5 mnd med turar og ny veging…

Ja, no er det 5 månadar sidan eg starta og bevega meg regelmessig. Byrjar å merka det godt på kroppen no. Var bl.a. og jobba på eit trangt loft denne veka. Det var ein del lettare å bevega seg oppå der enn det det var før jul. I klesvegen er eg attende til str. L, noko eg ikkje har vore på denne sida av millenniumsskiftet. Fekk rydda klesskapet og leverte 2 bossekkar til klescontainaren i Fjøra med klede so er altfor store. So ein kan nesten sei eg er “beyond the point of no return”. 

Sidan forrige veging har det blitt ein tur til Loftesnesfjellet:

Prest i Aurland:

Og ein tur til Olav Stedjeåsen her heima: 

3 fine turar so gjer at ein får løyst sveitten. For dei so har lagt merke til at eg ofte skriv tidene mine på enten Facebook eller Snapchat so er det fordi eg konkurrerar med meg sjølv og det er for å ha ein sjans å hugsa tidene når ein skal opp på dei same plassane ved eit seinare høve. Det er ikkje for å briefa, for tidene skremmer ingen, men rett og slett for å gjere det lettare å hugsa. 

Kosthaldet har vore sånn nokolunde denne veka. Har jo kost seg litt sjølvsagt, det er lov. Åt antakaleg alt for mykje til middag onsdag. Spaghetti og kjøtdeig har alltid vore favoritt. Då vart det 2 tallerkar, men droppa den enkle kveldsmaten denne dagen. Siste veka har eg eit snitt på nesten 15.000 steg pr dag, ifølgje appen min, og det må no vere ok.
Veginga i dag gjekk meget bra då vekta viste 98 kg. Ned 800 gram sidan forrige måling. Og det er eg godt nøgd med.

Er starta å gå til manuellterapeut etter henvisning frå legen for å sjå om det kan ha effekt på smerteproblematikken og sømnproblema mine. Er byrja å ta medisin på kveld i stadenfor morgon, so kanskje har det ein effekt og. Ny time på mandag.

 

Utviklinga so langt:

01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg
27.08.20    98,0kg

God helg. Snakkast.

 

 

 

 

Nok ein god bortekamp av Sogndal, men…….

Sogndal spelte nok ein god bortekamp i kveld mot Tromsø på Alfheim. Det gledar eit fotballhjarte stort at Sogndal spelar slik god offensiv fotball. Kampen i kveld var nok eit prov på da. Sogndal hamna bakpå etter at Tromsø fekk eit heilt korrekt idømd straffespark etter vel eit kvarter. Sogndal spelte og skapte mange halvsjansar i løpet av førsteomgangen, men fekk ikkje ballen i mål før pause. Badou vart i tillegg snytt for eit soleklart straffespark då han vart overfalt av 2 Tromsøværingar på høglys dag.
Sogndal lada på i 2.omgang og skapte fleire sjansar. Bl.a. hadde me ein i aluminiumen før innbyttar Markus Brændsrød sette inn utlikninga for oss. Ikkje lenge etterpå la Mathias Blårud på til 2-1 for våre karar. No var Sogndal totalt dominerande i banespelet og Tromsø slet alvorleg med å henga med. Men so litt ut av ingenting so set Tromsø inn utlikninga med ei flott scoring i ope spel 5 min før slutt, og kampen ebbar ut med uavgjort 2-2.

Dette er 2. bortekampen på rad der me rotar vekk ei 2-1 leiing på slutten i ein kamp der me kontrollerar spelet. Det er 4 poeng tapt og dette må gå på kontoen for lite rutine. Me må jobba med kynismen og den defensive strukturen når me leiar og kampar skal roast i land på slutten. Her er det mykje å henta. 

Ekstra gledeleg er det å sjå Markus Brændsrød attende for fullt. Han har vist ved fleire innhopp at han verkeleg har noko å tilføra laget etter eit over 2 år nesten samanhengande skademareritt. Og tek eg ikkje heilt feil so spelar Markus frå start i neste kamp.

Men so sagt so er eg godt nøgd med at me skapar so mykje på nok ei vanskeleg bortebana. Og det er berre å gleda seg til torsdag. Då skal tapet i generalprøven mot Øygarden hemnast. Stao No Pao.

Snakkast.

Ein flott familietur til Loftesnesfjellet. Flottaste utsikta?

I dag var me på ein flott tur til Loftesnesfjellet. Her får ein ei kjempeflott utsikt over Sogndal. Me gjekk frå Sogn Folkemuseum der me parkerte bilen. Dette er ein familietur so 5-åringen vår ikkje hadde noko problem med sjølv om det er 5,6km ein veg. So lenge ein legg inn noko premiering undervegs, so er ikkje dette problem for nokon. Turen går på fin grusveg i over 3 km før den går over på ein litt meir steinete traktorveg i 2,6 km. Eit par bratte kneikar er det, men overkommeleg for dei minste.

Start ved museet på grusveg. Her er det skilta mot Hesteggi.

Etter ca 150 meter so kjem du til ei grind du skal igjennom.

Fortset på grusveg i ca 400 meter til vegen delar seg. Det er vegbom på begge skogsvegane. Hald til venstre her på den beste grusvegen. Vegen til høgre går opp mot Valebergstølen og Hesteggi.

Føl grusvegen til endes i ca 2,5 km til. Her er det veldig fint å gå. Med jamn stigning og ingen bratte parti. 

Når ein kjem til endes av grusveg so går det ein traktorveg opp til høgre so i ein slags hårnålssving so er noko meir steinete og mindre opparbeida. Den er noko bratt og går innatt i ein ny hårnålssving litt lenger oppe. Då går ein innover mot Loftesnes. Føl denne vegen innover til du kjem forbi stien so kjem frå Kjørnes og Jeiskedalen og skiltet vidare oppover til Hesteggi. Då er du framme ved målet.

Då får du oppleve denne utsikta.

Me gjekk denne i fint søndagsturtempo og brukte 1 time og 20 minuttar frå museet. Ein startar på 180 moh og turen går opp til ca 660 moh. Med matstopp ved utsiktspunktet og småpremiering undervegs so må ein rekna 3,5 timar totalt med ungar.

Turen passar for alle og er ingen problem å gå med joggesko på ein regnfull dag slik so me hadde i dag. Ein blir ikkje blaut på føtene. 

God tur.

 

 

Laurdag og ny veging…..

Ja, nok ei veka har gått og eg vekk meg 2 fine turar denne veka. Tysdag var eg på Tylderingen for første gong og rett etter arbeid i går var eg på Hesteggi. Der var eg forrige gong for 6-7 år sidan i marsjstøvlar. 
Turen til Tylderingen er ein av dei flottaste eg har gått her i nærteig, men det kan henda eg vart blenda av den flotte solnedgongen eg fekk på toppen. Her får du flott utsikt mot Hafslo, Dalavatnet og fjella rundt. Ein ser fint bort på Skriki, Storehogen og Bleia.

Sidan eg hadde på meg ei drakt frå KSK Beveren frå Belgia, so eg kjøpte då eg var der på seminar med SD Europe i midten av februar, so måtte eg senda ei helsing til dei på Facebook. Artig at dei delte det både på Twitter og Instagram.

KSK Beveren er ein medlemseigd klubb på 5.nivå i Belgia. Eg er blitt godt kjend med Robin Beck og Jim Van De Vyver frå klubben, og eg veit med sikkerheit at eg skal ned å besøka den klubben fleire gonger. Det gir meg mykje meir enn å reisa på fotballtur til England. Ein kjem veldig tett på klubben og spelarane er slike so deg og meg. Håndverkarar, lærarar, treningsinstuktørar, butikkmedarbeidarar og supportarar i skjønn forening. Og so får ein ta seg ei øl under kampen, og ei øl med spelarane etter kamp i det flotte klubbhuset deira. Og der køyrer dei på med livemusikk for dei knappe 500 heimesupportarane. Genialt opplegg. So for dei so er interessert i ei annleis fotballoppleving i utlandet, so er det berre å bli med. De kjem ikkje til å angra.

Fredagen gjekk turen til Hesteggi. Ein fin og grei tur so funkar godt so treningstur. Får bra puls opp bakkane mot Valebergstølen. Måtte bremsa litt i motbakkane då eg kjende litt på mjølkesyra i låri. Og syrefest vil me ikkje ha. Men når ein tek av fra traktorvegen, so er det mykje lettare terreng og gå i. 

 

Kosthaldet har stort sett vore bra heile veka. Åt litt for mykje middag onsdag då me hadde fiskegrateng og fiskekaker. Laga alt for mykje mat, men lukkelegvis so åt katten opp restane denne gongen. Har kutta ut poteter til middag. Det har me stort sett berre i lag med fiskebollar. Me brukar heller brokkoliblanding eller liknande i lag med. Dette er eit litt sunnare alternativ enn poteter. Og so er me eigentleg dritlei poteter alle i denne hushaldninga. Elles har det blitt ein del grilling og då blir det salat so attåtmat. Og det kan ein eta uante mengder av. Til lunsj blir det variert mellom knekkebrød med magerost og so desse fine porsjonspakkane med salat dei sel på butikkane. Går i vatn heile veka, men kosar meg med ei lettbrus i helgane. Og det blir jo sjølvsagt nokre øl óg. Då gjerne i Lite-utgåva. Eg har alltid vore svak for øl so er rik på smak, og Grans si Lite-pils so dei sel på Rema er faktisk veldig god på smak, so den kan eg anbefala. Og nei, eg får ikkje betalt for dette.
Og sidan det er laurdag so er det ny veging, og i dag viste vekta 98,8 kg. Det er eg strålande nøgd med. Ein flying start på hausten. No er det berre å fortsetta det gode arbeidet utover. Og so er eg strålande nøgd med at eg klarte meg gjennom 4 veker ferie utan å gå på ein skikkeleg smell. 
 

Utviklinga so langt:

01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg
22.08.20    98,8kg

Sjølv om den fysiske formen no byrjar å bli mykje betre enn den var for eit halvt år sidan, so slit eg framleis med dei same helseplagene so før. Eg vart henvist frå fastlege til manuellterapeut og der var eg på tysdag. Det vart teke ultralyd av dei store ledda, og “funksjonstest” av leddutslag og diverse. Det vart funne mykje væske i ledda, mykje meir enn det so skal vere der normalt sett. Har ny time på mandag og då skal me konsentera oss om bringa og overkropp. Kanskje ein kan finna ut kvifor eg har slik bringeverk og kvifor eg har knekt 2 forskjellige ribbebein ved 2 forskjellige høver berre ved å hosta lett/pusta tungt?
Har bytta medisin i løpet av sommaren også. Eg er no byrja med Brufen Retard. 2 tablettar om morgonen. 1600 mg Ibuprofen. Depottablettar. 
Og so er eg byrja å kvi meg til hausten og vinteren, for då er plagene størst. So då må eg trekka innomhus med trening og har allereie vore i kontakt med ein PT. Eg treng å stramma opp kroppen litt. Det heng litt her og der og dissar. So då blir det ein kombinasjon av styrke og uthaldenheit. Og so er planen å byrja på Herretrimmen med Tom og Tor Henning. Ein har no bikka 40 med god margin so då er det vel tid for det.

Snakkast.

 

 

 

 

 

 

Eit lite varsku……

Eg har alltid vore interessert i fisking og har mange kameratar so er opptekne av det same. Og mangen av dei i mykje større omfang enn meg sjølv.

Med ein heimasommar so me fekk i år pga koronaviruset, so er eg særs redd for fisken i vassdraga våre her lokalt. Eg har sett ein enorm vekst i bruk av kajakk og kano blant befolkninga, og eg er sikker på at dei ansatte på ferjene i distriktet har lagt merke til at det er mange so har kajakkar på taket av køyretøya sine. 
I Noreg i dag har me framleis lakseparasitten Gyrodactylus salaris i nokre av vassdraga våre, spesielt i Drammensregionen og Drivaregionen.
Kven kontrollerar kajakkar og utstyr mellom vassdrag? Er dette noko so turistane frå utlandet veit om? Kva gjer me for å sikra oss?

Henta frå Miljødirektoratet: (beklagar bokmålsbruken)

Gyrodactylus salaris kan spres av fritidsfiskere

Gyrodactylus salaris spres sjelden på andre måter enn ved flytting av fisk og vandringer av smittet fisk i brakkvann, men parasitten kan også spres med fiskeredskaper, båter eller annet utstyr i vassdraget. Ved lav vanntemperatur kan den leve frigjort fra sin vertsfisk i ca. en uke.

Gyrodactylus salaris kan leve og formere seg på laks, regnbueørret og røye. I tillegg kan parasitten også feste seg til andre fiskearter, og dermed bli spredt til nye områder.

Gyrodactylus salaris utrydder laksestammer

Gyrodactylus salaris spiser av laksungenes hud. Dette gir sårskader, og laksungene får problemer med væskebalansen. Problemene forsterkes ved at bakterier og sopp setter seg i sårene. Parasitten kan formere seg svært raskt. Den føder unger, og ungen er “gravid” før den selv er født.

Det er funnet mer enn 10 000 parasitter på en laksunge. Et stort antall parasitter fører til at laksungene gradvis svekkes og dør. Gyrodactylus salaris kan også feste seg til voksen laks som kommer opp i en elv for å gyte. Den voksne laksen blir ikke direkte påvirket av parasitten, men bidrar til å spre parasitten oppover i vassdraget.

Den nordatlantiske laksen er svært følsom for Gyrodactylus salaris. Praktisk talt alle laksunger i et infisert vassdrag vil dø. Etter få år vil antall voksen laks bli dramatisk redusert, og den lokalt tilpassede laksestammen vil være truet av utryddelse.

Erfaringen fra de fleste norske infiserte vassdrag er at parasitten fører til bortimot total utryddelse av laksestammen.

Gyrodactylus-infiserte vassdrag og ulovlig flytting av fisk representerer i dag den største smitterisikoen for andre vassdrag. Dersom det ikke gjennomføres tiltak for å utrydde parasitten eller smittebegrensende tiltak, vil den spre seg til nye vassdrag og områder.

En eventuell utvikling med stadig spredning av parasitten ville hatt alvorlige konsekvenser for norsk laks og laksefiske.

Bør me vere bekymra? Eg trur det.

 

Snakkast.

 

 

 

Hina, holdt nesten på å gløyma da…..

Det er jo laurdag og ny veging. Var på Molden og ein tur på Skriki etter forrige veging. Kosthaldet har vore so der. Åt kvelds, og sjølvsagt alt for mykje, i byrjinga av veka når me hadde besøk. Når ein får besøk so må ein jo vera sosial óg. Og då blir det ofte felles måltid og alt for mykje mat. Slik var det i ferien óg. Når folk samlast, so skal det etast. Og gjerne drikkast. Det er drepen. Gledar meg til å koma skikkeleg i gjenge att. Elles so satsar eg på ein eller annan tur i morgon.
Vekta i dag synte 100,3 kg. Nøgd med da. Har jo vore ferie.

01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg
15.08.20   100,3kg

Snakkast.

Brannfakkel…….

No er det spelt 9 rundar i OBOS-ligaen og nesten 1/3-del av sesongen er unnagjort. Eg ser no at det kan bli knallhardt for spelarane å få fullført sesongen utan at det går på helsa laus.  I OBOS-ligaen er det 16 lag. Av desse er det kun Lillestrøm, Jerv og Øygarden so spelar på naturgras. Dei resterande 13 laga spelar på kunstgras av ymse kvalitet. Når ein då spelar kampar mandag og fredag so blir det knallhardt for kroppen viss ein skal kunne gi 100% på eit slikt underlag. 
Eg reknar med nokre spelarar allereie har fått føling med belastningsskadar spesielt i hofteparti og nedre del av rygg. 
Dette er kun basert på mine eigne erfaringar med kunstgras. Friksjonen i kunstgraset er alt for stor, uansett kunstgras, til tross for kor mykje ein vatnar banene før og under kampar og trening. Og viss ein då i tillegg har ei bana med dårleg grunnarbeid so kjennest ut so ein spring på asfalt, so treng ein ikkje vere rakettforskar for å skjøna at det går på helsa laus. So kan ein spørja seg korleis NFF testar baner til godkjent bruk. 

Her er kva eg fann på NFF sine eigne sider under Veileder, Kunstgressboka:
(beklagar bokmålsbruken)

1.Ballsprett.
En ball slippes fra 2 m høyde ned på kunstgresset. Det måles hvor høyt ballen spretter første gang. Middelverdien av 5 målinger legges til grunn. 

2.Ballrulle. Det måles hvor langt en ball ruller etter å ha trillet ned en renne med fall på 45 grader fra en høyde på 1 m over kunstgresset. Middelverdien av 5 målinger legges til grunn. 

3.Støtdemping. Her måles den prosentvise kraftreduksjonen når et 20 kg lodd slippes ned på kunstgressdekket i forhold til om vekten slippes på et betongunderlag. Middelverdien av 2. og 3. måling legges til grunn. 

4.Deformasjon. Deformasjonen når et 20 kg’s lodd slippes ned på kunstgresset måles. Middelverdien av 2. og 3. måling legges til grunn. 

5. Rotasjonsmotstand. En stålfot med 6 fotballknotter belastes med 46 kg og motstanden mot rotasjon måles når foten har gjort minst 1/8 rotasjon.

6. Vanngjennomslippelighet Det måles hvor lang tid det tar for en gitt mengde vann å dreneres gjennom kunstgressdekket. 

Legg spesielt merke til punkt nr.5. So kan du du tenkje deg ein fotballspelar på 75 kg i 20 km/t so skal gjere ein retningsforandring, gjerne 100 gonger i løpet av 90 minuttar minimum 2 gonger i veka. Dette er heilt i grenseland over kva vaksne folk toler over ein gitt periode.

Snakkast. 

Ferien over og ny veging…

Ja, då går ferien mot ein ende. Attende på jobb på mandag. Då kallar pliktene. Kostholdsmessig so har ein kosa seg litt ekstra i ferie. Det har vore kveldar med både snop og chips. Spesielt mykje chips har det blitt. Det har blitt mykje søte kjeks på turar me har vore på, og det har blitt seine middagar. Ikkje so mykje grønt til middagane har det blitt heller. Har kanskje ete ein tallerken for mykje nokre gonger, men aktivitetsnivået har vore bra gjennom heile ferien. Difor var det digg at ein kunne gå på badevekta i dag og konstantera at ein ikkje har lagt på seg nemneverdig i ferien. Badevekti viste 101,1kg i dag. Det er eg særs nøgd med.
 

Det har blitt turar på Togga, Sogndalsdalen.

Einvikfjellet, Flatanger Kommune

Utvorda Festning, Flatanger Kommune

 

Stølhøa, Oppdal Kommune

På tur opp til Leianipa, Bremanger, med utsyn over Grotlesanden. Flottaste badestrondi i Noreg.

Smalerabben, Bremanger. Eg hadde ein video herifrå når eg sprang over, men den finn eg ikkje att. Er uansett ikkje noko for sarte sjelar.

Rugsundøy Kystfort. Ein skjult skatt i Sogn og Fjordane. Fortel ein utruleg historie, og utruleg mykje å sjå. Vel verdt eit besøk.

Kanonleiting i Havreneset, Florø. Denne ligg mot Gunnhildvågen, heilt vekkgøymd.

Denne er lett tilgjengeleg i Havreneset.

Ein flott kveldstur til Hatlesetnipa, Florø. Gjekk om Dagsturhytta på Fløgjen på veg ned att. Flott tur.

Badevekti i dag. Nøgd med det.

Sogndalsdalen, sett frå Togga.

Frå Storfjellet på Lauvsnes, Flatanger. Rett uti havet bak øyane der går leia. Det segla Hurtigruta forbi med anløp Rørvik.

Frå Rylandshornet, Bremanger. Berre 25 minuttar opp, men med ei fantastisk utsikt. 

Har fått gått ein del turar i sommar og kjekt har det vore. Sjølv om denne sommaren vart ein del annleis enn me hadde tenkt, so vart den meget bra likevel. 

 

Utviklinga so langt:
01.01.20   128kg
30.03.20   120kg
04.04.20   118,4kg
11.04.20   117,6kg
18.04.20   115,2kg
25.04.20   114,7kg
02.05.20   111,8kg(væsketap)
09.05.20   113,3kg
15.05.20   111,4kg
23.05.20   109,7kg
30.05.20   108,1kg
06.06.20   107,7kg
13.06.20   104,9kg
20.06.20   103,9kg
27.06.20   103,4kg
04.07.20   102,2kg
11.07.20   101.0kg
18.07.20     99,1kg(anna badevekt)
25.07.20   Ferie
01.08.20   Ferie
08.08.20   101,1kg

Eg skal skriva litt om fotball seinare i dag viss eg får tid. Elles kjem det i morgon.

Snakkast.