Sogndal FK Damer. Eit friskt pust……

I dag skreiv Sogndal FK Damer historie og spelte sin første offisielle heimekamp på Fosshaugane og Frigg frå Oslo var motstandar på andre banehalvdelen. Frigg er eit lag so satsar hardt mot opprykk og har vore nær dei siste sesongane. Sogndal kom heim med 3 poeng i bagasjen frå den første kampen borte mot Høybråten og Stovner og det unge laget til trenar Robert Hovland fekk den første store testen her.

Sogndal sine unge håpefulle, dei fleste i alderen 16 til 18, gjekk ut utan å tenkja på kven so stod på andre sida av bana. Respekten var lagt att i garderoben og til å byrja med kunne ein kanskje tenkja seg at dette er noko dumdristig. Men Sogndalsjentene ga ikkje ved dørane og var fullt på høgde med motstandaren det første kvarteret, til tross for at Maia Øen i Sogndal-målet måtte i aksjon ved eit par høve. Etter at eit lite Friggovertak det første kvarteret hadde lagt seg, so jamna kampen seg meir ut. Sogndal tørra å spele sitt eige spel med oppbygging bakfrå, oppspel sentralt i midt med dame i rygg, og ned og deretter ut breitt. Eg trur ikkje heilt Friggspelarane var klar over kva so møtte dei på Fosshaugane, for Sogndalspelarane var over dei so nokre haukar frå første minutt og vart løfta fram av ein ivrig gjeng bak målet i form av Saftkokaradn.

Like før pause vinn Sogndal ballen høgt i bana og Anna Grindhaug blir sett opp 1 mot 1 25 meter frå mål og utfordrar eine midtstoggaren til Frigg. Grindhaug blir lagt i bakken innanfor 16 og straffe til Sogndal. Den ekspederte løpsmaskina på topp, Marte Hovland, sikkert i mål til stor jubel frå dei frammøtte. Og med det gjekk laga til pause med leiing til Sogndal.

2. omgang starta nesten identisk med første . Frigg med eit lite overtak, og denne gongen fekk dei betalt. Keeper Maia Øen var uheldig og Frigg kunne setta 1-1.
Men etter dette dreia alt seg om heimelaget. Dei pressa, takla, sprang og ofra seg for kvarandre. Høgreback Thea Sviggum Elle fekk seg ein skikkeleg trøkk i hovudet so blodet spruta og måtte bytast ut. Jogga ut for eiga maskin for behandling til stor applaus frå publikum. Slik innsats likar me.

Det gjekk ikkje lange stunda før Sogndal kom seg fint ned på høgresida og eit solid innlegg traff Andrea Sælid Njøs so hadde ein enkel, men viktig, jobb med å setta ballen i mål. Heimepublikummet var i sjuande himmel. Sogndal stod godt i formasjonen sin og i det ein trur dei skal legga seg bakpå å prøva og ri leiinga inn, so fortsette ein med å spela sitt eige spel. Anna Grindhaug på midtbana og midtstoggar Josefine Thorsnes Lefdal spelte framifrå fotball. Grindhaug med kloke val med ball og god oversikt, i tillegg til å vere den terriaren på midtbana, hadde ein meget god kamp og var Sogndals beste i dag. Thorsnes Lefdal har kvalitetar so midtstoggar, og spesielt når ho avanserar med ballen i føtene framover i bana. Då skapar ein ofte overtal sentralt og det blir ofte farleg framover då ein får veldig mange valmoglegheiter. 

Sogndal heldt stand og var nære på 3-1 ved eit par høver. Dei hadde eit skot i tverrliggaren frå frispark og var også åleina med keeper etter ei nydeleg frispeling sentralt. Frigg prøvde å legga eit lite trykk på Sogndal på slutten, men dei kom ikkje noko nærare enn eit par halvhjerta forsøk so Maia Øen tok seg greitt av. 

Sogndal sikra seg difor 3 nye poeng i vårsoli på Fosshaugane, og det var ein fullt fortent siger. Sjølv om eg nemner nokre namn lenger oppe her so var dette først og fremst ein lagsiger der alle saman løfta kvarandre opp og fram. Desse jentene blir eit friskt pust på Fosshaugane framover og viss du likar fotball er dette absolutt eit lag du må få med deg. Utruleg kjekt å vere til stades på Fosshugane i dag. 

Må også få trekka fram innsatsen til dei vél 20 supportarane frå Saftkokaradn so laga bra støtte og stemning bak målet. SNP

 

Snakkast