Terminlista 2021. Mange mandagar for OBOS-ligaen…

I dag kom terminlista for Eliteserien og OBOS-ligaen. Det vart akkurat so eg frykta. Koronafotballen har gitt TV-selskapa gode sjåartal og dei er kjempehappy. Dei har difor valgt å legga hovudrunden til OBOS-ligaen til mandagar. Om dette hadde kome viss me ikkje hadde fått pandemien, det er eg faktisk litt usikker på. 

Eg registrerar stor misnøye blant supportarane av lag i OBOS-ligaen pga val av kampdag for hovudrunden. Det er ikkje slik at det berre er mange bortesupportarar so har problem med å koma seg på kamp på mandagar, men også mange heimesupportarar pga. arbeid og reisetid. Eg kjenner eg er ganske forbanna sjølv på dette oppsettet her.

Men det er meiningslaust å sitta og klaga viss ein ikkje har ei løysing. 

Sjå her. 

OBOS-ligaen er satt opp med 1 kamp søndag 15.00. Hovudrunde med 6 kampar mandag 18.00 og 1 kamp 20.00.

Eliteserien spelar 1 kamp laurdag 16.00 og 1 kamp 18.00.
5 kampar søndag 18.00 og 1 kamp 20.00.

Etter kva eg skjønar so skal hovudrunden i Toppserien spelast laurdag 15.00 med hovudkamp på søndag.

Forslag for OBOS-ligaen:
Flytt Eliteseriekampen laurdag frå 18.00 til 20.00.
Flytt hovudrunden for OBOS-ligaen, altso 6 kampar, til laurdag 18.00 istadenfor mandag. Då blir det ingen kollisjon med dei andre i Toppfotballen. Slik vil OBOS-ligaen sjå ut då:

6 kampar laurdag kl. 18.00.
1 kamp søndag kl. 15.00.
1 kamp mandag kl. 20.00.
Verre er det ikkje.

Hovedtyngden av klubbene synes at det er bra at de står alene. Det er også noen klubber som har mange spillere som går i jobb, da er det en utfordring å spille på mange mandager. Det er vi klare over, men brorparten av klubbene synes det er bra,” sier NFFs konkurransedirektør Nils Fisketjønn til rettighetshaver Eurosport.

Her grev klubbane si eiga grav. Dei er sikkert godt nøgde dei. 

“Ååååå, so flott med kamp på mandag, då er eg jo på jobb likevel. Då slepp eg å jobba på ein laurdag eller søndag. So flott altso.” 

Det blir iallefall særs tungt å vere supportar og friviljug denne sesongen her, det kan eg lova dykk. Og løysinga var so enkel.

Rosenborg – frå go’foten til drittstøvlar…..

I dag har det kome inn eit bod på Sivert Mannsverk frå Rosenborg. Nidaros.no melder at bodet ligg på i overkant av 5 millionar korner. Rosenborg veit godt at dette er langt under Sivert sin marknadsverdi. Det er ikkje unaturleg at Sivert kan gå frå Sogndal og direkte til utlandet for 20 – 25 millionar kroner i dagens marknad.
Det er heilt greit at Rosenborg legg inn bod, og hadde det vore i nærleiken av marknadsverdien so hadde dei ALDRI godt ut med kor mykje bodet var på. So kva ønskjer Rosenborg å oppnå med dette? For og sei det slik so er det ikkje Sogndal Fotball so har ringt Nidaros.no for å fortelja om størrelsen på bodet. 
Dei, so den desidert største økonomien i Fotball-Noreg, prøvar og pressa prisen ned, og so skal Sogndal og IL Jotun bli skadelidande for dette når dei prøvar seg med eit heilt latterleg skambod. Men Markus Henriksen med 8 millionar i løn er ingen problem. Snakk om perspektiv…..

Her må styret i Sogndal Idrettslag Fotball sitta heilt roleg i båten. Her er det viktig at ein klarar å halde hovudet kaldt og at det blir mange millionar til både sogndølene og årdølene. Sivert har ein kontrakt so går ut i desember 2022, og det tyder på at han i utgangspunktet har 2 sesongar att i Sogndal. Og eg er ganske trygg på at Sivert ikkje går ut kontraktstida for so å forsvinna gratis til ein annan klubb i januar 2023. Det klarar eg ikkje å sjå føre meg. Då har eg meir tru på at det blir signert ny kontrakt og venting til det rett tilbodet dukkar opp.

Sivert dominerar allereie stort i mange kampar i OBOS-ligaen, men han har nokre kampar der han også er veldig usynleg. No skal det takast med i reknestykket at sesongen i år har vore veldig komprimert med mykje kampar på kort tid, so ein 18-åring kan bli sliten i eit tett kampprogram. Men eg føler Sivert har mykje meir inne og eit høgare botnnivå, og det skal bli særs moro å følgja han i ein normalsesong, so eg håpar me får i år. 

Og til Rosenborg og andre norske klubbar: Gløym da!

 

Snakkast.

 

 

Årets første tur til Slakken og litt om planen vidare.

Årets første tur til Slakken er gjennomført og det på den mest kjølige dagen til no denne vinteren. Brukte 52 minuttar frå bom til bom på snøføra. Det var ein tidlegare supportarsjef so hadde vore oppe før meg i dag på ski so klagde på at det lugga fele. Det vart ein strålande tur i friskt vinterver. Var 6 minus når eg gjekk heimattefrå.

Planen vidare er å stabilisera seg no på rundt 95 kg og vega seg første laurdagen i månaden. Denne laurdagen vog eg 97,5 kg. So frå 1.januar i fjor på 128 kg til 97,5 no er tålig bra. Eg skal lett innrømma at eg har kost meg godt i jula, sjølv om eg ikkje har lagt på latsida. Eg tykte eg fortente det etter eit intensivt år. Sigarettane har eg ikkje rørt på 46 dagar og dei kan framleis berre ligga på butikken. Elles so er planen å oppretthalda treninga, aktivitetsnivået, eta sunt og balansert.

Helsemessig so skal eg på MR i by’n 11.januar og til revmatolog på Haukeland 9.april. Skal bli spennande å sjå om eg får nokre svar då på kva so eigentleg feilar denne kroppen. 

Utviklinga so langt.
01.01.20   128kg
02.01.21    97,5kg   Livvidde 93 cm

Snakkast

Kva er stoda for Dame- og Jentefotballen i Sogndal?

Etter at det i fjor var eit veldig dårleg klima i Dame- og Jentefotballen i Sogndal so lurte eg på kva so er status no? Etter det eg forstod so var det problem med trenarkabalen i fjor, og korleis er status her i år?
Eg las ein artikkel på NRK om Dame- og Jentefotballen i Kjelsås Fotball der alt er blitt lagt i grus. Det er vel ikkje den vegen det går med Jentefotballen i Sogndal? 
Saka frå Kjelsås kan de lesa her:
https://www.nrk.no/sport/landslagsprofil-kritisk-etter-at-lag-smuldra-opp_-_-eg-blir-sjokkert-og-trist-1.15260716?fbclid=IwAR1XV5HnZ32zObmc5Xpmgnj8N-zhJ4QijxZTA_iH8wkdNSTZYJ4cVyEhljs

I og med at Sogndal Fotball skal bli ein sertifisert kvalitetsklubb i breiddefotballen innan sesongen 2021, so reknar eg med at alt er på stell. De kan lesa meir om ønskja og visjonane til Sogndal Fotball her: https://www.sogndalfotball.no/nyheiter/no-vil-dei-gjera-klubben-til-sjefen-i-heile-sogndal-fotballen

Eg har veldig sans for dei mange toppklubbane i Noreg so har satsa på eigne damelag. Eg nemner Rosenborg, Lillestrøm, Vålerenga, Lyn, Stabæk. Mange av desse klubbane har teke over damelag so sleit økonomisk bl.a. Strømmen – Lillestrøm og Trondheims/Ørn – Rosenborg. At Sogndal med den 10.-12. største økonomien i norsk fotball i dag skulle kunne gjere det same i samarbeid med Kaupanger, ser eg på so absolutt ikkje nokon umoglegheit. Same klubb, like moglegheiter. Er me ikkje der i 2021? Kva tenkjer de?

Snakkast.