Akademiklassifiseringa

Den nye akademiklassifiseringsrapporten frå Norsk Toppfotball kom denne veka, og det vart særs hyggeleg lesnad for Sogndal Fotball. Forrige rapport frå 2019 ga oss berre 2 stjerner av 5 moglege, og då vart overføringane frå NTF heller av det magre slaget. Og sidan me har vore gjennom over 2 år med pandemi so kjem no den neste akademiklassifiseringsrapporten. Sogndal har dei siste åra lagt ned betydelege ressursar og økonomi i utviklingsavdelinga, og hadde ein no endt opp med å hamna på 2 stjerner so hadde det mest truleg ført til ei slanking av den nemnde avdleinga.

I 2019 oppnådde SF 87,2 poeng noko so den gongen kvalifiserte til 2 stjerner. Terskelkravet den gongen for å få 3 stjerner var 108 poeng. Me låg altso eit stykke bak den gongen. I 2019 vart ein rangert i følgjande kategoriar(poeng av antal oppnåelege poeng):

  1. Forankring. Styret, Leiing og ansatte.
    3 stjerner av 5 moglege.
  2. Spelarlogistikk.
    14,5 poeng av 20 moglege.
  3. Planverk.
    16,5 poeng av 20 moglege.
  4. Kompetanse.
    3 stjerner av 5 moglege
  5. Treningsprosessen.
    19 poeng av 35 moglege.
  6. Kampplattform.
    5,5 poeng av 20 moglege.
  7. Skule/fotball.
    9 poeng av 20 moglege
  8. Samarbeidsmodellar.
    12,7 poeng av 20 moglege.
  9. Produktivitet.
    10 poeng av 30 moglege.
  10. Økonomi og fasilitetar.
    4 stjerner av 5 moglege.

Dette ga oss ein total på 87,2 poeng av totalt 165 oppnåelege poeng og plasserte oss difor med 2 stjerner i 2019.

 

I år so kom me oss endeleg opp på 3 stjerner og det kom i tillegg til ein ny kategori so kallast “Spillerens utviklingsår”. Her er kategoriane med poengsummar:

  1. Forankring. Styret, Leiing og ansatte.
    4 stjerner av 5 moglege.
  2. Spelarlogistikk.
    14,5 poeng av 20 moglege.
  3. Planverk.
    20 poeng av 20 moglege.
  4. Kompetanse.
    3 stjerner av 5 moglege
  5. Treningsprosessen.
    26,4 poeng av 35 moglege
  6. Spillerens utviklingsår.
    4 poeng av 10 moglege
  7. Kampplattform.
    11 poeng av 20 moglege.
  8. Skule/fotball.
    16,5 poeng av 20 moglege.
  9. Samarbeidsmodellar.
    14,5 poeng av 20 moglege.
  10. Produktivitet.
    11 poeng av 40 moglege.
  11. Økonomi og fasilitetar.
    4 stjerner av 5 moglege.

Dette gir oss ein total poengscore på 118 poeng av 185 moglege. Terskelkravet for å få 3 stjerner er 110 og for å få 4 stjerner er den 125 poeng. Det betyr at ein i skrivande stund er nærare 4 stjerner enn 2 stjerner. So kan ein sjå på oversikta at det ligg eit stort forbetringspotensial på kampplattform og spesielt produktivitet.

Om kategorien “Produktivitet” står følgjande:

Kriterier for måling:
• En klubbutviklet spiller (KUS) er en spiller som har vært i klubben i 3 fulle år
i perioden fra det året spilleren fyller 12 år til og med det året han fyller 21
(UEFA standard).
• Det som gir poeng er 1) Spilletid for alle landslag fra G15 til A-landslaget.
2) Spilletid i egen klubb, og
3) Spilletid etter overgang til liganivå 1 til og med liganivå 5.
• Spilleren får høyere KUS-status for hvert år i klubb, avgrenset ned til 12 år.
Ankommer du toppklubb som 12 åring vil du få en maksimal KUS-status på 1,0
(10 år i klubb) når du fyller 21 år. Ankommer du toppklubb som 16-åring, vil du
få en maksimal KUS-status på 0,6 (6 år i klubb) etter året du fyller 21.
• Kamper multipliseres med nivå på kampplattform og KUS-status.
For eks. 1800 minutter (= 20 kamper) i Eliteserien for egen klubb:
Spiller A: med 10 år i klubb vil gi 20 x 14 x 1 =280 spilletidspoeng.
Spiller B: med 6 år i klubb vil gi: 20 x 14 x 0,6 = 168 spilletidspoeng.

So kva eg klarar å lesa utifrå dette vil det vere ekstremt fordelaktig å ha flest mogleg spelarar tilknytta klubben i frå dei er 12 år. Vålerenga er den klubben so scorar best på dette, naturleg nok. For oss so bur her me bur, so vil dei fleste spelarane våre hamna på 0,6 viss du kjem so 16-åring eller 0,7 viss du kjem so 15-åring, med mindre det kjem ein sogndøl gjennom rekkene. Skal me ha eit snev av sjans til å samarbeida med klubbane i vårt nærområde, so lyt det bli slik.

Ein hadde også scora høgare med mindre gjennomtrekk av spelarar i klubben. No er det berre att Anders Nord frå juniorlaget so tok Noreg med storm i 2018 og Europa i 2019.

Men ein får gleda seg over 3 stjerner og ekstra overførte midlar til vidare talentutvikling. So får ein håpa at me ikkje hamnar på 2 stjerner att og må til å skjera ned satsinga. For me har hatt 3 stjerner før også.

 

Klubben først.

 

Snakkast.

 

Lenkje til rapporten: https://toppfotball.no/nyheter/akademiklassifiserings-rapporten-2022

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg