På tide å setta ein fot i bakken….

Fotballen har vore med meg heile livet. Sidan far min drog meg med på gamle Fosshaugane med raud grus rundt grasbana tidleg på 80-talet og heilt fram til no. 
Etter mange år so aktiv fotballspelar sjølv på eit heilt greit nivå og endå fleire år på tribuna. Det var iallefall 20 år med overlapping her óg. Angrar framleis på at eg ikkje ga litt meir gass når eg var yngre, og difor manglar eg OBOS-ligaen og Eliteserien i “beltet” i dag. Men eg har vore priviligert so har fått opplevd so mykje moro. Og alle dei 100-vis av kjekke folk eg har møtt på. Tusen takk.

Når eg skriv dette her so sit eg i Oslo og forberedar eit styreseminar so me skal ha i morgon i Norsk Supporterallianse(NSA). NSA er paraplyorganisasjonen til alle supportarklubbane i Noreg og her sit eg so styreleiar for ein fantastisk gjeng i styret.
Men det var ikkje meg dette innlegget skulle handla om, men derimot fotballen og framtida.

Qatar skal arrangera VM i 2022. Super League. Newcastle er blitt kjøpt opp av Saudi-Arabia. Man.City er eigd av eit konsortium frå den arabiske halvøy i lag med andre “City”-klubbar. Liverpool og Manchester United har amerikanske eigarar. Og ikkje gløym PSG. Og Chelsea. Og Real Madrid og Barcelona er teknisk konkurs. Og ikkje minst VAR. Lista er lang over ting i fotballen ein kan gremmast over. Det gjer meg umåteleg trist. Fotballen er i ferd med å gløyma seg sjølv. Me er på veg i heil feil retning. Kapitalistane skal bruka fotballen vår til å stråla i glansen. 
Eg har fått mange kommentarar denne veka om at: “ Ja, du gliser no. Høgt oppe etter 5-0 borte mot Manchester United”. Tja. Eg seier so sant er at eg såg ikkje kampen ein gong. Liverpool er ikkje det same for meg so det ein gong var. Eg føl med, men MÅ ikkje sjå alle kampar, og eg legg ikkje opp livet mitt etter terminlista lenger. Eg tykkjer det er trist at dei lokale i Liverpool ikkje har råd å gå på kamp fordi me turistar brukar 20.000 kroner på 2 kampar i sesongen. Og difor er det over 7 år sidan eg var der borte. Eg såg fan ikkje når Jordan Henderson løfta Premier League-pokalen heller etter 30 års venting på eit seriemeistarskap. So der har du meg i 2021. So neste gong du ser meg og vil diskutera Liverpool, so ikkje ta det for gitt at eg har sett kampen.

Men det so er viktig er Noreg, Sogndal, og Fjøra, og lokalfotball, Og sjølvsagt Tyskland. Der sit all makt i fotballen på medlemmane sine hender. Tyskland har 50+1-regelen. So Wikipedia so fint seier det: 
“The 50+1 rule is an informal term used to refer to a clause in the regulations of the Deutche Fussball-Liga (German Football League). The clause states that, in order to obtain a license to compete in the Bundesliga, a club must hold a majority of its own voting rights. The rule is designed to ensure that the club’s members retain overall control, by way of owning 50% of shares, +1 share, protecting clubs from the influence of external investors.”

Me har denne helga fått besøk av våre gode vener i Supporters Direct Europe. Det er ein paraplyorganisasjon for oss nasjonale supportarorganisasjonar og medlemsstyrte fotballklubbar. Organisasjonen er registrert i Irland og eg og NSA var med og signerte skipingsdokumenta. Me skal ha gode samtalar og diskusjonar denne helga og me får samstundes besøk av NFF, Norsk Toppfotball og SK Norge. 

Men viktigast av alt for å vere med å påverke fotballen i den retninga eg og mange med meg meinar, so må du melde deg inn i din fotballklubb for å vere med å påvirke. Noko anna er nytteslaust. Difor er det no viktig å setta ein fot i bakken. Vil du vera med på reisa so kapitalistane legg opp til, eller vil du ha fotballen so ein idrett for alle? 

Det er ditt val.

Snakkast.

 

 

 

Jakta på hovudtrenar……

Det har kome meg for øyra at Sogndal har fått nei frå både Tore Andrè Flo og Marius Lenni Bøe til den ledige stillinga so hovudtrenar. Dette vart difor 2 skikkelege skjær i sjøen for Sogndal Fotball.

So spørs det kva Sogndal leitar etter? Har dei planar om å henta ein ung trenar so styreleiaren og sportssjefen kan styra sjølv? Eller set dei klubben framføre seg sjølv og hentar ein so verkeleg kan røska opp i saker og ting på Fosshaugane? Ein so kjem utanfrå med pondus og verkeleg set skapet på plass. 

Eg har ressonnert litt og tenkt attende på når Sogndal spelte sin beste fotball til no i seriesamanheng. Eg klarar ikkje å finna flottare fotball enn den Sogndal spelte i 2002 og 2003 sesongen under Torbjørn Glomnes og Jan Halvor Halvorsen. Sogndal i ein klassisk 4-3-3 formasjon: Terje Skjeldestad – Robbie Russel, Marco Reda, Raoul Kouakou, Christian Kalvenes – Rune Bolseth, Rune Buer Johansen, Anders Stadheim – Aleksander Ødegård, Håvard Flo, Tommy Øren. 11 spelarar so passa utruleg godt i rollane sine so ein 4-3-3-formasjon krev. Bodø/Glimt og Kjetil Knutsen har endå større suksess med denne måten å spela fotball på i dag nesten 20 år seinare. Det var naturstridig då når Sogndal var gode, og det er naturstridig i dag at Bodø/Glimt er so gode so dei er. Og me kjenner alle til suksessen ein 80-årig trønder hadde med same formasjon og system både i Noreg og ute i Europa…..
Eit anna lag so har suksess med 4-3-3-formasjon i dag, og so har gått litt under radaren her heime, er KuPS frå Kuopio i Finland. 8.største byen i Finland, og med 5 kampar att av årets serie so ledar dei med 5 poeng. Stadion deira er halvparten so stor so Fosshaugane, sjølv om det bur over 100.000 innbyggarar i byen. Kuopio er mest kjent for vintersport og laget blir trena av ein so me her i Noreg vart kjent med so hovudtrenar i Tromsø, Simo Valakari.

Men han so trente KuPS i fjor til ein 3.plass i Veikaussligaen, og so no er ledig på marknaden, nemleg Arne Erlandsen. Viss Sogndal hadde ansatt han so er eg sikker på at Sogndal hadde rykka opp på maksimum 2 sesongar. Det er ein trenar so hadde røska opp i det sportslege i klubben vår, og kunne staka ut ein ny kurs for Sogndal Fotball. Akkurat no er han mitt beste alternativ på kva so kan vere realistisk for oss å klara å henta. Han er samstundes svak for Sogndal og han drog jo med seg IFK Gøteborg, då han var trenar der, på treningskamp i Sognahallen i januar 2005.

Arne Erlandsen er difor mitt fremste ønskje so ny trenar i Sogndal.

Snakkast.

4 leigesoldatar….

Sogndal har 4 leigesoldatar hjå Øygarden FK. 
Eivind Helgesen, Mathias Sundberg, Anders Nord og Adrian Solberg. Alle desse sterkt involverte då Sogndal sine juniorar vann både NM og Nordisk attende i 2018 og 2019. Desse var/er framtida til Sogndal. 

Samstundes so har me henta Emil Palsson og Steffen Skålevik på lån ut sesongen og Noah Solskjær og Amin Nouri på kortidskontraktar so strekkjer seg ut sesongen. 
Eg trudde me hadde lært etter Bjørn Helge Riise og Trond Olsen- affæren. Eg mistenkjer at speidar-rapportane Sogndal får inn er veldig opphausa.

Dei 4 leigesoldatane hadde funne seg plass rett framføre Saftkokaradn under Åsane – Sogndal på onsdag der heimelaget vann 1-0 etter det so var ein svak kamp av sogndølene. Alle 4 må jo ha tenkt tanken i løpet av kampen at: “Fan, eg er no betre enn dette her.” 
Det er ingen utpå bana der so har klubbkjensla lenger. Dei spelar kun for seg sjølv og ikkje for drakti og bygdi. So Rolf Navarsete ein gong sa da: “Kvar gong eg tok på meg den svarte og kvita drakti, so spelte eg mot dei store byane”. 
Difor er eg sterkt i mot den spelarpolitikken so blir ført på Fosshaugane. Eg er meir supportar av å bygga eit sterkt kollektiv, enn at me skal vera 11 spelarar med kvar sin eigne plan. Og eg veit ikkje om ungdommane har eit større utbyte av å vera i Øygarden enn å vera her heima i Sogndal. Dei har det, for all del, sikkert kjekt og treningskvardagen er sikkert ok, men det må no vera mykje betre for dei å vera i klubben og bli følgt opp kvar dag i tillegg til å ha fast kamparena på Sogndal 2? For Sogndal 2 ser ut so dei kunne ha trengt veldig mykje hjelp der dei ligg sist i Norsk Tipping-ligaen. Kamparenaen deira hadde vore eitt hakk ned, men dei hadde fått mykje meir speletid enn det dei har fått i ØFK. Og treningskvardagen hadde vore mykje betre slik at totalen hadde blitt betre. Og so hadde du i tillegg fått 4 ungdomar so brenn for klubben. Det må no vera betre for oss so klubb? Eller kva tenkjer de?

Og i morgon kjem eit av topplaga på besøk. Jerv frå Grimstad blir ei lei nøtt. Men me møter opp i god tru og eg er klar for å gi mitt frå tribuneplass bak mål. Håpar laget får enda måltørken sin og at spelarane kjempar om kvar ein ball.

Det var også kjekt å sjå at dei hadde lyst ut stillinga so Dagleg Leiar. Håpar mange gode kandidatar søkjer. 

Snakkast på Fosshaugane i morgon. SNP