Tek Norsk Toppfotball fokuset vekk frå A-laget?

No er det lenge sidan eg har skrive noko, so då er det på tide å lufta seg litt att.

Då Sogndal Fotball hadde allmøtet sitt tidlegare denne hausten so hadde eg eit spørsmål so høyrdes sånn ut:

“Sogndal er der dei er i dag med over 40 år på rad på 1. og 2.nivå fordi ein våga og gå sine eigne vegar. De er ikkje redd for at alle klubbane blir veldig like på planar og rammeverk, slik at det blir vanskeleg og stikka seg ut i mengda slik at ein får lokka unge fotballspelarar til klubben? De seier jo sjølv at konkurransen er knallhard på spelarlogistikk og det er ikkje gitt lenger at spelarar frå gamle Sogn og Fjordane vél Sogndal so klubb når dei vil utvikla seg vidare. Er det ingen her på Fosshaugane so tenkjer utanfor boksen og har ein “masterplan” i høve dei andre klubbane? Slik so de er organisert i dag gjennom Norsk Toppfotball, trur eg det er noko Sogndal tapar på i lengda. Har de ein plan for korleis gjere Sogndal meir attraktive?”

Eg følte eg ikkje fekk noko fullgodt svar på dette av Sportssjefen, men dei ville sjå på det og kanskje knyta kontakt med spelarar i yngre alder enn det dei gjer no. At Julian Lægreid(Brann) frå Årdal og Ola Holmlund Ørjasæter(Aalesund) frå Stryn ikkje er knytt til Sogndal er for meg ikkje greitt. Me må då kunne ha eit opplegg so hadde passa desse 2?

På den andre sida so er eg redd at dette med akademiklassifiseringa er so ressurskrevande for mindre klubbar so Sogndal at me ikkje har sjans mot dei store byane. Det gir ikkje rom for å koma opp med eit eige “opplegg” fordi det er styrt slik og slik frå Norsk Toppfotball. Ein blir målt på ein haug av kriterium so dei har satt so er ufravikelege i høve pengepotten, og det gir ingen rom for sjølvtenking. Ein kan heller ikkje velgja å stå på utsida for då går ein glipp av pengeoverføringar og deltaking i dei nasjonale aldersfastlagde seriane. Dette er noko ein ikkje kan risikera. Med andre ord står me fastlåst i eit system so me ikkje kan vere forutan, men heller ikkje gir oss nokre fordelar kontra konkurrerande klubbar.
Eg er redd dette tek so mykje energi ut av klubben at det går utover satsinga til A-laget. Slik dette fungerar no so vil det i lengda ikkje vere berekraftig i det heile teke. Sogndal har hatt 2 store sal ut av klubben so har generert pengar. Eirik Bakke for ca 40 millionar kroner og Sivert Mannsverk for ca 25 millionar totalt. Det er 65 millionar kroner på 25 år. I tillegg har ein sjølvsagt mindre sal og overgangar so genererar pengar, men summasummarum er det ikkje nok, og eg trur ikkje at dette hjelp Sogndal høgare i ligasystemet.
Med auka rentenivå, mindre kjøpekraft og nesten null risikokapital i marknaden, so må Sogndal Fotball tena pengane sine sjølv. Skal dette vere berekraftig, so lyt ein selgja ein spelar for, fingeren opp, 10 millionar i året. Kvart år. Denne spelaren må mest truleg koma gjennom eigne rekker. Me har knapt ein spelar i året so kjem gjennom eigne rekker so er god nok for førsteellevaren. Korleis skal dette løysast i framtida?

Før i tida kom andre toppklubbar til Sogndal på klubbesøk for å sjå på korleis me gjorde våre ting. Korleis var det mogleg for Sogndal å hevda seg i toppen av norsk fotball med slike begrensa ressursar so me hadde? Jau, me hadde handlefridom og gjorde ting på vår måte. Me fekk fram mange unge og gode spelarar med eit eige opplegg. Det kan jo ha vore noko i vatnet óg, men eg lenar meg på at me gjorde veldig mykje rett. No skal alle klubbane gjere ting tilnærma likt, og då blir det vanskeleg å lokka unge fotballspelarar til Sogndal når me har Brann, Aalesund og Molde i det same matfatet.

Og med A-laget sine prestasjonar denne hausten so ser det ut so me går på vår 7.sesong på rad på 2.nivå i 2024, det lengste opphaldet me har hatt utanfor toppdivisjonen sidan det første opprykket i 1981, sidan nedrykket i 2017.

Og den første akademiklassifiseringsrapporten den kom i……, akkurat, nettopp. I 2017.

 

Klubben først.

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg