Endeleg i mål…..

I går fekk eg endeleg beviset på eit meistarbrevet er i boks. Godt å koma i mål med det. So då kan ein endeleg kalla seg for Blikkenslagarmeistar. Kanskje det skal stå på gravsteinen min den dagen eg reiser herifrå?  Det blir enten Blikkenslagarmeistar eller Fotballsupportar. 🙂

Ønskjer alle ei god påske.

Snakkast.

 

Lenge sidan…..

Ja, no er det lenge sidan eg har gitt lyd i frå meg om korleis det går med prosjektet mitt. Eg fekk ein telefon frå ein bekymra kamerat i dag, so difor tenkte eg at det var på tide med ei oppdatering. 

Eg køyrer på so vanleg med 2 – 3 gode kondisjonsøkter i veka. Køyrer litt enkel styrke i etterkant av desse med kroppen so belastning. Etter at eg slutta å røyka 18/11 i fjor so fekk eg att nokre kilogram på kroppen, men har lagt jamnt på 98 kg no dei siste månadane. Formen er ok, men eg kjenner det noko jævlig i bringa i dei verste motbakkane når ein må jaga etter pusten og prøvar å bremsa litt då. Har jo teke ribbebein 2 gonger på det før. 

Elles gledar eg meg stort over at det går mot vår og det blir endå lettare å koma seg ut. Eg har sikta meg ut 4 turar so skal gjennomførast i år. Det er Bleia, Eggenipa, Vetanosi og Dalaker-Vardahei-Store Haugmelen-Vetle Haugmelen-Solvornnipa-Solvorn. Det blir flotte turar.

I dag hadde eg ein særs aktiv søndag. Først familietur på sykkel til Vikane/Kjørnes med bålkos og so ein god trimtur på føtene etterpå. Ruta vart Stedjeåsen 26-Flatane-Skjeldestad-Kvåle-Åberge-Hølsete-Kambahytta/Imesdal og retur heimatt. Det er akkurat 10.000 meter frå meg og den ruta til Kambahytta. So eg var nær 30.000 steg i dag+pluss sykkelturen då. Aktiv søndag. 
Dette var 2.turen min på Hølsete heimafrå i år. Og første turen til Imesdalen på nesten 25 år. Utruleg flott turvèr og møtte mykje folk etter vegen. Det er mange so går til Hølsete, men det var berre 1 so hadde vore på Kambahytta før meg i dag. Og han er i tillegg ein veldig god kollega av meg. Artig.

No byrjar påska neste helg og då opnar det seg nye turmoglegheiter. Satsar på plussgrader og opphald.

Litt bileter frå dagens tur under.

Barsnes

 

4 forslag til årsmøtet i Sogndal Fotball.

Her er dei 4 forslaga eg har sendt inn innan fristen til Sogndal Fotball sitt årsmøte 10.mars.

1: Forslag om treningsleirar og treningskampar i autoritære regimar:

Sogndal Fotball skal ikkje leggja treningsleirar eller spela treningskampar i land der det er dokumentert at det blir utført systematiske og grove brot på menneskerettigheitane eller krigens folkerett.

Begrunning:

Autoritære regimar ønskjer å skapa positiv merksemd rundt seg sjølv ved å lokka fotballklubbar – også norske – til å legga treningsleirar og treningskampar til sitt land. Me so klubb skal ikkje lata oss bruka so virkemiddel i PR-kampanjar frå slike regimer, verken i dag eller i framtida.

Forslaget vil sjølvsagt ikkje gjelda obligatoriske kampar, for eks Europacup-spill i Russland eller Hviterussland.

2: Forslag om sponsoravtalar so fremjar autoritære regimer:

Sogndal Fotball skal ikkje inngå sponsor- eller samarbeidsavtalar med statar eller selskap med same namn so statar der det er dokumentert at det blir utført systematiske og grove brot på menneskerettigheitane eller krigens folkerett. Det same gjeld selskap so er heleigd av slike statar.

Begrunning:

I den internasjonale fotballen blir stadig fleire klubbar sponsa av selskap som fremjar og reinvaskar autoritære regimer. Det er naivt å tru at slike selskap ikkje vil prøva å komma seg inn også på den norske sponsormarknaden. Det er viktig at me so klubb følgjer med i utviklinga og seier nei til å legitimera diktatur og autoritære krefter. Eg meinar slike avtalar kan gi langvarig skade på klubbens omdøme.

3. Forslag om bruk av logo i jubileumssesongen 2026:

Sogndal Fotball A skal i sesongen 2026 spela i “gamlelogoen” so ein hyllest i høve Sogndal Idrettslag og Sogndal Idrettslag Fotball sitt 100-års jubileum.

Begrunning:

Treng inga begrunning

4. Forslag:

Sogndal Fotball skal ta eit klårt standpunkt ovanfor NFF mot verdsmeistarskapen i Qatar. Sogndal Fotball skal enten sjølv fremja forslag på Fotballtinget om at Norge skal avstå frå å delta i meistarskapen, eller støtta tilsvarande forslag frå andre klubbar.

Begrunning:

Det er no fleire omkomne arbeidarar i Qatar enn da me har plass til på Fosshaugane og meir enn det bur folk i Sogndalsfjøra. Fotballforbundet har til no gjort lite eller ingenting sidan meistarskapet blei kjøpt med korrupsjon for mange år sidan, og det er lite so tyder på at dei kjem til å føreta seg noko anna enn å la Qatar halda på med sportsvasking på bekostning av idretten vår. Me kan ikkje akseptera at fotballen brukast til å legitimera omfattande brot på menneskerettigheitane og tap av mange tusen menneskeliv. Fotballforbundet må difor instruerast av sin øverste myndigheit, Fotballtinget, for å handle rett i denne saka. Og da einaste rette her er å avstå fra deltaking i Qatar-VM.

Snakkast.