med so veit de kvifor. Men eg ser jo at mange av dei vanlege bivirkningane er problem eg allereie har. Vanskeleg å skilla mellom symptoma då…….

Snakkast.

Eitt poeng er betre enn null……

Øyvind Heimset Larsen og Sindre Myrvang med kvar sitt flagg ved innsmarsj.

Sogndal spelte i dag 1-1 mot serieleiar Tromsø heima på Fosshaugane. Kampen vart prega av 2 lag so ikkje hadde lyst å tapa og 1.omgang var særs sjansefattig. Tromsø scora på sin einaste sjanse i omgangen etter vél halvtimen spelt. Igoh Ogbu vart grundig lurt av spissen til Tromsø, og han gjorde jobben med å setta ballen i lengste hjørnet etter å ha kome seg fri til høgre i 16-meteren. I forkant av målet so meinar eg at Renze Fij bør koma ut å måka ballen opp på tribuna når gjennomspelet kjem. Då er keeperen på 16-meteren, istaden blir han passiv og ryggar inn på streken. Han er ikkje i nærleiken av å ta avslutninga når den kjem. Viss han hadde vore litt offensiv i hovudet so hadde han kunne avverga heile situasjonen.
Utlikninga til Sogndal kom 10 minuttar før slutt når Mathias Blårud fekk frispark og Tomas Kristoffersen var servitør. Godt slått frispark og Igoh Ogbu får pannebrasken på ballen i ei mølja av folk framføre mål. 
Ekstra kjekt i dag var at lokalgut Mathias Sundberg fekk debuten sin med nokre minuttar på tampen for Sogndal. Også ein annan lokalgut, Eivind Helgesen, fekk mange minuttar so innbytar for Tomas Totland på venstre vingback. Han gjorde sakene sine bra. 

I dag såg ein verkeleg saknet av Endre Kupen på topp. Frå start i dag spelte Peter Godly Michael, nysigneringa frå Vålerengens IF. Han var veldig lite bevegeleg og fungerte ikkje so eit 1.pressledd i det heile. Då blir jobben for midtbana til Sogndal mykje tyngre når motstandaren til stadigheit får spela seg fram gjennom midten av di midtspissen ikkje legg ned ein betydeleg innsats. Offensivt var han lite spelbar og stasjonær, og ville helst ha ball på fot. Han gjekk lite på løp og difor skapte han lite rom for sine medspelarar. Med Kupen der framme, so alltid er bevegeleg, so har du ein forbanna kveps so er ei mara for kvar midtstoggar slik at dei aldri får ro med ballen. Eg skal sjølvsagt gi han ein del kampar før han kjem inn i måten me spelar fotball på, men eg vart ikkje imponert over innsatsen han la ned i dag. 
Ut i 2.omgang når Peter Godly Michael og Badou blir bytta ut, so spelar faktisk Mathias Blårud midtspiss. Han flyttar iallefall føtene slik at me igjen får eit aktivt 1.pressledd når me skal jakta utlikninga. Det er Mathias so skaffar frisparket so me scorar på når han er først på eit oppspel langs bakken, før han blir teken.
Bestemannspremien i dag den går til Martin Ove Roseth. Solid stoggarspel, trygg med ball og gode initiativ offensivt. 

Neste kamp er ei tøff nøtt borte mot Raufoss laurdag kl.15.30. SNP.

Snakkast.

 

 

9 dagar utan medisin….

I dag er det 9 dagar sidan eg slutta på medisin. Var til doktoren forrige fredag og då vart me einige om å prøva ei veka utan. Måtte ta ein del blodprøvar og avføringsprøvar då eg hadde blod i avføringa mi so eg oppdaga litt tilfeldig. Då gjekk eg på Brufen Retard. Var til kontroll att fredag og blodprøvane såg meget bra ut, men eg hadde hemoglobin i avføringsprøvane mine, men ikkje den so vart teken sist. Legen hadde ein mistanke om at eg hadde ein betennelse i nederste del av tarmen sidan blodet i avføringa var veldig raudt. Hadde det vore pga eit eventuelt magesår pga medisinen so hadde blodet vore nesten svart pga lang transportveg ut i dagen. Legen fortalte at betennelse i tarmen var veldig vanleg ved autoimmun sjukdom, og at dette heng i hop med alt anna so plagar meg. Hadde i tillegg betennelse i begge øyrene etter det so byrja so verk i kjevane. So eg fekk noko øyredråpar til dette. Det såg allereie betre ut på kontrollen no. Kven får øyrebetennelse i vaksen alder?
Merkar godt på ledda at eg ikkje har teke medisin på over ei veke. Kjenner på tennisalbogane, verk i skuldrane og er veldig stiv i ryggen og kroppen når eg vaknar om morgonen. Ein skal vel vere glad ein vaknar? Sømnen er ikkje noko betre heller, so det går no so der. 
Er blitt satt på ny medisin, Celebra, so eg skal prøva i 3 veker før ny kontroll hjå lege. Skal henta den på apoteket i morgon. Dette er kva felleskatalogen skriv om medisinen:

“Medisinen Celebra brukes hos voksne for å lindre symptomer ved revmatoid artritt, artrose eller Bechterew (en revmatisk ryggsykdom). Celebra tilhører en gruppe legemidler som kalles ikke-steroide anti-inflammatoriske legemidler (NSAID), og mer spesifikt til en undergruppe kjent som syklooksygenase-2 (COX-2)-hemmere.”

I morgon er det ei ny økt hjå fysioterapeut. So får me sjå kva me kan finna ut der. 

Snakkast.