Er me klar til forsesongen…?

Me skriv 18.desember 2021 og sesongoppkøyringa for sesongen 2022 byrjar å nærma seg. Tore André Flo(TAF) samlar spelartroppen til årets første trening 10.januar neste år. OBOS-ligaen 2022 blir den tøffaste noko sinne med lag so Brann, Mjøndalen, Stabæk, Start, Sandnes Ulf, Ranheim, Fredrikstad i tillegg til oss sjølve. Alle desse er hardtsatsande lag, og nålauga for opprykk neste sesong blir det minste det har vore.

So difor har eg sett litt på spelarstallen korleis den ser ut akkurat no 23 dagar før me startar opp.

Keeperar:

Renze Jagger Fij
Jørgen Johnsen

Forsvar:

Per-Egil Flo
Mansour Gueye
Martin Ove Roseth
Eirik Lereng
Daniel Eid
Axel Kryger
Andreas van der Spa

Midtbane:

Kristoffer Nessø
Mathias Blårud
Johan Bakke
Anders Nord
Andreas Hoven

Angrep:

Endre Kupen
Kristoffer Hoven
Peter Godly Michael
Mathias Sundberg

 

Totalt har me 17 utespelarar og 2 målvakter når me skriv 23 dagar før oppstart.

På papiret er dette laget pr.no midt på tabellen i OBOS-ligaen, dvs. rundt 8-9.plass. Og slik so skadesituasjonen har vore dei siste åra i spelarstallen vår so må me rekna med ein 2-3 mann ute til ei kvar tid, og då er me fort nede i 15 tilgjengelege mann pr.no.

Difor sit eg og håpar på ei skikkeleg julegåve frå Sogndal Fotball til oss supportarane i form av ein 2-3 skikkelege klassesigneringar. Det hadde vore på sin plass. 

Og so er me jo skikkeleg spente på kven denne briten er so TAF skal ha med seg so assistent? Og korleis skal resten av støtteapparatet sjå ut? Det var mange so vart takka av med blomster på avslutningsmiddagen for Sogndal Fotball på Malin for ei god veke sidan. Det kunne ein alle sjå på Snapchat, for dei so føl SF der. Kva er stoda for Marius Lenni Bøe og Rune Bolseth f.eks? Og kva skjer på Sogndal 2? 

No er det samstundes akkurat 2 veker til ny Dagleg Leiar skal vere på plass so eg reknar med det vert jobba knallhardt av Styret v/Jan Rune Årøy med å få den rette personen på plass. Sogndal Fotball gjekk høgt ut og slo på stortromma med annonsering og artikkel i både Sogn Avis og Porten.no, men etter det har det vore dønn stilt. So stilt so det er i verdsrommet, trur eg. Det er vel på høg tid å koma med ei oppdatering/avklaring no?

Det me veit so langt er at Tore André Flo er hovudtrenar og Terje Skjeldestad er utviklingssjef. Og Jan Rune Årøy er Styreleiar iallefall fram til årsmøtet i mars. Ein får berre følgja med framover, for no må det snart skje noko. SNP

Snakkast.