Allsidig trening, og nytteverdien av dette…..

Det er ein ting eg har tenkt på ei stund og so eg gjerne har lyst å lufta med omverda.

Eg har ein tanke om at ein kan bli ein betre fotballspelar viss ein driv med forskjellige aktivitetar og allsidigheit. Noko av det er sjølvopplevd og noko har eg betrakta frå utsida. Dette er kun mine eigne betraktingar og eg har heller ikkje funne noko godt forskingsarbeid rundt dette temaet.

Dei 2 beste spelarane, i mine auger, so Sogndal har fostra opp, er Eirik Bakke og Sivert Mannsverk. Eirik dreiv med både langrenn og handball ved sida av fotballen. Handball spelte han heilt opp på seniornivå, og langrenn gjekk han til 14-15-års alderen. Sivert har etter det eg har høyrt drive med både langrenn og friidrett fram til han var 14 år. I tillegg kan ein nemna Terje Skjeldestad og Tommy Øren so 2 andre so også dreiv med fleire idrettar opp på seniornivå.

Det eg lurar på er om det fins rom for å driva med andre idrettar enn fotball, sjølv om det er pri 1,  i 2023? Og viss det er det, blir det lagt til rette for det av klubb? Eg tenkjer at å trena allsidig og innanfor fleire idrettar lengst mogleg er både skadeførebyggande og meir motorisk for kroppen, enn og kun trena fotball frå 10-års alderen, då dette kan bli noko “statisk” i lengda. Eg tenkjer også at det er bra for kroppen å trena på forskjellige underlag og med forskjellig skotøy. Samstundes ser eg ungar so er skada i 12-13-års alderen med skadar eg knapt har høyrt om, og so difor er avhengige av fysioterapeut. Då me var ungar og ungdom so var det vel knapt nokon so var skada før me vart 16 år, men då var det so regel overtråkk eller ei saftige lårhøna. No er det mykje belastningsskadar og slitasjeskadar det går i. Eg er litt redd at det blir veldig mykje kunstgras på dagens unge fotballspelarar i Sogndal, og store mengder med trening på dette underlaget vil i lengda gi fleire unge problem med eigen kropp. Dette er mine tankar om temaet.

Eg lurar difor på om fotballen snakkar med andre idrettar i SIL der ungane er aktive om å legga til rette for eit fleiridrettsløp for desse. Det er veldig mange flotte idrettar i bygdi, og det hadde vore kjekt om ein kunne vore med til ein var 16 i ein annan idrett utan at det skal gå ut over både fotballen og utøvaren.

Kva tenkjer de om temaet?

 

Snakkast.

 

PS. Eg er sjølv trenar for Sogndal Handball G8.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg