Får me sjå ein gamal sirkushest?

No når Tore André Flo vart presentert so ny Sogndaltrenar i går so vart me samstundes under pressemøtet lova offensiv fotball frå stryningen. TAF hadde so spelar sine kvalitetar i det offensive spelet, so me alle kjenner til, og difor er eg litt tvilande til hans kvalitetar til å løysa den defensive organiseringa. Me har hatt hjelp på Fosshaugane før frå ein so har hjelpt oss med struktureringa bakover i bana. Det er same mann so henta Tore André Flo til Tromsø i 1994. Og so han også hadde so assistenttrenar på landslaget frå hausten 1998 til 2003. Eg tippar at Harald Aabrekk blir å sjå på Fosshaugane i nær framtid.

Og so køyrer Sogn Avis sak i dag om at Marius Lenni Bøe ikkje er ønskt med vidare, ifølgje han sjølv. Klubben seier i sitt forsvar at so ikkje er tilfelle og at dei so vanleg er inne i ein prosess. Lurar på kor mange prosessar dei klarar å køyra samstundes på Fosshaugane? Det er ikkje reint få. Og atter ein gong kjem det fram svakheit når det står på kommunikasjon mellom leiing og ansatte. Sogndal Fotball MÅ vere tydelege.

Og i morgon ventar Start på motsett banehalvleik på Fosshaugane kl. 15.00. Den kampen må vinnast. SNP

Snakkast.

Endeleg ny trenar på plass.

I dag vart det endeleg bekrefta at det blir Tore Andrè Flo so blir Sogndal sin nye trenar frå 1.januar 2022. Det har vore spekulasjonar om Flonaldo ganske lenge i Sogndal og han har, etter det eg skjønar, vore førstevalet til klubben.

Sjølv om det er godt med ei avklaring, so tykkjer eg det er litt risiko og gambling å ta sjansen nok ein gong på ein trenar med ein heilt blank trenar-CV. Eg skal ærleg innrømma at eg har litt blanda kjensler. Flo har eit stort namn og nettverk, men han har til gode å trena eit seniorlag. Og det skal han gjera først i sitt 49. leveår, så eg føler det er litt gambling. Det so blir viktig framover, og so eg sa til Sogn Avis:

Tydelegheit. Det er ein suksessfaktor om det er ei bedrift, lagsport eller organisasjonsarbeid. At laget og klubben får éin retning, so er ryddig og strukturert. Eg føler ikkje at det har vore ein klar profil og system dei siste fem åra. Det har vore så rotete. No skal me gjera det annleis enn i fjor, men neste år skal me gjera noko nytt att, likso. Sogndal må finna seg sjølv. 

Kva er Sogndal-stilen, korleis skal me stå fram, og korleis skal me framstå dei neste 10 åra? Har me ein plan for det? Det må Flo, sportssjefen og styret jobba med å finna ut av. Eg ønskjer meg ein tydeleg profil og stil, og det er det mange med meg so ønskjer.

Eg vil heilt til slutt ønskja Tore André lukke til og vil ønskja han og familien hjarteleg velkomen attende til Sogndal.

Snakkast.