Difor må Sogndal Fotball stemma for boikott av fotball-VM i Qatar.

20.juni 2021 er det ekstraordinært forbundsting so blant anna skal behandla spørsmålet om ein norsk boikott av VM i Qatar. Alle fotballklubbar i Noreg kan delta på det digitale tinget ved å melda seg på innan 11.juni på https://fotball.formstack.com/forms/delegat_forbundstinget_i_2021_ekstraordinart.

Eit samla supportar-Noreg stiller seg bak mindretalsinnstillinga frå Qatar-utvalet til NFF. Me meinar klubbane på Fotballtinget 20.juni bør vedta ein boikott av verdsmeistarskapen 2022 om det føregår i Qatar. Viss meistarskapen blir flytta til eit anna arrangørland der det ikkje er dokumentert systematiske og grove menneskerettigheitsbrot vil Noreg delta om me kvalifiserar oss. 

Me mener dette fordi: Fotball-VM i Qatar er so langt det verste eksempelet på kor langt fotballen har bevega seg frå sin opprinnelege idé og dei verdiane fotballen skal kjenneteiknast av. Qatar-VM er ikkje berre eit virkemiddel i propagandaapparatet til eit diktatur so systematisk bryt menneskerettigheitane, men har òg i seg sjølv skapt mykje menneskeleg liding og mange dødsfall. Dette er eit problem fotballen sjølv har skapt, og det er fotballen – både NFF og FIFAs – ansvar å rydda opp. 
Qatar-utvalets rapport er ein knusande dom over både det norske og det internasjonale fotballforbundet for nærast fråverande press for å forbetra menneskerettigheitane i Qatar. Me er einig med utvalet i at det no er tid for handling, men me er uenig i at me skal bruka endå meir av dei virkemidla so me so langt har sett ikkje har gitt nokon teljande resultat. 
Qatar-rapporten viser det me allereie visste: Arbeidsforholda i Qatar er ekstremt dårlege, og mennesker blir utnytta og misbrukt. Landet har innført visse lovendringar, men har skapt minimalt med konkrete forbetringar for vanlege mennesker og gjestearbeidarar, sjølv ti år etter tildelinga. Det er for seint å skapa forandringar no, og me har ingen tru på at tiden fram mot meistarskapen vil gi forandringar so gjer det moralsk akseptabelt at me spelar fotballkampar so har kravd mange, mange liv for at me skal få spela. 

Me aksepterar heller ikkje at det norske landslaget bidreg til å spreia glans over det qatarske regimet og FIFA når me veit kva forhold meistarskapen er bygd under. Me må setta ei grensa for kor mykje menneskeleg liding me kan akseptera for at me skal få spela og sjå på fotballkampar. Og når denne grensa blir trødd over, må me vera viljuge til å bruka det mest drastiske virkemiddelet me har, nemleg å ikkje spela desse fotballkampane. 
Sjølv om me støttar Qatar-utvalets 26 krav til fotballforbundet, har me ingen tru på at “dialog med krav” vil skapa nødvendige endringar. Dialog med krav krev at det òg føl med konsekvensar når krava ikkje blir innfridd. Det er vanskelag å sjå nokon tilfeller kor boikott vil kunne vera aktuelt om det ikkje er det i Qatar. Kva overgrep må til i framtida før me set foten ned og seier: “Dette vil me ikkje vera ein del av”? 
Fleirtalet i Qatar-utvalet greier ikkje å gi eit svar på kvar tolegrensa går for menneskerettigheitsbrot i vårt namn. Konsekvensane av at me ikkje er viljuge til å setta grenser kan bli enorme. Det er ingen grunn til å tru at det ikkje vil bli verre meistarskap i framtida når ingen er viljuge til å setta makt bak krava om ein meir human og rettferdig fotball. 

FIFA-presidenten pleiar for tiden særs gode relasjonar med Saudi-Arabia, ein annan autoritær stat som satsar mykje pengar på å forbetra sitt omdømme gjennom idretten. Utvalsfleirtalets ønskje om “dialog med krav” framstår utruleg naivt når me ser kva krefter so ser fotballen so ein gylden moglegheit til å reinvaska sitt renommé og dekka til grove menneskerettigheitsbrot. Hovudspørsmålet bør ikkje vera kva konsekvensar ein boikott vil ha, men kva konsekvensar da vil ha å delta. Deltek me på dette, legitimerar me regimet i Qatar og bidreg til å gjera staten stoverein til trass for sine openbare menneskerettigheitsbrot. Den internasjonale fotballen vil bli verre og føra til meir elende for fleire mennesker i åra framover. 

Det største problemet i fotballen er FIFA. Qatar-utvalets tidslinja over kva FIFA har gjort for å påverka menneskerettigheitssituasjonen i sitt eige meistarskap er sjokkerande blankt. Alle juridiske endringar so har skjedd i Qatar har kome etter press frå internasjonale organisasjonar, mens fotballen ikkje har gjort noko ting. FIFA er ein gjennomkorrupt og hensynslaus organisasjon so utelukkande bryr seg om pengar og goder til sine eigne leiarar. Megarike aktørar med tvilsom agenda er meir enn viljuge til å tilby dette i bytte mot å få bruka fotballen som propaganda. Utvalets tidslinja viser med all tydelegheit kor lite den øverste fotballeiinga bryr seg om dei so sørgjer for at meistarskapa kan gjennomførast. Samstundes viser fleirtalets anbefalingar ei naiv haldning til kva type organisasjon FIFA er. Me har ingen tru på at FIFA kjem til å forandra seg og faktisk jobba for ein absolutt nødvendig forbetring av fotballen utan at medlemslanda faktisk set klåre grenser for kva fotballen kan stå for. Forandringa må koma nedanfrå og opp, med klåre krav og ikkje minst konsekvensar når krava ikkje oppfyllast. Korkje dialog eller boikott vil diverre ha nokon effekt for dea arbeidarane so har lidd og døydd i Qatar. Men ein boikott vil skapa ein presedens for framtida og gi eit klart signal om kva grenser FIFA og arrangørlanda må manøvrera innanfor. 

Ein norsk boikott vil vera eit modig standpunkt som me trur vil skapa store ringverknadar i heile verda og skapa eit internasjonalt press for å flytta meistarskapen. Det er store fleirtal for boikott av Qatar-VM i land som Tyskland, USA, Nederland og Danmark. Stadig fleire på grasroti går i bresjen for gjennomgripande forandringar av fotballen, noko me for eksempel har sett i motstanden mot Superligaen. Den norske boikottdebatten og landslagets markeringar viser kor stor betydning våre handlingar kan ha. Me står ikkje åleine i verda om me vel å ikkje spela fotball i Qatar – me står saman med breie fleirtal av vanlege folk og fotballelskarar. Norsk fotball har no ein unik sjanse til å gå føre i kampen for ein annan og meir rettferdig fotball. Qatar-utvalets rapport viser tydeleg at det er absolutt naudsynt og på høg tid. Denna moglegheiten til å skapa endring har me fordi me har ein engasjert medlemsmasse og eit fotballdemokrati me kan vera stolte av. 
Denne saka er kanskje den viktigaste norsk fotball har blitt stilt ovanfor sidan krigen. NFF har brukt betydelege krefter på å spreie skremsel om kva negative økonomiske konsekvensar ein boikott vil ha for norsk fotball og klubbane. Me er difor glad for at Qatar-utvalet gir så tydeleg kritikk av det utroleg svake talgrunnlaget NFF har lagt fram. Og skal verdigrunnlaget vårt konekvensutgreiast? Uanlell må ikkje saka reduserast til noko mindre enn det den er: Dette handlar ikkje om kortsiktige konsekvensar for norsk fotball. Det handlar om korleis fotballen skal vera i framtida. Eit nei til VM i Qatar er eit nei til ein korrupt fotball so fører til liding og død. Det er samstundes eit ja til ein betre og meir rettferdig fotball. 

Difor må Sogndal Fotball sine medlemmar stemma for boikott av Qatar-VM på klubben sitt ekstraordinære årsmøte no i juni. SNP

Snakkast.

PS. Store delar av denne teksten er ikkje min, men av fotballsupportarar i Noreg.

Skuffande seriestart for Sogndal

Ja, endeleg rullar serien her heime att. Sogndal starta med 1-1 heime mot Ull/Kisa forrige laurdag etter å ha spelt i 70 minuttar med 10 mot 11 etter at Andreas Hoven vart korrekt utvist. Utlikninga fekk me nesten 5 minuttar på overtid ved Peter Godly Michael. 

På onsdag gjekk turen til Trøndelag og møte med Stjørdals-Blink. Trenar Bakke gjorde fleire utskiftingar på laget før denne kampen. Mange unge gutar fekk prøva seg. Kampane mot Blink i fjor viste at dette vart nokre skikkelege knokkeloppgjer. i bortekampen i fjor vart det 2-2 der Blink utlikna seint, mens i heimekampen kom me under 0-2 før me klarte å snu det med 3 kjappe scoringar i 2.omgang. Difor var det særs risikabelt å starta med heile 3 ungdomar med særs lite OBOS-liga erfaring frå start i tillegg til Peter Godly Michael på topp so er veldig stasjonær so første pressledd. Og Sogndal hamna under 1-0 ganske tidleg. Då kviler det stort ansvar på unge skuldrar. Ein kunne kanskje forsvart laguttaket på heimabana i ein mindre teljande kamp på slutten av sesongen i trygge omgjevnadar på Fosshaugane med slekt og vener og eigne supportarar i ryggen, men ikkje i ein bortekamp på ein heilt ukjend arena for mange av dei i Trøndelag i byrjinga av sesongen. Det blir krig der oppe, og det veit me.
Når alle desse 3 ungdomane då blir bytta ut i pausen, so blir dei gjort til syndebukkar for ein dårleg 1.omgang av Sogndal. Den so i allefall skulle ha vore att i garderoben i pausen var målscoraren frå første kampen. DaMaFa kunne berre ha bretta saman drakti hans og lagt den fint i Zarges-kassen då den framleis lukta friskt av tøymjuknar. Kan ikkje ha vore mykje sveittelukt å spora der.
Uanlell so kom Kupen, Lereng og Valsvik inn og sette fart på Sogndal. Me køyrde kampen og fekk utlikninga, men so gjekk likso lufta ut av oss. Når Blink i tillegg vart redusert til 10 mann med 20 minuttar att på kampuret, so forventa eg at dette skulle me ta. Istadenfor er det dei so scorar 2-1 på eit flott frispark og me klarar ikkje å koma attende. Det positive i 2.omgang er at Valsvik ser ut til å vera ei klassesignering for oss. Skikkeleg ballspelar. Heia Vik.
Trenar Bakke var ikkje ein nøgd mann etter kampen ifølgje Sogn Avis. Han skuldar på mykje og mangt les eg i bladet. 
Men eg kan godt konkludera eg. Det var mykje so skar seg her samstundes. Laguttak, val undervegs, referansespelarar svikta osv. Men til sjuande og sist so klarte ikkje trenarteamet og preppa spelarane klare til kamp. Det manglar ikkje på evner i dette laget, det veit me alle. No vart det garantert forandring i planane undervegs her då kampbilete fortona seg annleis enn kva ein hadde tenkt i utgangspunktet, og dei 3 so kom inn hadde garantert ikkje sett føre seg at dei skulle få 45 minuttar kvar. Men når ein ser so slitne ut i sluttfasen so er det grunn til bekymring. Og ingenting er betre enn at neste kamp kjem tett og allereie på onsdag, so då er det nye moglegheiter for 3 poeng når Fredrikstad kjem på besøk. 

Det blir ein vanskeleg kamp det óg då FFK har vunne begge sine kampar til no. Det so er gledeleg for vår del er at Per Egil Flo er speleklar til denne, so gjenstår det å sjå om han startar, men me treng ein mann so set standaren i dette laget no. Og Per Egil kan vere rett mann til akkurat da. SNP

Snakkast.