Dusan

66 Vadseth
Vadseth, Vidar
Kp C, TmBn
KFOR 1, Lebane
Aug.99 – Apr.00
Kallenamn på samband: 3A2 Sherlock

 

DUSAN

I Lebane By, so var plassert ca 8 km nord for bygrensa til Pristina, so hadde me ein lyttepost på verandaen til ein lokal mann. Han budde i eit stort hus der det var garasje i kjellaren, og innreidd 2 etasjar over der. Me sat på loftet på verandaen der og hadde utsyn over heile landsbyen. Landsbyen var ikkje stor og husa sikkert ikkje meir enn 400 mennesker. Landsbyen låg berre eit par kilometer frå leiren vår.
Men her var me altso. Me var til ei kvar tid stasjonert eit halvt lag her. Dette rullerte heile kompaniet på, og ikkje berre troppen min. 4 mann, 8 timar på og 8 timar av. 2 mann på OP og 2 mann so slappa av, sov eller i dette tilfellet, spelte sjakk med husherren, Dusan. Sjakk var den store lidenskapen til Dusan, og han knuste jo oss lett. Men det var eit flott avbrekk for oss soldatar og me spelte sjølv nokre interne rundar med oss sjølv når Dusan sov.

Dusan var ein eldre kar på rundt 50-55 år, og me var berre i byrjinga av 20-åra den gongen. Dusan var ein veldig hyggeleg fyr og hadde stor respekt for jobben me var sett til å gjera i landsbyen hans. Eg veit ikkje om Dusan hadde familie, men han budde i allefall åleine i dette store huset. Det var veldig vanleg at familiane reiste til andre delar av Europa når konflikta pågjekk i Kosovo, mens  ein person var att og holdt «fortet» heime i Kosovo. Lebane var ein liten serbisk landsby, og samanlikna med Pristina ein liten flekk på kartet. Når det før krigen budde 250.000 innbyggarar i Pristina med kosovoalbanarar og serbarar blanda, so budde det no 500.000 kosovoalbanarar i Pristina, og veldig mange serbarar i områda rundt. Mange serbarar hadde òg flytta nordover til Serbia, der det var mykje tryggare.

Men attende til Lebane. I Lebane utførte me all slags patruljering i tillegg til OP’en me hadde. I tillegg gjennomførte me husransakingar og førefallande militære oppdrag. Dei første 3 månadane av oppdraget so budde me mykje sivilt då me ikkje hadde fått kontainarar i leiren der me kunne overnatta. Me budde i telt og hjå private mens me hadde alt av lag-, tropp- og kompaniutstyr lagra i leir. Når me endeleg fekk kontainarar so budde me 4 PAX på ein kontainar og me hadde personleg militært utstyr lagra i Zargeskassar på utsida so de kan sjå av biletet.

I Lebane By, viss det ikkje var Trudna, usikker her no, gjorde me det største funnet av kontantar i mitt kompani. Det vart funne over 400.000 tyske mark under ei ransaking av eit hus. Det budde 1 vaksen mann der, og forklaringa hans var at han hadde 7 søner so budde og jobba i Tyskland og sendte han pengar heile tida. Det tilsvara 1,6 millionar norske kroner den gongen. Pengane var pakka på Escobarvis og såg veldig mistenkeleg ut. 
Saka vart overlevert UNMIK https://no.wikipedia.org/wiki/FNs_midlertidige_administrasjon_i_Kosovo og politiet der for vidare etterforsking. Har ikkje peiling på kva utfallet vart.

Hjå Dusan hadde me det veldig fint. Han laga nokre himmelske pannekaker med sirup på og varta oss skikkeleg opp. Me ga han sjølvsagt pengar for dette, og me fekk med oss ei flaska kvar med Slivowitz når me var der siste gongen. Slivo er lokalt serbisk brennevin. Den hugsar eg at eg hadde med meg heim og spanderte på mine kameratar. Eg trur dei sa at det smakte hoggorm. Hahahaha. 
På loftsstova til Dusan låg me på feltsenger type militær. Det var spartansk, men me klarte oss fint. Dusan lurte alltid på kva godt han kunne gjera for oss. Eg hadde ikkje inntrykk av at han var særleg bemidla, men brukte det han hadde av midlar for at me skulle ha det so komfortabelt so mogleg. Han gav av heila hjartet sitt og litt til. Dusan er ein kar eg alltid kjem til å hugsa og kjem til å bera med meg heile livet. 
Ein skikkeleg heidersmann. 

Takk til Steinar Myraune for bruk av bilete av Dusan.

Snakkast.