Topp og breidde hand i hand?

Etter ei sak i Sogn Avis og eit flammande innlegg på Facebook ført i pennen av Jori Skorve so har debatten om jentefotballen, like villkår so gutane og Breiddestyret nok ein gong blitt samtalemne rundt dei mange lunsjborda i kommunen. 

Når Breiddestyret skulle uttala seg i Sogn Avis so var det sekretær Yngve Hallén so uttala seg og ikkje Leiar. Meget spesielt spør du meg. So lenge Talsmann ikkje er ein eigen styreposisjon, so er det Leiar so skal uttala seg. Eg er kanskje litt slik prippen på rollar og tenesteveg, men rett skal vera rett.
Breiddestyret består stort sett av folk so har ungar tilknytt breiddefotballen i tillegg til ein dommarrepresentant. Eg reknar ikkje med at det er verdas mest populære verv då ein har veldig mange hensyn og ta og mange sterke foreldregrupperingar. Med ungar so sjølv er aktive fotballspelarar so er det vanskeleg å unngå å havna i skvisen på eit eller anna tidspunkt. Ein kjem garantert til å bli rekna so “ugild” i mange saker viss ein held det gåande over nokre år. Difor er det kanskje litt vanskeleg å halda ein god kontiunitet i breiddefotballen i Sogndal når det stadig kjem nye folk inn.

Sportsplanen til Sogndal Fotball er forankra i heile klubben og den fungerar so ei rettesnor for både trenarar, lagleiarar og Breiddestyret. Den skal vere klokkeklar og ingenting skal kunne tolkast verken i den eine eller andre retninga om korleis utvikling Sogndal Fotball ønskjer for si breiddeavdeling. På meg virkar det som om Breiddestyret ikkje heilt skjønar mandatet sitt og etter det eg forstår blir det ofte utøvd skjøn, sjølv om det skulle gå i mot det so faktisk står i Sportsplanen.

Eg tenkjer at me er komne til det punktet no at det er på tide å avvikla heile Breiddestyret. Flytt ansvaret over på nyansatt Dagleg Leiar Breiddefotball(DLB) i administrasjonen. Viss det ikkje fins pengar, skaff dei. Me treng ikkje å ha det slik i klubben vår lenger. DLB kan ønskjeleg få med seg ein assistent i tillegg, so kan desse 2 halda i rattet og ein kan sikra god kontinuitet for Breiddefotballen i lang tid framover. DLB rapporterar til Dagleg Leiar so igjen rapporterar til styret i Sogndal Idrettslag Fotball. So kan ein køyra opne møter før og etter sesong der kven so helst får koma for å høyra DLB og Utviklingsavdelinga informerar om arbeidet og der det er ope for å stilla spørsmål. 

Ein opnare klubb til det beste for alle. Topp og breidde hand i hand? Eg trur det let seg gjennomføra. Stao No Pao!

Snakkast.