Bohemian Rhapsody, filmen kontra verkelegheita…..

Etter at eg i går såg filmen Bohemian Rhapsody (Ja, eg veit eg er veldig seint ute) so har eg eit par kommentarar. Eg har Live Aid på DVD og spelte vel nesten sund opptreden til Queen på den konserten. Det so var veldig overraskande var at i filmen so blir dei framstilt veldig nervøse, mens i verkelegheita so osar det sjølvtillit av heile bandet og spesielt Freddie Mercury. 

Roger Taylor ser ut so ein “flytande” trommis på filmen, mens han i verkelegheita framstår veldig “kantete” og taktfast.
Det so var veldig bra var at dei fekk med var at Roger Taylor hjelp Freddie på dei høge oktavane akkurat so i verkelegheita.

Brian May har i filmen eit veldig usikkert og flakkande blikk, mens i verkelegheita har han ein autoritet og full kontroll på kjemien mellom seg og Freddie. I filmen so er det spelt inn eit usikkerheitsmoment på Brian May, so om han ikkje har heilt kontroll på kva Freddie vil finna på. Den ser ikkje eg i “real life”.

John Deacon er mykje meir beskjeden på scena i verkelegheita og har ein nesten unnskuld-at-eg-er-til-haldning. I filmen har han blikket løfta nesten heile tida og utstrålar på ein heilt anna måte enn han gjer til vanleg.

Og so klarar dei ikkje å gjenskapa atmosfæren på Wembley og til publikum og at Freddie har dei i si hule hand frå første tone. Og dei får heller ikkje med seg den enorme sveittinga til Freddie og spyttinga i mikrofonen når han syng.

Vurdèr sjølv her: https://www.youtube.com/watch?v=AFUgCIvbLIs

Og ver gjerne ueinig med meg….

 

Snakkast

 

Komfortabelt mot Hødd.

Sogndal tok i ettermiddag ein komfortabel 3-0 siger mot Hødd i Sognahallen etter at det stod 2-0 til pause. Peter Godly Michael scora det første. Emmanuell Grønner(hospitant frå Kjelsås) scora nummer 2 på straffe etter at han vart felt sjølv. Det tredje målet kom etter eit flott raid av Anders Nord, so vart felt og skulle hatt straffe, men dommaren nytta seg av fordelsparagrafen og Kristoffer Stenset kunne enkelt sette ballen i mål frå kort hald.

Sogndal spelte i ein klassisk 4-4-2 med flat firar på midten. Michael og Grønner starta på topp. På midten hadde me frå høgre Ørjasæter, Krüger, Steinset og Stakset(hospitant frå Fana). Og bak so starta frå venstre P.E.Flo, Roseth, Lereng og Gunnarson. Sætren mellom stengene. Vart sjølvsagt mykje byter i pausen. 
Bl.a. so fekk Marius Årøy sin debut på A-laget på venstrebacken siste kvarteret. 

Kva skal ein trekka av konklusjonar etter ein sånn kamp? Sogndal skal iallefall spela 4-4-2 og det skal også Sogndal 2, Sogndal G18 og Sogndal G16 gjera. Tippar dei kjem til å variera litt i midtbaneleddet, der dei kan spela diamant og 4-1-3-2 alt etter kva motstandarar ein møter. 

Sondre Ørjasæter på høgre midt/kant viste prov på veldig kvikke føter. Hadde bl.a. ein 1-2-finte der han parkerte 2 spelarar. Likar å utfordra med ball og virka tilsynelatande uredd.

Emmanuell Grønner på prøvespel frå Kjelsås er ein spelar eg håpar dei hentar permanent. Kjapp i kroppen og skaffa sjølv straffen so han scora på. Viste bra temperement i 2.omgang då han vart holdt att. Det er noko Sogndal treng. Burde ha gjort mål i 2.omgang då han kom åleina med keeper og burde ha runda han. Har masse hurtugheit i seg.

Hördur Gunnarson på høgreback vart erstatta av Andreas Hoven i pausen. Kom greit i frå det i debuten. Såg ut so han fekk ein smell i hofta og heldt seg til denne med høgrehanda då han gjekk til pause. 

Valdimar Ingemundsson kom inn til pause på sentral midt. Kom heilt greitt i frå det, og skal bli spennande å følgja vidare. 

Daniel Sætren kom godt i frå det. Ei god redning og viser at han har eit veldig godt tilslag med høgrefoten.

Det var det. SNP

Snakkast.

 

Første kamp for Tore André Flo.

I morgon klokka 15.00 står Hødd frå Ulsteinvik på motsatt banehalvleik når Tore André Flo debuterar so Sogndaltrenar. Det skal bli spennande å sjå i kva grad han har klart å påverka spelargruppa på denne korte tida, og ikkje minst skal det bli spennande å sjå kva formasjon me kjem til å starta i. Torer eg å spekulera i ein 3-4-1-2-formasjon med offensive vingbackar, ein typisk nr.10 og 2 sentrale midtbanespelarar på stadige løp inn i boks? Eller kjem me i ein 4-1-3-2 med ein flat firar bak. Blårud so den djupe på midten og 10’aren med 2 vingar attmed seg og ein stor sterk spiss på topp? 
Ein må rekna med store rokkeringar og mange byter, og mange av dei unge får heilt sikkert prøvd seg i morgon.

Skal bli spennande å sjå både Hördur og Valdimar sine debutar. Etter dei rapportane eg har fått virkar dette so spelarar so heilt klart forsterkar laget vårt. 

Hødd er alltid eit lag me har hatt problem med. Og går kampen ute so kjem dei til å dra fordelen av veret. Hødd er eit fysisk krevjande lag og sterke på dødballar, so nokon enkel kamp blir det ikkje. Det er ikkje umogeleg at det står ein sogndøl i lagoppstillinga til Hødd når den kjem.

Uansett so er det Sognahallen klokka 15.00 so gjeld.  SNP
 

Gratisbillett hentar du her: https://sogndalfotball.ticketco.events/no/en/e/sogndal_hoedd_treningskamp

 

Snakkast

Årets spelar 2021 i Sogndal….

https://www.sognavis.no/renze-29-vann-over-sjukdomen-var-lagets-beste-og-leverte-i-tillegg-varene-pa-heimebane/s/5-115-751261

Sogn Avis har i dag kåra Renze Jagger Fij til Årets Spelar i Sogndal for sesongen 2021. Den same kåringa har gått på Saftkokaradn sine Facebooksider og også der vart Renze Årets Spelar kåra av supportarane.

Det var inga overrasking at Renze vann prisen. Han var solid bakerst etter at han kom inn mellom stengene i den 10.runden. 
Det so er ekstra gledeleg er at den beste utespelaren på Sogndal i fjor var ungguten Eirik Lereng frå Årdal. Ei enorm fjør i hatten for den sindige årdølen. So er det berre å bygga vidare på den gode sesongen i fjor å trø til skikkeleg i år óg.

Elles kom eg over ein interessant statistikk her før jul, den har rett og slett gått i gløymeboki og passar jo fint so ei liten oppfølgjar på innlegget om Johan Bakke i går.

Statistikken går på kor mange  A-kampar for Sogndal spelarar har stått bokført med etter endt sesong det året dei fylte 17 år.
Johan Hove 17 kampar.
Sivert Mannsverk 18 kampar.
Johan Bakke 24 kampar.

SNP

Snakkast.

 

 

Nok ein ungdom ut portane…

Sidan Endre Romøren og Jon Navarsete har kommentert overgangen i høvesvis Sogn Avis og Porten.no so då tenkte eg det var min tur å reflektera litt over denne overgangen. Eg fekk vita om overgangen frå min utsending i Spania i går morgon.

 

Johan Bakke signerte i går for Molde FK. Etter ein ok sesong i OBOS-ligaen der han starta 10 kampar og hadde 8 so innbytar, men berre 2 kampar der han spelte samfulle 90 minutt, skal han no prøva seg i Molde FK. Unguten, so blir 18 i april, blir igjen lagkamerat med Sivert Mannsverk. Kor mykje økonomi det ligg i dette for Sogndal, veit eg ikkje, men eg tippar 1,5-2 millionar no, og so ein del klausular i høve antal kampar, viss Molde kvalifiserar seg for gruppespel, osv. Og so har ein vel sikra seg prosentar av eit eventuelt vidaresal. Uansett er Sogndal sikra ein viss utdanningskompensasjon. Etter mine berekningar skal den vere på 66% av den totale utdanningskompensasjonen.

Det er alltid synd å mista unge og lokale spelarar til klubbar ein, etter eigen målsetnad, skal konkurrera mot innan 3 år. Men etter at Eirik Bakke måtte gi seg so Sogndaltrenar i 2021, sjølv om han ønska seg eitt år til so hovudtrenar, so vart det vanskeleg for Johan å kunne finna sin plass i gruppa under den nye sportslege leiinga i klubben. So kan ein lura på kvar alt skar seg med Bakke og Sogndal? Slik midtbana til Sogndal ser ut no so hadde det beste for Johan si utvikling vore og spelt i OBOS-ligaen i 2022. Her hadde han etter alle solemerker fått spelt 20-25 kampar frå start i år. Men kvardagen hans blir heilt anleis enn det. Med den midtbana Molde har, so kan han i beste fall håpa på nokre sporadiske innhopp på Molde sitt A-lag, kanskje eit par startar i Cupen, elles vil kamparenaen hans vere Molde nasjonal G19 og Molde 2 mot Førde og Florø. Men mest truleg vil han ha eit høgare nivå på dei rundt seg i sin eigen treningskvardag. Skal jo ikkje svartmåla det heilt. Men eg trur han hadde tent meir på og vore iallefall eitt år til på OBOS-liga nivå. No er det heller ikkje usannsynleg at han blir lånt ut enten til eit lag i OBOS-ligaen eller PostNord-ligaen heller, so me kan få eit gjensyn med han på Fosshaugane i år.

Heilt isolert sett so tykkjer eg overgangen er heilt grei. Eg er meir bekymra over signala dette sender ut i fotball-Noreg. Mange må jo byrja å lura på kva so skjer på Fosshaugane når slike overgangar skjer. Ein Bakke so reiser frå Sogndal før han fyller 18 år er meget spesielt. Lukkelegvis har me fleire up and coming-spelarar i alderssjiktet 16-18 år. Det so kanskje mange tykte var urettferdig då landet stengde ned, var at då Sogndal 2 vart nekta å trena pga pandemien, so vart Johan flytta opp i kohorten til A-laget av faren, sjølv om mange tykte det var fleire so stod føre han i køen på Sogndal 2. Dei so var på Sogndal 2 hadde ikkje ein veldig ok treningskvardag mens unge Bakke kunne takla og gå i duellar på A-laget noko so var forbudt lenger ned i divisjonane. Sjølvsagt tok Johan sjumilssteg i høve dei andre i si “normale” treningsgruppa, og før sesongen 2021 vart han fast inventar i A-troppen. Slike ting skjer i fotballen og historia er ikkje heilt unik.

Uansett so kan ein gleda seg over 2 unge nye islendingar inn i troppen. Islendingar reknar eg so lokale spelarar. Og er dei frå Færøyane so er dei for Fjøregutar å rekna. Dei 2 spelarane skal bli spennande å følgja. So satsa me på at det kjem nokon fleire spelarar inn dei næraste vekene. Me treng forsterkingar i alle ledd. SNP

Snakkast.

Kvar går me?

Sogndal leitar framleis etter ny dagleg leiar. Etter det eg kjenner til so har allereie 3 personar takka nei til jobben, so styret har hendene fulle me å finna den øverste ansatte i klubben. Styret har, etter det eg kjenner til, ikkje fått tak på ein 7. person i styret no når klubben går inn i denne viktige prosessen. Det tyder på at det er ikkje styret i Sogndal Fotball(SF) so tek avgjerdslene. Det er 2 mann so styrer skuta endå. Eg nemner ikkje namn, men heile bygdi veit kven eg snakkar om. Styret er kun marionettar

Rolf Navarsete var ute i Sogn Avis for ei tid attende og sa at bygdi drep klubben. Eg vart rysta. Me snakkar her om ein klubb so går på eit skikkeleg sjølvdrap. Den fråverande jentesatsinga har vore ein fiasko for klubben. Her har ein brent mange bruer. Og so lenge klubben ikkje er på bølgjelengde med bygdi so går det til helvete. Ein må få styret på medlemmane sine hender. Det fins endeleg dyktige folk i bygdi. Det er likso slik at ein ikkje torer å lufta tankane sine, fordi ein blir vengjeklyppa. Eg bryr meg ikkje om det. Nokon må tora og ta diskusjonen. Og kva skal eg vera redd for? Ein må setta klubben framføre seg sjølv. Alltid.

Eg vart overraska her i haust, då ein person frå ei bedrift so er tungt inne og sponsar Sogndal Fotball, ringte meg og lurte på kva det var so skjedde med klubben? Eg var ærleg og sa so sant var. For ÆRLEG er ein av dei 4 kjerneverdiane til klubben. Mykje av det eg sa finn du i dette innlegget. 

Ein må slutta å ta seg sjølv so høgtidleg.

Eg skal mest truleg bu og leva iallefall 40 år til i Sogndal. Eg har lyst til at klubben i lag med idrettslaget skal vera den samlande drivkafta i bygdi. Og med over 1000 medlemmar so skal det vere det. Og årsmøtet i Sogndal Fotball er i byrjinga av mars,  so ein kan framleis bli medlem og ha røysterett på årsmøtet so lenge ein er innmeldt 1 månad før årsmøtet.

Stao no pao.

 

Snakkast

 

Spennande med 3 nye ungdomar, men kva skjedde med……

So skrive og omtalt i forrige innlegg so signerte Sogndal 3 ungdomar på A-kontrakt. Dette er Erik Flataker frå Måløy, f.2004, Kristoffer Steinset frå Florø, f.2005 og Sondre Ørjasæter frå Stryn, f.2003. 

Men eg lurar litt på kva so skjedde med Iver Skorve og Filip Pleym Mardal so fekk sjansen i fjor?

Sogndølen Iver Skorve, f.2003, fekk nokre kampar i byrjinga av forrige sesong og noterte seg bl.a. for eit mål i cupen mot Fjøra. Venstrebacken/kanten fekk også debuten med flagget på brystet for U-18 landslaget i ein kamp mot Portugal i fjor sommar. Ein fysisk bra spelar med ein slepen venstrefot, so er mangelvare i dagens fotball, burde absolutt få moglegheiten til og utvikla seg vidare i Sogndal. Tykkjer det er merkeleg at ein skal gå frå A-lag og U-18 landslaget på berre 6 månadar.

Sandensaren Filip Pleym Mardal, f.2002, fekk nokre innhopp i fjor under Eirik Bakke. Han har levert bra på Sogndal 2 trass ein veldig anleis treningskvardag so lenge han har vore utanfor A-troppen. Eg tykkjer han har noko ved seg og tykte han såg sprek ut dei gongane han fekk sjansen i fjor. Han var ikkje lik nokon av dei andre me hadde der framme, so variasjonen er det so kan tala til Mardal sin fordel.

Samstundes skal det bli spennande å sjå kven so hamnar i B-gruppa i år. B-gruppa er dei so ligg i sjiktet mellom Sogndal 2 og A-troppen og er dei spelarane Sportsavdelinga meinar er dei neste so kan ta steget opp i A-troppen. Denne gruppa pleier å bestå av 5-6 spelarar og får lov å hospitera på treningane til A-laget ved behov. Ein fin lærearena for dei unge. SNP

Snakkast.

Oppkøyringa er offisielt i gong, og i dag fekk me endeleg nokre avklaringar.

I dag hadde Tore André Flo sin første arbeidsdag på Fosshaugane og endeleg kom det nokre nyhender rundt klubben. TAF tek med seg den 33-årige iren, James Simmonds, so assistenttrenar på lån frå Chelsea ut den engelske sesongen, dvs eit engasjement på ca eit halvt år. Samstundes blir Bolli med i den same rolla so han hadde i fjor. Sidan Sondre Skrede gjekk ut so fysisk trenar so er no Knut Ripe attende i denne rolla. Og Patrik Karoliussen har fått ei rolla so toppspelarutviklar samstundes so Geir Stenehjem held fram so keepertrenar.

Her er ein video frå Youtube der ein kan bli litt betre kjent med korleis James Simmonds er so trenar. https://www.youtube.com/watch?v=RhrluzftUWc 

 3 unge spelarar har signert A-kontraktar. Det er Erik Hovden Flataker, f. 2004, Kristoffer Haukås Steinset, f. 2005 og Sondre Holmlund Ørjasæter, f. 2003. Alle 3 er spennande og ambisiøse spelarar. Flataker er spiss, Steinset er midtbanespelar og Ørjasæter er kantspelar.
So har VG ein notis om at høgre vingback, Daniel Fritz Eid, meir eller mindre skal vere klar for IFK Norrköping i Allsvenskan. Det er ikkje kjent kva svenskane må ut med, og det er heller ikkje offisielt bekrefta.

So då mistar me ein av dei spelarane so har vore best i Sogndal dei 2 siste sesongane. Her tykkjer eg Sogndal godt kunne ha skrive kontrakt med både Eivind Helgesen og Adrian Solberg. 2 lokale unggutar so ikkje nesten ikkje hadde kosta klubben dei store kronene. Òg i tillegg hadde ein sendt eit signal om at me satsar på våre ungutar. No har me faktisk ikkje noko alternativ på høgre vingback når Daniel Eid reiser. 
Dette betyr at av gjengen so vann både NM Junior og skandinavisk meistarskap, so er det berre Mathias Sundberg, Anders Nord og Eirik Lereng so er att i klubben. Og det virkar so dei 2 førstnemnde er litt langt bak i køen når det gjeld speletid. Lereng er jo bankers, slik eg ser det. So på litt over 3 år so har dei so skulle vere spelarane Sogndal skulle bygge laget opp rundt, berre smuldra vekk so eit sandslott utan fuktigheit. 

Det er ca 80 dagar att til seriestart og me må ha spelarar inn fort. Renze Fij, årets spelar i fjor, er udiskutabel i mål, men me vantar referansespelarar i alle dei 3 andre ledda. Og me må ha ballspelarar på midten. Difor er det eit krav at me må få på plass minimum 4 nye spelarar so alle er klare forsterkingar og skal løfta dette laget. 1 spelande midtstoggar. Viss TAF har ambisjonar om å spele seg ut bakfrå, so må me ha det. Me er kanskje litt tynne på breidden her òg. 2 sentrale ballspelande midtbanespelarar og 1 spiss. Og det er minimum. Skal Sogndal kjempa på øvre halvdel so lyt dette på plass. Elles so ser eg føre meg ein kamp midt på tabellen og nedover, i verste fall nedrykkstrid. So kan du sei eg er veldig negativ, men dette er faktisk stoda pr. no og det lyt me ta inn over oss. Det blir verdas hardaste OBOS-liga sesong, og det blir knalltøft. Det må alle vere budd på. SNP

Snakkast.