Andrelagsdebatten

Nok ein gong blir problemstillinga rundt dei profesjonelle klubbane sitt andrelag diskutert i fotballfylket. Etter eit lesarinnlegg hjå firda.no https://www.firda.no/fotballen-pa-ville-vegar/o/5-15-1468909?fbclid=IwAR26TGg6r-lNprAUJphZsGXlru8apAmZ7nXHMyn_M1KWE2xQb1JNhWl5qAM
so løftar Nils Jordanger frå Breim denne fram att. Dette har vore ein debatt so har vore litt av og på dei siste 15-20 åra.
Kampen so drog dette i gong att, var Jølster – Sogndal i 3.siste serierunde der Sogndal vann 15-1 på Skei.
Til Sogndal sitt forsvar so var det mange spelarar so var attende frå skade og trengte kamptrening, men 15-1 er i meste laget, og ein kunne heilt sikkert ha trekt litt i bremsen. Trist for Jølster sjølvsagt. Og eg reknar heller ikkje med at mange jølstringar blir å sjå på A-laget sine kampar på Fosshaugane på ei stund. So ein kan trygt sei at det skadar omdømet til Sogndal Fotball.
Men på den andre sida so trekker artikkelforfattaren inn Årdal so ein av taparane her. Eg vil minna han på at Årdal spelte heime mot Studentspretten den 23.juni. Då var allereie veldig mange studentar reiste frå fruktbygdi for sommaren. Dei hadde knapt spelarar, og stilte med 2 på benken. Årdal pøste på og vann 13-0.
So er det diskusjonen angåande 2.lag/reservelag i det ordinære seriespelet. Her er eg meir på linja med Jordanger. Det er på høg tid at laga tilknytt Norsk Toppfotball(NTF), Eliteserien og OBOS-ligaen, spelar i ein eigen reservelagsserie. Med den nye mediavtalen so går no frå 2023 og ut 2028 so blir det spytta inn 4,5 milliardar kroner, altso 750 millionar kroner i året i norsk fotball. Eg tenkjer at økonomien er der, men er det vilje til å gjennomføra dette? Kva tenkjer klubbane? Og er f.eks. Molde 2 og RBK 2 aktuelt for eit større publikum? Dei rette her er å spørja President Lise Klaveness, Kretsleiar Robert Endestad og Dagleg Leiar NTF, Leif Øverland.
Eg meinar iallefall det er på høg tid å ta debatten fram att.
Snakkast.
0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg