Bygdi drep klubben?

Dette innlegget kjem sikkert til å såra nokon, og mest truleg kjem det til å skada meg sjølv so person. Men eg er berre nøydd å få lufta desse tankane og meiningane. 

Forrige fredag var det ein artikkel i Sogn Avis der Rolf Navarsete er verkeleg bekymra for framtida til klubben. Han seier at det er berre eit spørsmål om tid før Sogndal er ein lokal klubb i 3.divisjon og at me er ein toppklubb på lånt tid. Han legg den største skulda på at det blir so mange kræsj med foreldre og familie, og kanskje heile grender, til ungdomar so ikkje får sjansen på A-laget. Og når det blir 50-100 slike dømer på ein 20-års periode, så er det ikkje lett å framleis tora å tenkja at ein skal vera på eit nivå som er unaturleg for ein klubb frå bygdi.
Det Rolf meiner her er vel at det er veldig sterke foreldregrupper i den aldersfastlagde fotballen i Sogndal. Og det kan han ha rett i, men eg tenkjer at dette ikkje kan vere nok til å velte Sogndal so toppklubb. Her må det ligge noko meir bak.

Ingen kan ta ifrå Rolf og Svein og alle dei fantastiske folki dei hadde rundt seg for den fantastiske jobben dei har gjort for å få Sogndal til der me er i dag. Rolf hadde ikkje klart dette åleine. Heile bygda var engasjert. Alle stod saman og drog i same retning med Rolf og Svein med ei hand på rattet kvar. 

Det har vore kjent i bygdi i veldig mange år at gjengen på Fosshaugane blir kalla Gutteklubben Grei. Det er veldig mykje kameratskap og alle kjenner alle, og dei har i tillegg mykje samsudl privat. Og so har det vokse fram ein kultur at enten er du med oss, eller so er du mot oss. Eg har ei svak kjensle av at Rolf har styrt Sogndal Fotball med stø hand dei siste åra, sjølv om han ikkje har vore tilknytt verken so ansatt eller i styret. Han er ein samtalepartnar for mange i klubben, ifølgje avisa.
Eirik Bakke var ute i fjor etter 4-0 sigeren heime mot Jerv og trua med å slutta so trenar viss det var so laber oppslutning, interesse og likegyldigheit. Han klaga også på negativitet og sutring i retning laget. Sogndølene er ein gjeng so er sutrete. Då kan ein vel konkludera med at Eirik er eit resultat av bygdi. Han sutrar han óg. Men kvifor er det laber interesse og dårleg oppslutnad rundt laget sine kampar? 
Eg òg kjenner på at det er veldig mange so ikkje likar Sogndal Fotball i Sogndal. Når tidlegare lagkameratar av både Rolf og Eirik ikkje går på kamp so kan ein byrja å lura kva so eigentleg skjer. Har det noko med korleis klubben blir drifta administrativt? Er det sport folk ikkje er nøgde med? Eller er det rett og slett samansett av veldig mange faktorar? Ein treng heller ikkje på død og liv ansetta kameratar og vener over ein låg sko. Og av og til lurar folk på om ein leikar stolleiken på Fosshaugane. Og når ein jobbar med mange kameratar og vener so vernar ein ofte om kvarandre. Slik er me menneske skrudd i saman. 
Noko eg har merka meg dei siste åra er at når eg har vore kritisk til Sogndal Fotball og nytta meg av sosiale media, so har responsen vore laber i SoMe. Men når ein møter folk på butikken eller i Sognahallen, so seier folk det direkte til meg at det var eit veldig bra innlegg du skreiv på Facebook hin dagen, men eg torer ikkje trykka “Liker” på innlegget. Kvifor gjer ikkje folk det? Er dei redde for Rolf og gjengen? Er det for og ikkje hamna på “utsida” og ikkje vere ein del av “eliten”? Eg beklagar, men her kjem den ukulturen til syne gjennom “enten so er du med oss, eller so er du mot oss.”

Sogndal Fotball har “Inkluderande” so 1 av sine 4 kjerneverdiar. Frametter 2000-talet og 2010-talet er det veldig mange av dei friviljuge so har slutta i klubben. Eg har snakka med mange av dei. Mange av dei opplevde å få kjeft på dugnad når ein stilte opp gratis. Konstruktiv kritikk toler alle, men fleire av dei opplevde det so so ubehageleg at dei ikkje ville vere ein del av dette. No tenkjer du kanskje at eg sit og diktar opp historiar, men det er ikkje sanninga. Mange av dei eldre trufaste friviljuge vart før ein sesong ikkje kontakta om dei ville vere med neste år. Dei vart plutseleg sett på sidelina utan so mykje so eit klapp på skuldra. Då snakkar du om folk so har vore friviljug i 20-30 år. Folk so jobbar dugnad før kamp gjer jobben sin og går heim når kampen byrjar. Kvifor gjer dei det? Inkluderande? Usikker.

Eg har lenge ønskt å få til eit ope møte der Sogndal Fotball inviterar alle so har interesse av det til å koma, og med open mikrofon. For eg meinar at me heilt klart må klargjera lufta og få vekk masse grums so ligg i farvatnet vårt. Eg gjorde eit forsøk pr.SMS med styreleiar og dagleg leiar attende i 2017. Og pr.mail med styreleiar og dagleg leiar i fjor. Diverre har ikkje dette funne sin plass i kalendaren, noko eg tykkjer er særs trist. Her ser eg berre moglegheiter, og det burde vore i Sogndal Fotball si interesse å få arrangert eit slikt ope møte minimum 1 gong pr. år. Årsmøtet er ikkje ein slik arena.
Når eg spelte inn forslaget mitt til årsmøtet i 2018 trødde eg antakeleg mange på tærne. Sogndal Fotball er eit allianseidrettslag med Sogndal Idrettslag. Det viste seg at det var null dialog mellom gruppene. Eg tenkte dette måtte vere vinn-vinn for bygdi. Eg var i 2 møter i forkant av årsmøtet med styreleiar. Det første møtet var om kva tankar eg hadde for å senda inn forslaget og det andre møtet var vel meir for å få meg til å trekka forslaget. Eg lot det stå til årsmøtet før eg trakk forslaget. Det so var kjekt å sjå var at det var veldig folksomt på årsmøtet, trur det vart mobilisert, og at det vart direktesendt hjå Sogn Avis. Uansett so vart det sett ned ei arbeidsgruppa på tvers av gruppene på årsmøtet. 2 frå styret i Sogndal Idrettslag Fotball og 2 frå styret i Sogndal Idrettslag. Dialog oppretta. 
Eg sjølv vart idioterklært av fleire i det rommet. Det er eg heilt sikker på, men det lev eg fint med. Eg vil kun det beste for klubben. Det skal det ikkje vere nokon tvil om.

Eg kjem heller ikkje unna logosaka frå 2005/06. Her vart det brent mange bruer. Heile prosessen var feil frå ende til annan. I følgje vedtekter til gruppene so er det Sogndal Fotball so forpliktar seg til å følgja hovudlaget sin logo, og ikkje motsatt. Det vart bestemt på eit styremøte i Sogndal Fotball at det skulle bytast logo for at den nye skulle vere lettare å framstilla grafisk. Alt vart feil frå ende til annan og Sogndal Idrettslag valgte å følgja Sogndal Fotball i logosaka. Hadde Sogndal Idrettslag sagt nei, so hadde Sogndal Fotball måtte nytta den gamle logoen so fins 1000-vis av på pokalar rundt i heimane i heile bygdi. Og kvar i helsike kom det gule frå? Gledar meg forøvrig til 2026-sesongen. Då skal Sogndal spela i gamlelogoen att. 100-års jubileum, må vita.

So har du Reguleringsplan Fosshaugane. Populært. Planen set ikkje Sogndal Fotball i eit betre lys. Folk likar ikkje å få ting tredd nedover hovudet.

Nominasjonsmøte i Sogndal Arbeidarparti på Villmarka, Leikanger. Det kom ikkje Sogndal Fotball spesielt godt ut av. Det var visst eit meget spesielt møte etter det eg har skjøna.

Når småsponsorane plutsleg ikkje var gode nok, og det minste ein kunne sponsa med var 50.000 kroner. Bli med på laget. Var mange små bedrifter so var misnøgde med den biten, og so ikkje hadde råd å vere med, men so ønskja å vere med. 

Og so har ein den evinnelege kampen mellom aldersbestemt og toppfotballsatsinga. Det var ei sak i fjor der A-laget ikkje fekk trent når dei ønskja pga ei aldersbestemt turnering på Fosshaugane og i Sognahallen. Det var ledig på Kvåle Stadion heile dagen. Det var ei tid då A-laget trente på Hafslo heile sumaren. Er me so bortskjemde?

Dette er eit knippe saker so Sogndal Fotball har løyst veldig dårleg og so skapar ringverknaden av korleis folk opplever oss so klubb. Eg vél og omtala klubben so oss for eg føler meg ein del av dette.

Men det so må vere heva over ein kvar tvil er at ein ikkje må sitta inne i bobla si på Fosshaugane og tru at ting ordnar seg av seg sjølv. For det gjer det ikkje. Ein kan endeleg gå ut i avisene og sutra over manglande interesse og likegyldigheit, men lytt til bygdi. Tillitt kjem ikkje rekande på ei fjøl.

Nokre forslag til løysingar.
Styreleiar skal godtgjerast 20% og setta av 1 dag i veka for å koma tettare på klubben og den daglege drifta.
Sogndal Fotball må nytta seg av ein medierådgivar. 
Få Ope Møte inn på kalendaren. Ein glimrande arena for alle so bryr seg om Sogndal Fotball. Dette fungerar godt i andre klubbar, kvifor skulle ikkje me få til det òg?
Ver ærlege og spel med opne kort. Ærleg er ein av kjerneverdiane det óg.
Sjå på om det er lurt å ha same styra i Sogndal Idrettslag Fotball og Sogndal Fotball AS.
Relansera 2 av kjerneverdiane, Inkluderande og Ærleg.

Eg likte forøvrig svara til Rasmus i oppfølgingssaka i Sogn Avis. Han er mykje meir optimistisk med tanke på framtida enn Rolf. Og eg gledar meg til Rasmus får starta å jobba skikkeleg. No fekk han nedskjæringar og Coronaviruset tredd nedover øyrene so det er ingen dagar på Fosshaugane so har vore normale etter han tok sjefsstolen.

Eg trur ikkje det blir bygdi so drep klubben, men heller klubben so drep seg sjølv. Og den prosessen kan ein, so Rolf seier, allereie vere godt inne i. 

Stao no pao!

 

 

 

Laurdag 30.05.20 og ny veging….

Då har ein vore på badevekti att. Og i dag viste vekti 108,1 kg!!! Det er eg særs nøgd med. Då kan ein kosa seg litt ekstra i kveld. 20 kg ned sidan nyttår. Woohoo.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg

Nok ein ny rekord….

I dag gjorde eg noko anleis. Eg tok turen til Hølsete over Skjeldestad og Kvåle. 

Beklagar ansiktutrykket mitt, men gjekk på ein skikkeleg Jørgen Brink i siste bakken. Fekk det so jækligt i låra. Var heilt på felgen. Hadde jo 7 km i føtene før siste kneika, so eg frykta eg kom til å gå på ein smell der. Men eg kom meg opp. Nøgd med det. På vegen ned att tok eg eit flott bilete av Storehogen med Bleia i bakgrunn.

Fekk skikkeleg bra utbyte av turen i dag og det vart ny rekord i brende kaloriar. Måtte innom søstra på veg heim fordi eg var veldig tørst. Vart skikkeleg kamel i kjeften. Under ser de dagens økt.

Og i morgon er det veging.

Snakkast.

 

Ny rekord….

Då er ein ferdig i dusjen og har fått seg noko varmt i koppen etter kveldens treningsøkt. Sidan snøen smeltar meir og meir i fjellet no, so kom eg meg endå høgare opp mot Trafostasjonen på Hagafjellet i kveld. Kom meg opp på 488 moh og so sette eg ny rekord i antal brende kaloriar med 1755 kcal.

Her ser de løypeprofilen frå meg og fram.

So det vart ei bra økt i dag. Har ete veldig sunt denne veka også sidan eg skal i eit sosialt lag på laurdag, og då hadde eg tenkt og kosa meg skikkeleg, so då køyrer me på med sunn mat og gode økter i vekedagane. Har hatt salat med kylling til lunsj i dag og omelett med pølser, ost, paprika og tomater til middag. Blir eit par knekkebrød til kvelds. Det vart det i går óg, men då var det grilla kyllingfiletar til middag med salat og grilla sopp og mais. So då brukte eg leftovers til lunsj i dag.

Eg kjøpte jo meg nye joggesko når eg byrja på denne livsstilsendringa, men eg vurderar å kjøpa meg eit nytt par ganske snart. Dei eg har byrjar allereie å bli ganske slitt. Det er sikkert vekta mi so gjer det at dei blir fort utslitne.

Slik ser skoa ut etter knappe 2 månader med mosjon på asfalt(2/3-del) og grus(1/3-del). Eg har snakka med folk so mosjonerar so skryt veldig av Hoka-sko so dei fører på Erling Fardal Sport. Eg har faktisk vore og prøvd eit par slike der nede. 

Er det nokon so har erfaring eller anbefalingar for kva sko ein godt vaksen mann på 110 kg treng? Denne skoen so eg prøvde passa iallefall godt. Viss nokon har andre anbefalingar av type sko og merke, so vert dette motteke med takk.

Snakkast.

 

 

Anleggsvegen til Hagafjellet….

Det vart ein tur opp anleggsvegen til Hagafjellet i går kveld. No er det snøfritt ca, 2,5 km opp vegen. Det hadde smelta mykje snø sidan torsdag, og med dei temperaturane so er meldt framover so er det snart snøfritt heilt opp. Litt bileter frå turen vart det óg.

Elles so vart det ein tur til Tylden med ein kamerat på laurdagen, mens eg gjekk åleina med tankane mine i går. Søndagen gjekk eg på ein skikkeleg Kinasmell då me tok den enkle middagen og bestilte take-away frå Malin. Ingenting so sler Biff i Sichuansaus. Jøsses so godt det er. Hadde ikkje smakt det sidan 14.januar. 

Ute i fotballverda so signerte Sogndal Endre Kupen frå Glimt i Bodø i går. Det kan visa seg å vera ei solid forsterking. Han går sjølvsagt rett inn i startoppstillinga so eg la ut her hin dagen. Då ryk Badou ut på benken og Brændsrød opp på tribuna.
So kanskje interessa for Sogndal i Nordfjord tek seg opp etter denne signeringa? Eg håpar iallefall det. Endre er iallefall hjarteleg velkomen med familien sin til Sogndal.

 

Snakkast.

 

Laurdag 23.05.20 og ny veging….

Ja, då var nok ein laurdag her og kroppen var klar for ny veging. Sidan forrige veging vart det 2 turar på Brandsøyåsen, ein tur på Tylden mandag og ein langtur opp Slakken og til Tylden torsdag. Kosthaldet har vore nokolunde bra heile veka. Gjekk sjølvsagt på ein rømmagrautsmell på 17.mai, men litt må ein kosa seg óg. Ein kan ikkje bli heilt fanatisk. Ein må ha energi til å trena óg. Har ete stort sett knekkebrød til lunsj denne veka. Grilling har det blitt óg. Fajitas til middag og no var plutseleg fredagstacoen attende på programmet. 
Til dei so trur at grilling er usunn mat, tek iallefall fullstendig feil. Trikset er og ikkje hiva alt for mykje på grillen. Og eg sløyfer potetsalaten og lagar heller ekstra mykje salat. Det kan du eta enorme mengder av utan at kroppen din legg det på botnlinja. 
Har drukke stort sett taffelvatn heile veka, men kjøpte meg ei flaska Solo Super her hin dagen. 

So i dag viste badevekta 109,7 kg noko eg er kjempenøgd med. Det betyr at eg er ned over 18 kg sidan eg starta.

110kg-grensa vart difor broten, og me kan sikta oss inn på neste mål, so er den magiske 100kg-grensa. Det blir knallhardt, men me prøver.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg

 

Snakkast.

Seriestarten nærmar seg…..

…., og eg har sett litt på kva lag Sogndal kjem til å starta med.

Her er sjølvsagt eit forbehold om at alle er skadefrie. I og med at dei ikkje har fått trent kontaktfotball sidan 12.mars, so er det vanskeleg å vurdera kven so har teke store steg i vinter. Men eg prøver meg likevel. 

Sogndal kjem nok til å spela mykje 3-5-2 i år i mangel på venstrefotarar i stallen. 

Keeper: Renze Fij
Årets keeper i OBOS-ligaen 2019 er eit udiskutabelt førsteval mellom stengene på Fosshaugane. Reservekeeper Hetle er berre 17 år endå, men kan fort banke på døra om eit år eller 2 viss han framleis utviklar seg i same takt so han har gjort til no.
Renze Fij blir ein referansespelar hjå oss, og skal vere ein del av ei solid sentrallinja.

Midtstoggar: Igoh Ogbu
Sogndal har forlenga låneavtalen med Rosenborg på Igoh ut 2020-sesongen. I tillegg er det framforhandla ein opsjon på kjøp viss det skulle bli aktuelt. Noko eg meinar heilt klart Sogndal bør nytte seg av. Igoh er den beste midtstoggaren i troppen og eit førsteval blant dei 3 bak.

Midtstoggar: Stefan Antonijevic
Amerikanaren med sine 198cm på labbalesten er ein viktig spelar når han er skadefri. Utruleg viktig mann i begge boksar med høgda si og hovudspelet. Ikkje den beste med ball, men blir nok viktig når me blir spelt djupe. Blir foretrukken framføre Axel Kryger.

Midtstoggar: Eirik Lereng
Årdølen spelte seg til fast plass i fjor og viste at han fortente plassen. Sogndal hadde ein nesten uverkeleg statistikk i lite baklengs når Lereng var på bana. Viste stor ro med ball, og blir den av dei 3 bak so kjem til å bli nytta mest i oppspelsfasen pga sin stabile pasningsfot.

Høgre Vingback: Daniel Eid
Høddaren kom til Sogndal i vinter og blir forventa at han går rett inn i start-11’aren. Likar å utfordra på høgrekant og koma til innlegg. Kjem med sitt temperament til å setta fyr på lagkameratane og er ein altoppfordrande spelar so gir alt, alltid. Ein spelar eg reknar med kjem til å ta nye steg i den kvite og svarte drakti. Vinnarskalle.

Venstre Vingback: Tomas Totland
Me kjenner Tomas godt etter debuten i 2018. Dette blir hans 3.sesong på laget og 4. år i Sogndal. Eg er ikkje fan av å ha høgrefota spelarar i venstre posisjonar, men stoda i Sogndal er den at me har manko på venstrefotarar. Tomas har spelt i denne posisjonen før, og han meistrar den særs godt. Blir valgt framføre Andreas Hoven på grunn av betre defensive kvalitetar.

Midtbane: Mathias Blårud
Nysigneringa frå Strømmen kjem til å vere balansespelaren på Sogndal si midtbane i år. Terrier og ballvinnar, og skal prøva å vinna flest mogleg 2.ballar rundt dei 2 andre på midten. Ikkje ha forventningar om ein ny Badji eller Sarr, men la guten bli varm i trøya so kjem spelet etter kvart. Hugs at ingen av dei 2 nemnde gjorde ein umiddelbar skilnad når dei kom til Sogndal. 

Midtbane: Tomas Kristoffersen
Tomas kom til Sogndal frå Tromsdalen før 2019-sesongen. Sleit me skadar i byrjinga og kom likso ikkje heilt i gong i fjor. Er den spelaren med best dødballfot i stallen, og blir i so måte ein viktig spelar i alle faste situasjonar på motstandaren sin banehalvleik. Er i lag med Sivert den so skal stå for kreativiteten på midten i det offensive spelet. 

Midtbane: Sivert Mannsverk
Årdølen skal i år spela med nummer 7 på ryggen. Det forpliktar. Med signeringa av Blårud so kjem Sivert til å få endå friare spelerom i det offensive spelet til Sogndal. Signerte ny kontrakt i vinter so gjeld ut 2022-sesongen. Guten er berre 18 år, men kjem til å vere ein av dei beste spelarane i OBOS-ligaen allereie i år. Kapteinsemne på sikt. Kanskje allereie i år. 

Spiss: Akor Jerome Adams
Denne sesongen blir Akor sitt gjennombrot på seniornivå. Reknar med Sogndal ogso forventar at han skal ta steget i år. Kjem til å nyte godt av fysikken sin i 2-spann med ein liten kjapp ein. Når ein i tillegg kjem til å bli fora med innlegg frå kantane, so blir dette bra. 

Spiss: Badou
Når ein spelar med 2 reine spissar so likar eg at desse er 2 vidt forskjellige spelarar. Akor so er stor og sterk, Badou so er liten og kjapp. Det gir laget ein god moglegheit til å variera spelet sitt og gir det ein ekstra dimensjon. Får plassen framføre Brændsrød, men her kan fort Markus melda seg på viss han held seg skadefri. Badou viste i fjor vår at han veit kvar målet står. Alltid ein fordel for fotballspelarar å vita da. Sleit med eit trøyttleiksbrot i foten siste halvdel i fjor.

Benken: 
Håvard Hetle
Axel Kryger
Sixten Jensen
Anders Hoven
Kristoffer Hoven
Anders Nord
Markus Brændsrød

Her er spelarar på benken so kan vere med å påvirka eit kamputfall. Eg er stor fan over å ha valmoglegheiter offensivt på benken. Det får ein her.

Gi meg gjerne ei attendemelding viss du er ueinig i analysen min.

Snakkast.

 

Lang tur i dag…..

Etter å ha brukt alt for lang tid på å leita etter gnagsårsokkane mine, so klesste eg på meg 2 compeed og la i veg. Tenkte å prøva meg opp Slakkafjellet i dag og der var det veldig fint å gå. Det er akkurat 3 km frå meg og fram til krysset. 

Veldig fint å gå oppover bakkane der og utsikta er jo framifrå til lenger opp ein kjem. Hadde veldig gode føter i dag, so turen oppover gjekk veldig fint. 

Akkurat no i vårløysinga er bakken i tillegg veldig mjuk so det sparar føtene ein del. 

So de ser er utsikta upåklageleg. Eg tenkte eg skulle gå so langt so det var bar veg. Etter ca 2,2 – 2,3 km frå krysset, i 4.hårnålssvingen, so møtte eg snøen. 

Der so rekkverket byrjar på venstre sida låg det endå 30-40 cm med snø. Dette var på ca 420 MOH. So eit par veker til so er det bar veg heilt opp. 
Når eg kom ned att i krysset so kjendes føtene so veldig bra ut at eg tok til venstre istadenfor til høgre og heimover. Tok likso godt turen til Tyldebrui.

Men fekk sjølvsagt nokre uforklarlige smerter på veg heimatt. Det var akkurat so å gå med ein bajonett stukken inn i ryggen rett attmed venstre skulderblad. Dette følgte meg heile vegen heim. Når eg no sit og skriv dette, so er smertene vekke. Det er slike ting so kjem frå tid til annan. Neste gong kan det vere ei skulder, eller eit kne. Kven veit? Det kjem like fort so det reiser. 
 

Uanlell so vart det ei lang og god økt i dag. Nøgd med det. Og på laurdag er det veging att. 

Snakkast.

NB. De må inn å stemma på Norges Hyggeligste Håndverker. https://hyggeligste.no/2020/nominert/Eilert-Holme-MALERMESTER-EILERT-and-EDVIN-HOLME-AS/5133?fbclid=IwAR08slJxemVsvaJTcpTzYlH61pLNrrGuEFKjy_veX1eHQf5sGGHgERMrBBI

 

 

Ny midtbanespelar klar for Sogndal….

Sogndal har henta ein ny spelar frå Strømmen. Mathias Blårud er namnet og er ein 95-modell med bursdag når svenskane heisar flagget. Han er etter rapportane ein typisk Nr.6-spelar og bekler rolla sentralt på midten. Bardomsklubben hans er Rommen, men signerte proffkontrakt med Vålerenga allereie i 2013. Etter Enga vart det Strømmen frå 2015.

Skjermdump Sogndal Fotball.

Du kan sjå det første intervjuet med Mathias her: 

Då er det berre å ønskja Mr. Blårud velkomen til Sogndal. SNP

Snakkast.

 

Onsdag 20.mai og litt oppdateringar….

Etter ei helg og 17.mai-feiring i Florø, so er ein attende i Sogndal og godt i gong med denne vekas gjeremål. Det vart 2 turar på Brandsøyåsen i helgi og ein ny tur til Tylden på mandag. For dei so fekk snap av meg søndagskveld med bilete av Tyldebrui, so var det berre kødd. Har ikkje blitt heilt fanatisk heller. Stoppa på veg ned att frå Florø. 
Legg ved eit bilete frå Tylden på mandag. 
 

 

Gnagsårsokkane er foreløpig ein stor suksess. Har ikkje dukka opp nye gnagsår og dei er faktisk veldig gode å gå i. I morgon er det torsdag og Kristi Himmelfartsdag. Tenkte eg skulle prøva meg opp Slakkafjellet då. Berre gå til eg møter snøen. Det er akkurat 3 km frå inngangsdøra mi og opp til krysset i botn av bakken. Men då får ein motbakke frå Arnstein Ground og heilt opp på toppen. Det skulle bli ca 4,5 km med motbakke det. Trur ikkje det er mogleg å gå tørrskodd opp endå då det ligg for mykje snø oppe i lia.

Elles fekk eg svar på eksamen min i Fagleg Fordjupning i Mesterutdanningen so eg sat å jobba med her for ei tid attende. Fekk karakteren B, noko eg sjølvsagt er strålande nøgd med. No er eg ferdig med 2.semesteret og har att 3 innleveringar og ein eksamen til jul i siste semesteret.

Fekk vaska vetlealtanen framom huset i går óg, so no er eg klar for oljing av terrassebord. Skal mala huset i sommar óg, so eg trur eg lyt ha bort ein kjend målar so nett har fyllt 30 for faglege råd. Blir sikkert noko råtaprat óg. 

Snakkast.