Sogndals tabellplasseringar sidan 1980.

Eg har laga ein oversikt over tabellplasseringane til Sogndal sidan 1980. Der Sogndal har spelt på 2.nivå med 2 avdelingar, so har eg slege saman tabellane og rekna ut tabellplasseringa etter oppnådd poengsum.

1980. 21.plass
1981. 13.plass
1982. 11.plass
1983. 17.plass
1984. 17.plass
1985. 18.plass
1986. 26.plass
1987. 13.plass
1988. 6.plass
1989. 11.plass
1990. 13.plass
1991. 9.plass
1992. 11.plass
1993. 13.plass
1994. 11.plass
1995. 17.plass
1996. 16.plass
1997. 11.plass
1998. 14.plass
1999. 19.plass
2000. 17.plass
2001. 8.plass
2002. 11.plass
2003. 8.plass
2004. 14.plass
2005. 21.plass
2006. 20.plass
2007. 21.plass
2008. 18.plass
2009. 20.plass
2010. 17.plass
2011. 14.plass
2012. 12.plass
2013. 12.plass
2014. 15.plass
2015. 17.plass
2016. 11.plass
2017. 14.plass
2018. 20.plass
2019. 22.plass
2020. 19.plass
2021. 22.plass
2022. 23.plass

I 1986 var me berre 4 poeng frå å rykka ned på 3.nivå og det er den dårlegaste ligaplasseringa vår på dei 43 siste sesongane. Då var me rangert so nummer 26. Strømsgodset rykka ned det året frå vår avdeling. So årets sesong er den nest dårlegaste sidan 1980. Og sesongane 2021 og 2019 kjem deretter.

Dei 3 beste sesongane er 1988 med 6.plass. Deretter følgjer 2001 og 2003 med 8.plass. Og i 1991 hamna me på 9.plass.

Dei beste 10-åra rangert etter poenggjennomsnitt:
1990-99: 13,4 plass
1980-89: 15,3 plass
2010-19: 15,4 plass
2000-09: 15,8 plass

 

Klubben først.

 

Snakkast.

Litt statistikk ein søndag kveld…

Sidan 1980 har Sogndal spelt 43 sesongar på dei 2 øverste nivåa i norsk fotball. Etter den flotte 3-0 sigeren på Raufoss i går, so måtte eg ta ein liten kikk i historiebøkene. Eg sat med ein følelse at me ofte tapar i siste seriekamp, so eg måtte sjkka litt.

Me har difor spelt 43 kampar i siste serierunde gjennom desse åra. Det har resultert i 14 sigrar, 9 uavgjort og heile 20 tap. Den største sigeren kom i 1987 heima mot Varegg med 5-1 og det største tapet kom i 0-9 tapet heima mot Stabæk i 1998. Sistnemnde er også den mest målrike kampen. 2 gonger har me spelt 3-3 i siste serierunde. Det skjedde i 1989 borte mot Mjølner på øvste nivå og i 2002 borte mot Molde, også det på øvste nivå.
Frå 1988 til og med 1994 gjekk me 7 sesongar utan å vinna siste seriekamp, mens det lengste me har gått utan å tapa i siste serierunde er 3 sesongar. 1981-83, 1993-95, 2000-02 og 2010-12. Og det mest vanlege resultatet har vore 1-2 tap, so har skjedd 7 gonger.
Dei 2 siste sesongane er dei dårlegaste plasseringane me har hatt på desse 43 åra. 22.plass i fjor og 23.plass i år. No må snart pila peika oppover. Me må snu kvar ein stein i løpet av vinteren.
For 2.nivå gjeld følgjande: Berre 1 gong tidlegare har me rykka opp den påfølgjande sesongen med siger i siste serierunde. Det skjedde i 1995-1996.

Klubben først.

 

Snakkast.

 

 

Andrelagsdebatten

Nok ein gong blir problemstillinga rundt dei profesjonelle klubbane sitt andrelag diskutert i fotballfylket. Etter eit lesarinnlegg hjå firda.no https://www.firda.no/fotballen-pa-ville-vegar/o/5-15-1468909?fbclid=IwAR26TGg6r-lNprAUJphZsGXlru8apAmZ7nXHMyn_M1KWE2xQb1JNhWl5qAM
so løftar Nils Jordanger frå Breim denne fram att. Dette har vore ein debatt so har vore litt av og på dei siste 15-20 åra.
Kampen so drog dette i gong att, var Jølster – Sogndal i 3.siste serierunde der Sogndal vann 15-1 på Skei.
Til Sogndal sitt forsvar so var det mange spelarar so var attende frå skade og trengte kamptrening, men 15-1 er i meste laget, og ein kunne heilt sikkert ha trekt litt i bremsen. Trist for Jølster sjølvsagt. Og eg reknar heller ikkje med at mange jølstringar blir å sjå på A-laget sine kampar på Fosshaugane på ei stund. So ein kan trygt sei at det skadar omdømet til Sogndal Fotball.
Men på den andre sida so trekker artikkelforfattaren inn Årdal so ein av taparane her. Eg vil minna han på at Årdal spelte heime mot Studentspretten den 23.juni. Då var allereie veldig mange studentar reiste frå fruktbygdi for sommaren. Dei hadde knapt spelarar, og stilte med 2 på benken. Årdal pøste på og vann 13-0.
So er det diskusjonen angåande 2.lag/reservelag i det ordinære seriespelet. Her er eg meir på linja med Jordanger. Det er på høg tid at laga tilknytt Norsk Toppfotball(NTF), Eliteserien og OBOS-ligaen, spelar i ein eigen reservelagsserie. Med den nye mediavtalen so går no frå 2023 og ut 2028 so blir det spytta inn 4,5 milliardar kroner, altso 750 millionar kroner i året i norsk fotball. Eg tenkjer at økonomien er der, men er det vilje til å gjennomføra dette? Kva tenkjer klubbane? Og er f.eks. Molde 2 og RBK 2 aktuelt for eit større publikum? Dei rette her er å spørja President Lise Klaveness, Kretsleiar Robert Endestad og Dagleg Leiar NTF, Leif Øverland.
Eg meinar iallefall det er på høg tid å ta debatten fram att.
Snakkast.

Vil me verkeleg opp i år?

Det virkar so det er eit veldig jag etter den “viktige” kvalikkplassen for Sogndal denne hausten. Me er 3 poeng bak 6.plassen 4 rundar før slutt. Eigentleg 4 sidan me har dårleg målskilnad, men er det eigentleg noko poeng i å hamna på kvalikk i år?

Me har ikkje fått spelt inn nokon klar første-11’ar, me har 2 spelarar på leige so spelar fast, me har nokre gode ungdomar so heilt klart treng ein god sesong til på dette nivået for å ta neste nivå, og me manglar referansespelarar i alle ledd.

Eg tippa Sogndal rundt midten på tabellen før seriestart og det er ikkje so langt vekke det tipset når sesongen er over uansett utfall i dei siste 4 rundane. Men eg tenkjer at det er viktig å ha ein fot i bakken, og la dette laget utvikle seg vidare med nokre signeringar i løpet av vinteren. Og so kan det kanskje vere lurt med ein lang fotballpause når 30 serieomgangar er unnagjort, so ein slepp å kasta vekk masse energi på førebuingar og ein kvalikk der me, i beste fall, har ein ørliten sjanse til å gå heile vegen. Og når me først tek steget opp ein divisjon, so må me ha lag til å rykka opp med. Det har me ikkje pr. no. SNP

Klubben først.

Snakkast.