Meir om talentutvikling

For å ta oppatt tråden om talentutviklinga i Sogndal, i vår krets og også nasjonalt.

Når ein ser på innføringa av akademiklassifiseringa so må ein også sjå på kva denne sentraliseringa av talentutviklingsarbeid har gjort for talentutviklinga frå PostNord(3.nivå) og nedover i systemet. Eg trur ein vil få færre utviklingsmiljø og mindre gode fotballspelarar med denne modellen. I motsetnad for 10 år sidan, er det no kun eit fåtal av trenarar og spelarar so får referansar mot toppen nasjonalt. Når det gjeld seniorfotballen er det jo nesten ingen att so held 3.divisjon i Sogn og Fjordane Fotballkrins. Summen her er at langt færre spelarar har ein god nok kvardag, og dei få so kjem gjennom er det stor konkurranse om.

Dei nasjonale årsklassane er delt inn i G19, G17, G15 og G14. Dette er eit opplegg so Norsk Toppfotball brukar enorme summar på kvart år. Viss ein tek juniorklassen(G19) so eit eksempel, so ser eg på det so eit reint breiddetilbod. Dei beste 18- og 19-åringane i landet spelar ikkje i denne klassen her. Dei spelar då seniorfotball. Enten på A-lags nivå eller 2.-lags nivå på nivå 3 eller 4 i divisjonssystemet. For meg er dette heilt bortkasta då alle desse i Nasjonal G19 fint kunne spelt seniorfotball i klubbar viss ein hadde hatt fleire utviklingsklubbar/miljø.
I Sogn og Fjordane har me fostra mange gode fotballspelarar opp gjennom tida. Viss ein hadde hatt fleire klubbar enn berre Sogndal so utviklingsklubbar, so trur eg det hadde vore særs positivt. Ta f.eks. Jotun, Stryn, Eid, Måløy, Førde og Florø, so alle har ein historie, og so har alle moglege forutsetningar for å lage gode utviklingsmiljø, berre viljen og nokre pengeoverføringar hadde vore der frå sentralt hald. No skal alt overstyrast og sentraliserast og klubbane er eigentleg overletne til seg sjølv.

Ein kan også sjå på kva slags kvardag 18- og 19-åringane i Sogndal har. Kanskje dei sit på benken når Sogndal møter Jerv i Grimstad ein laurdag, og so skal dei til Hamar mandag med Sogndal 2. I tillegg til at ein skal kanskje vere med Nasjonal G19 på deira kampar. Men denne uforutsigbarheiten er noko dei beste juniorane våre lev med kvar dag. Dei veit ikkje mandagen kva kamp(ar) dei faktisk skal spele veka seinare. Det er ei veldig sjonglering på kampar og trening, og so er spelarar opptekne med kamp, og so er det kanskje berre att 8-10 spelarar i treningsgruppa, og so får dei dårleg kvalitet på det dei styrer med, og so har ein ein veldig dårleg struktur i talentutviklingsarbeidet sitt. Ein spelar har kanskje 3 kamparenaer frå 15-16-års alderen. Når blir det tid til det viktige treningsarbeidet? Sova, eta, trena er dei viktige tinga i denne alderen.

Rolf Navarsete sa ein gong at viss me gjorde so dei store byane, so har me tapt. Men det er jo akkurat det me gjer no. Det må vere moglegheiter for eit mindre rigid system under Norsk Toppfotball si leiing til å gi klubbane fleire frie midlar til å hjelpe klubbar i sitt nærmiljø til å laga gode utviklingsarenaer for både gutar og jenter. For me treng verkeleg eit løft her lokalt og spesielt på jentesida. Framtida kan lett bli ei rasering av breiddeklubbar. Ironien er er at det er breidda Noregs Fotballforbund sel til folket, mengda spelarar og klubbar. Problemet er at ressursane vert flytta oppover i systemet, får kanskje ein og annan betre toppspelar, mens grunnfjellet skakast.

Håpar nokre kloke hovuder kan koma saman og iallefall ta debatten om denne problemstillinga. Her er det ingen fasit, men eg vel og trur eg nærmar meg. Me kan allereie i haust diskutera dette i Sogndal og få gjerne med klubbane rundt oss, so skal vere våre samarbeidsklubbar. Kretsen har heilt sikkert lyst å delta óg.

 

Klubben først.

Snakkast.