Dette lovar ikkje godt….

Etter 2 – 5 tapet mot Fredrikstad på laurdag ser det alt anna enn lyst ut for Sogndal. Med 4 tap på dei 5 siste kampane og 17 baklengs og der keeperen vår scorar høgast på børsen i Sogn Avis, vitnar det om eit defensivt havari av den sjeldne sorten.

Tore André Flo kom inn so eit friskt pust og Sogndal har spelt ein offensiv fin fotball til no i sesongen. Store delar av spelarstallen har blitt bytta ut og nye spelarar har kome inn. Eg sa før sesongen at TAF og trenarteamet må få eit par sesongar på å setta laget, formasjon og spelmønster. Og eg står framleis for dei orda. Men eg vil samstundes sjå utvikling og framgang. Med dei siste kampane og stortapa friskt i minnet føler eg at me går i heilt feil retning. 

Etter kva eg kan sjå av intervju og uttalingar på sogndalfotball.no og Sogn Avis, so seier brorparten av nysigneringane at dei ser på overgangen til Sogndal so eit springbrett på deira vidare karriere. Samstundes har me henta 2 unggutar på lån frå Lillestrøm so er her for å få speletid på eit ok nivå, før dei vender attende til Romerike etter sesongen. Det virkar på meg so nesten alle me har henta ikkje er nokre permanente løysingar.
Måla renn inn bakover hjå oss, og forsvarsfiraren + keeper har ein veldig vanskeleg jobb føre seg når det ikkje er hjelp å få frå dei 6 framføre dei. Akkurat no manglar me berebjelkar og referansespelarar i alle ledd. Og det er so absolutt ikkje bra. Utfordringane TAF og teamet står ovanfor er enorme, men her må klubben ved både styret og den sportslege leiinga ta størsteparten av ansvaret. 
Skal ein bygga klubb lyt ein ha eit sterkt kollektiv, noko me ikkje har akkurat no. Det me har no er 11 spelarar so kun spelar for seg sjølv og ikkje gjer jobben sin. Det er ingen so tek dei tunge defensive løpa i 90 minuttar so kan hjelpa laget defensivt. Dei tenkjer kun på seg sjølv og neste angrep, og for å stilla best mogleg utkvilt for å prestera best mogleg offensivt so ein kanskje fangar interessa til “større” klubbar slik at ein kjem seg herifrå fortast mogleg. Eg vil ha spelarar so set klubben framføre seg sjølv heile tida, frå nyare tid, type Asle Hillestad, Dag Christian Sørum, Rune Buer Johansen, Hannu Patronen og Rune Bolseth. Då snakkar me klubbspelarar.

Sogndal Fotball har den, sist eg sjekka, 12.største økonomien i norsk fotball. Akkurat no ligg me på 22.plass i seriesystemet. Eitt fattig poeng framføre Raufoss. Me underpresterar noko hinsides i høve forutsetningane me har for å driva fotball på toppnivå i Noreg. Og me har underprestert alt for lenge. Me kastar pengar og poeng ut glaset kvar veke, og me må heilt klart byrja å sjå på strukturen til klubben. Har me rett folk i rette posisjonar? Får me utnytta kompetansen til alle so er her på best mogleg vis? Og ikkje minst, kva manglar me av kompetanse? Og ikkje kom dragande med ei oppseiing av TAF, eller “mutual agreement”, so det so fint heiter. Det løyser ingenting. Problemet til Sogndal stikk mykje djupare enn det. 

Her har styret, ved styreleiar Jan Rune Årøy, fått ei skikkeleg utfordring. Men utfordringar er til for og løysast. Og eg har tru på at det let seg gjera. SNP

Klubben Først.

Snakkast.