2 gode økter og mykje betre andedrett….

Sidan veginga sist har det blitt 2 gode økter. Hadde meg ein runde i Florø på laurdag. 

Frå Brandsøyåsen

Den ruta eg gjekk laurdag er nett over 15 km tur/retur. Lett og fin i steget og sjølv om det blir mykje asfalt, so gjekk det heilt fint. Akkurat passeleg vèr og flott utsikt. Florø er ei perla ved kysten. Viss eg skulle budd ein annan plass enn Sogndal, so hadde Florø mest truleg peikt seg ut so ein flott plass å busetja seg på. Kjekke folk har dei óg. 

 

Digreneset – Brandsøyåsen tur/retur.
Florø og øyane utanfor sett frå Brandsøyåsen. 

I dag hadde eg meg ei liti økt her heima. Går og joggar heimanfrå over Flatane og Skjeldestad og opp til krysset der ein går opp Slakken. So nedatt og ned for trafoen ved Fjærlandsvegen og opp over Kvåle og ned Kvålsgota og forbi Vidaregåande og Gamle Stallen og bort til Høgskulebygget. 7 gonger opp og ned i trappa der og so heim att. Ei god liti økt da. Merkar allereie no at andedretten er mykje betre med snart 2 veker utan sigarettar. Og eg har plutseleg fått att svolten om morgonen. So det er utfordrande å halde kaloriinntaket nede no i denne fasen. Elles er det ikkje noko forandringar med dei andre plagene. Ein får berre fortsetta å ta tranen sin. For dei so lurte på snappane mine om morgonen, so er dagane ei henvising til antal dagar utan sigarettar og ikkje antal dagar med trandrikking. So då veit de da. 

Vinterruta. 

So no blir det iallefall 1 dag kvile og restitusjon. Kan ikkje trena kvar dag. Da gidda eg ikkje. Skal ha ein eksamen på skulearbeidet mitt óg. Innlevering 16.desember. Reknar med det går greit, men det skal no gjerast. 

Snakkast.

Instagram: vidarvadseth
Snapchat: vadseth79

Laurdag og ny veging….

Då var nok ein laurdag her, og ein er klar for badevekti att. Det har vore ei særs skral veke med tanke på både trening og kosthald. Trur dette har vore den dårlegaste veka sidan eg starta med dette prosjektet. Og i dag viste badevekti 94,6 kg. Akkurat so forventa. No må eg verkeleg skjerpa meg.

Men ein annan ting so er positivt då det er at forrige veka då gutungen fyllte 6 år so la eg vekk sigarettane. So no er eg på 10. dagen utan sigarettar. Og det går overraskande bra. Kjenner jo litt på suget sjølvsagt, men då tek eg meg ein pastill.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg
24.10.20    91,1kg
31.10.20    91,8kg
07.11.20    94,0kg(starta på Vimovo att 31.10)
14.11.20    92,6kg
21.11.20    92,6kg.
28.11.20    94,6kg.

Snakkast.

Laurdag og ny veging……

Sogndalselvi slutten av oktober 2014.

Var mykje snakk om Dalaelvi denna veka. Folk påstår til og med at den aldri hadde vore større. Dårleg hugse på folk. Den var større i 2014. Då gjekk den over muren oppe ved Foss, Mølla og rann ned Møllevegen. Men den var stor i år óg, det var den. Bilete var teke på retur i 2014 og vatnet låg heilt opp til gangvegen i Øyane.

Elles so har dette vore ei særs tøff veka med tanke på kaloriar. Gutungen hadde bursdag onsdag, so det har vore særs mykje kakeinntak sidan sist veging. Gutane i klassen på bursdag søndag og familie på dagen, onsdag. I tillegg har eg vore oppteken med ei oppgåva på skulearbeidet mitt so eg fekk utlevert mandag og so hadde innlevering i jaftes, so det har teke litt fokus. Elles so har eg fått 3 økter denne veka, ikkje verst det med tanke på ei travel veka 

Elles so gjekk veginga bra. Akkurat det same so forrige laurdag. 92,6 kg. Nøgd.

For å få godfølinga før kvelden. Saknar konsertar altso. Eg er i gjengen frå 2.08.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg
24.10.20    91,1kg
31.10.20    91,8kg
07.11.20    94,0kg(starta på Vimovo att 31.10)
14.11.20    92,6kg
21.11.20    92,6kg.

Snakkast.

Haustformen er her for fullt….

Sogndal rauk i dag på eit nytt tap på bortebana. Sandnes Ulf vart for sterke og vann 2-1. Me brende ein straffe og ga dei i tillegg sigeren på overtid. Det betyr at me har 4 tap og 1 uavgjort på dei 5 siste kampane på bortebana. Ranheim, Raufoss, Ham-Kam, Strømmen og Sandnes Ulf er ikkje akkurat lag so sender sjøkkbølgjer gjennom fotball-Noreg.

Det viser seg nok ein gong at ved å låsa av vingbackane våre so går spelet heilt i stå. Midtbana kjem for lågt i bana og me blir spelande opp på møtande/feilvend spiss heile tida. Dette fører til ekstremt mange balltap, og utan moglegheit til å få flytta laget høgare i bana. Me har sett det mange gonger no i haust at motstandarane har “avslørt” Sogndal. Løysinga ligg i midtbaneleddet. Eg er jo berre ein idiot, so meg må de for all del ikkje høyra på. De MÅ få flytta ein eller to på den sentrale midtbana opp i mellomrom mellom motstandaren si forsvarslina og midtbaneledd. Då må motstandarane bestemma seg for enten å plukka opp sentralt, eller plukka opp vingbackane. Dei klarar ikkje begge deler. Det manglar ikkje på ferdigheiter i laget. Det er spelopplegget so er feilen. Her må trenarteamet sjå på løysingar. Kryger og spesielt Roseth har gode pasningsføter og kan tre ballar gjennom ledd. Me kan splitta opp 3-aren bak og flytta 2 av forsvararane høgare i bana. Det er difor viktig med breie vingbackar for å skapa rom inne sentralt. So har ein i tillegg moglegheit til å krossa når motstandarane har skyvd over heile laget sitt til eine sida. 

No er det 3 poeng mot Grorud so gjeld for å sikra 3.plassen.

Takk for meg. SNP

Snakkast.

Da smakar tran….

Eg har blitt so inspirert av ein kamerat av meg so stadig vekk sender meg videoar av når han drikk tran. Difor kjøpte eg meg ei flaska på onsdag. Det er ikkje so hakkandes gale på smak, tykkjer eg. Og so trur eg faktisk det er fleire i denne verda so drikk tequila enn tran, og det smakar jo 100 gonger verre enn tran.
Men det var ein ting eg beit meg merke i når eg las litt om kor viktig tran er. Saksa frå Apotek1 om tran og Omega-3.
“Ledd
En studie i 2013 viste at middelaldrende kvinner som spiste fet fisk jevnlig hadde redusert risiko for å utvikle leddgikt, men det er ikke sikkert at denne effekten kan tilskrives omega-3-fettsyrer eller andre faktorer. Ellers har man sett i en studie at tran kan bidra til mindre morgenstivhet og redusere antall ømme og hovne ledd, men andre studier har ikke påvist denne effekten.”

Ikkje det at eg har noko problem med kosthaldet mitt, men sidan eg slutta med mjølk i store mengder, so får eg ikkje i meg same mengdene Vitamin D. So eg gir det eit forsøk nokre månadar, so får me sjå om det er nokon effekt. Eg har aldri drukke tran fast, men har jo ete mykje makrell i tomat og feit fisk opp gjennom åra, so eg trur ikkje eg er i underskot på innhaldet i tranen. Blir spennande å sjå.

 

Back on track…

Laurdag og ny veging. Fekk meg 2 gode økter sidan sist veging og so har kosthaldet vore nokolunde bra. Ikkje ete meg spint ihjel på noko heller. Salat à la Vadseth til lunsj nokre dagar og elles måtehalden på middagen. Tenkte å få meg ei økt no i dag i dagslys sidan dagslyset i morgon går vekk i dugnad i Idrettshallen og bursdagsfeiring. Gutungen blir 6 år på onsdag so det må feirast.  
Men attende til dagens veging og vekta viste i dag 92,6 kg. Gødt nøgd med det. No klarar eg å sjå konturane av ein sixpack so eg ikkje har sett på iallefall 20 år, so det er jo eit framsteg. 

Elles so får eg ei ny oppgåva til heimaskulen på mandag, so det går med nokre kveldar til den, men må prøva å få klemt inn ei økt til ein eller annan plass denne veka óg.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg
24.10.20    91,1kg
31.10.20    91,8kg
07.11.20    94,0kg(starta på Vimovo att 31.10)
14.11.20    92,6kg.

Snakkast.

Instagram: vidarvadseth
Snapchat: vadseth79

Noko eg lurar på ang kjeldesortering….

I hustanden vår er me blitt ganske flinke til å kjeldesortera. Det er veldig mykje emballasje so føl med ommentrent alt ein kjøper, og då spesielt matvarer. Av dette blir det ein del boss. Papp og våtorganisk går i rett bossdunk og plast i eigne sekkar. Metall(hermetikk) og glas blir samla opp og putta i containarar ved passande høve. Men det er jo ikkje kvar dag ein gjere det. 
For å få metall, glas og plast reint, so blir det vaska i enten springen eller i oppvaskmaskina. For ein vil jo ikkje at bosset skal stinka, og ein vil heller ikkje at det skal stå på kjøkkendisken å stinka. Og ofte må ein bruka varmt vatn for å få ting reint.

So det eg lurar på er kor mykje energi og straum ein brukar i Noreg i dag på å vere ein god kjeldesorterar?

Farsdag, Slakken og ny pers…..

I dag er det farsdag, so gratulerar med dagen til alle fedrer der ute. 

Eg tok meg ein tur opp Slakken i dag. Hadde på meg den trange joggebuksa i dag, so då vart det ny rekord. 39.16 frå bom til bom. Særs nøgd med det. Snøfritt heilt opp no og eit flott haustver å gå i. Til jul so står kompresjonstights på ønskjelista, etter anbefaling frå langdistansekongen Daniel Kvåle. Då skal det bli spennande å sjå kva eg klarar neste år. Spørs om eg må over i lett jogg då? Eg trur eg hadde klart å jogga fleire parti no óg oppover, men eg stressar ikkje med det. 

Ein glad mann på toppen.

Neste år so må eg antakeleg køyra litt ekstra på med trening, og eg går allereie no og leikar med tanken på at eg skal køyra doble turar opp og ned, for føtene kjennest veldig spreke ut. Merkar ikkje noko til syra i føtene, men slit meir med pusten. Tenkjer at 15 sigarettar om dagen ikkje fremjar tempoet opp bakkane. Det hadde vore veldig kjekt å legga vekk desse kistespikarane, ventar berre på rett høve. 
Eg vurderar samstundes eit treningsabonnement på Idrettssenteret med litt oppfølgjing hjå PT. Hadde vore kjekt å kome inn i varmen og få trena. Men eg er litt redd for at med ein gong eg har signert papira so må treningssenter stenga pga Covid-19. Det er typisk min flaks. 

No har eg holdt på i litt over 10 månadar med dette prosjektet og er særs nøgd med utviklinga so langt. Frå 128 kg 1.januar til 94 kg no laurdag. Kondisjonen er ekstremt mykje betre, motivasjonen er framleis veldig bra. Har lagt meg av med mange dårlege vanar i tillegg til ein mykje sunnare livsstil. 
Eg får mykje spørsmål om eg merkar nokon forskjell på dei helsemessige problema eg har slite med, men der må eg skuffa dykk og sei at der er det status quo. Difor er eg ekstremt nøgd med at eg klarar å kome meg ut og i aktivitet. Det er nesten ein milepæl kvar gong. Og so får me håpa Haukeland kan bli redninga mi. Det var alt for no.

Snakkast

3 poeng og 3 mål

Sogndal slo i dag Kåffa 3-0 på Fosshaugane etter ein litt kjedeleg førsteomgang. Sogndal fekk ikkje heilt spelet til å gli, men scora eit flott mål ved Tomas Olai etter eit knallhardt innlegg frå høgre. Det var berre å setta breisida til. Kupen hadde også eit skot i aluminiumen før pause.
I 2.omgang tok Sogndal fullstendig kontroll over kampen og Badou scora 2 mål, der det siste var skikkeleg nydeleg eit. Best på Sogndal i dag var ei solid forestilling av 2 mann bak på bana. Eirik Lereng spelte ein god kamp, den første på 3 månadar, og ein skulle ikkje tru det når ein såg på roen han hadde der ute i dag. Martin Ove Roseth spelte også veldig godt til venstre for Lereng og bidrog offensivt ved fleire høve. Burde i tillegg ha scora i 2. omgang. Drøymer nok om den i natt.

Under denne kampen so måtte alle tilskodarane sitta i seta sine pga smitteverntiltak og det er første gong eg har kvilt røvi på Fosshaugane på alvorleg mange år. Eg skal vere den første til å innrømma at det ikkje er optimalt å bygga supportarkultur sittande, men me gjorde so godt me makta. Det blir likso so daft på tribuna når folk skal sitta og ein blir veldig passiv. Dette var kanskje grunnen til at eg oppfatta kampen so kjedeleg, spesielt 1.omgang fordi då har ein spelet lengst ifrå seg, for eg merka at eg blir mindre engasjert sjølv. So ein får håpa at dette ikkje blir langvarig. 
Neste kamp for Sogndal er borte mot Ulf Sandnes på deira nye flotte stadion. Då satsar me på 3 poeng etter 3 tap og 1 uavgjort borte på dei 4 siste. Me har ikkje vunne borte sidan Øygarden vart slegne i den 17.speleomgangen. SNP

Snakkast.

Laurdag, ny veging og kampdag

Ja, etter ei veka med dårleg aktivitet so er laurdagen her. Vart berre ei økt denne veka, men har hatt ei aktiv veka på jobb med utejobbing. Først 2 dagar med snøfangarmontering og deretter 2 dagar med beslagsmontering på største hotellet mellom Bergen og Trondheim. 
Forrige laurdag var det Halloween og i år var det min tur å gå med ungane. Då måtte jo eg bli litt skremmande óg.

Grunnen til det låge aktivitetsnivået er at eg har drive å skrive på oppgåva so hadde innlevering på på onsdag. Den tek litt energi og tankeverksemd. Men no er det berre att ei oppgåve og ein eksamen, so er ein ferdig. Gledar meg til det.

So var det denne badevekta då. Byrja jo på ny gamal medisin forrige laurdag og vekta skaut opp i 95,4 kg til tysdag. Eg ser inga anna forklaring enn medisinen på korleis eg gjekk opp 3,6 kg på 3 døgn. Klarte å berga det nokolunde på kosthaldet, men det vart nokre kg opp denne veka. I dag stoppa vekta på 94,0 kg. Me får prøva å auka aktiviteten i veka so kjem, og so satsar me på at det flatar ut att.

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg
05.09.20    97,1kg
12.09.20    96,4kg
19.09.20    94,6kg
26.09.20    93,8kg
03.10.20    93,1kg
10.10.20    91,7kg
17.10.20    92,0kg
24.10.20    91,1kg
31.10.20    91,8kg
07.11.20    94,0kg(starta på Vimovo att 31.10)

Elles er det ny kamp for Sogndal heima mot KFUM Oslo i dag. Det er særs viktig at me kjem attende på vinnarsporet no, skal me klara å berga 3.plassen. Eg skal iallefall bidra med det eg kan frå tribuneplass. Og i høve dei nye smittevernreglane so lyt me i dag sitta i setet vårt. Får ikkje fyllt lungene skikkeleg då, det er ikkje bra for sangstemma. Men me satsar allikevel på 3 poeng. SNP

Snakkast.