Dagens tur

Dagens tur gjekk kjempebra. Var litt spent på dei nye skoa so eg kjøpte hjå Åse på Intersport, men dei fungerte utmerka til mitt bruk. Det var litt uvant i byrjinga då dei er litt høge på ytterkant, men det gjekk seg til etter nokre kilometer. Skoa er av merket Mizuno. Veit de kva spelar i VM troppen til England frå 1990 so spelte i Mizuno?

Turen gjekk greit og prøvde meg på litt på lett jogg på strekka ved Lerheim. Godt og nett få litt variasjon i trykkbelastninga i føtene óg. Føtene virka spreke i dag i forhold til forrige tur, so det gjekk over all forventning. Og so var det godt at eg ikkje fekk nokon nye gnagsår. Nytta compeed på dei eg allereie hadde og det gjekk kjempebra.
Dagens positive overraskelse var at eg tok att ei dama på 70 år so var ute å lufta hunden. 
Legg ved eit bilete frå treningsappen.

 

Treningsplanen akkurat no.

Ein liten korreksjon frå i går. Det ser ut so eg er framstår noko bitter og sutrete. Det er eg absolutt ikkje. Eg ville berre fortelja litt av min historie. 

Her er eit bilete frå Samsungappen på telefonen min. 
So de ser so er dette ein god tur for meg. Tiden bryr eg meg ikkje om akkurat no, men det er akkurat der eg er no. Eg kjem til å legge ut fleire bileter frå same turen seinare, for å sjå utviklinga. Når tida er inne skal eg óg utvide horisonten og prøve nye traséar.

Eg går ikkje med pulsklokke, men lyttar fint til kroppen. Eg er jo berre ein glad mosjonist. Men litt vanskeleg å kjenna på pulsen med so jækla høg musikk på. Bruce Springsteen er ikkje inne på treningsspelelista mi. Bruce er kun til kos. Og det er ikkje dette. Endå. Men låtane blir vurdert fortløpande og det blir supplement til spelelista og eksklusjon før kvar tur. Må ha låtar me godt driv i.
Eg kjem mest truleg til å legge ut spelelista mi seinare.

Attende til løypa eg går. Eg går heimafrå, bort på Øvre Stedje, opp i gamle sandtaket, inn på vegen mellom Sandbakken og Flatane og opp på Skjeldestad. So føl eg berre vegen framover til eg kjem fram på Tylden. For dei so ikkje veit kvar dette er so er det der du kjem inn att på Fjærlandsvegen der den kryssar Dalaelvi. Og so tek eg same ruta attende.
Økta avsluttar eg med nokre engle styrkeøvelsar heime i boden. Foreløpig køyrer eg sit-ups 2 x 15 rep. Pushups 2 x 15 rep og rygghev 2 x 15. Men kjenner eg meg sjølv rett so blir det fort forandring i antal repetisjonar her ganske fort. Styrketrening har alltid lagt lett for meg. 

Eg må forøvrig inn på appen og korrigere kroppsvekta. Den viste 118 kg i dag tidleg. Eg trur eg skal vegast 1 gong i veka, og då kan laurdag vere ein fin dag.

Kom gjerne med attendemeldingar på opplegget mitt.

 

Ein kropp i totalt forfall.

Status 01.01.2020.
Høgde: 187 cm. Vekt: 128 kg. BMI: Rekna sjølv.

Livet so fotballsupportar i 25 år har satt sitt tydelege preg på denne skrotten her. Det er ikkje noko helsereise å vere ein del av dette miljøet her, men du verda so kjekt ein har det. Ein kan med handa på hjartet sei at det har vore moro. Og skal også vere moro i framtida.

Bakgrunn:
Då eg var ferdig på idrettslina ved Sogndal Vidaregåande Skule i 1998 var eg skikkeleg skulelei. Karaktersnittet mitt droppa frå 4,4 i 2.klasse til 3,3 når eg gjekk ut. Siste skuleåret var eg skikkeleg lei trening og skule. Alt gjekk i ball for meg. Sjølv om fotball på bana ikkje var det kjekkaste då, so hadde eg oppdaga fotball frå tribuna allereie hausten 1995. Det var so moro at det ville eg vere ein del av framover. Første bortekamp mot Godset i 1995 med Fleskaberge. Hugsar eg var i so manko på sømn mandagen på skulen. Me hadde orientering heile dagen ved Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen. Gjekk berre rett ut i skogen og la meg. Sov i 5 timar under ei furu. Trur det vart leita etter meg óg.

Hausten 1998 var eg innkalla til verneplikt i Forsvaret i Telemark Bataljon på Heistadmoen ved Kongsberg. Eg hadde so topptrent fotballspelar ei matchvekt på 86-87 kg, alt etter dagsform. På innrykk i militæret august 98 vog eg 104 kg. Hadde balt med ein rygg og beinhinnebetennelse heile 1998. Den botnfrosne grusbana på Fosshaugane må nok ta ein del av skulda her.
Tenesta var fysisk krevande og sjølv om eg åt so ein hest, so rann kiloane av. Det var ingen problem for meg å klara dei fysiske krava i TmBn, eg var ikkje heilt lasaron. Til påskepermen 99 var eg på badevekta heime. Den viste 86 kg. Ned 18 kg på 8 månadar. Og det utan og hatt eit bevisst forhold til kosthald i det heile.

Etter endt førstegongsteneste so gjekk turen til Kosovo og utanlandsteneste. Her vart det mindre fysisk, og når ein drakk minst eit kvart brett med cola om dagen, so kom kiloane på kroppen att. Då eg var ferdig der til sommaren 2000, so var eg “godt-i-stand” att. Byrja so nattevakt på Sogndal Hotell oktober 2000. Var der i 3 og eit halvt år. Det er ikkje lurt å ha tilgang til eit av dei største kjøkkena i Sogn og Fjordane. Ein artig historie frå den tida der. Eg var jo ikkje kjent for å vere ei sinka på bana. So eg var med på eit prosjekt med Idrett Mellomfag på høgskulen. Dei ville testa om styrketrening på vibrasjonsplattform hadde større effekt enn fast grunn. Då skulle det sjølvsagt testast. Eg vart innvegen på 112 kg og me skulle springa 60 meter på fotocellebana i Storhallen for å sjekka eksplosiviteten. Eg klokka inn på 7,56. Dei trudde det var feil med teknikken. Måtte springe opp att. 7,62. Dei var framleis usikre. Andre testdeltakarar måtte springe imellom mine testrundar. Alt OK med teknikken. Siste runde. 7,59. Det var folk til stades so meinte eg var den kjappaste personen i Sogn og Fjordane over 100 kg. Dei hadde iallefall ikkje testa nokon i den vektklassa so hadde sprunge kjappare. Stian Grimseth slo meg på dei 10 første meterane då.
Byrja våren 2004 so pubvert ved Lægreidspuben. No var eg blitt 115 kg. Det vart mange middagar på Lægreid. God mat. Etter ein tur til Bedriftshelsetensta fekk eg påvist høgt kolesterol. Litt mindre salt i maten og slutta med mauling av egg so ikkje vart oppete til frukost. Neste kontroll so var verdiane normale att. 
Mens eg jobba på Lægreid, må ha vore våren 2006. Vakna ein morgon av at det kjendes ut so nokon stod å slo meg i bakhovudet med ein hammar. Fruen fekk køyrt meg til legevakten. Ambulanse tilkalla. Fekk morfin. Først 5 ml, so 5 til. Var so ilt att eg grein. Har aldri før eller seinare kjent noko liknande. Luftambulanse vart tilkalla. Frykt for hjerneblødning, klakk Haukeland. 2 dagar med testing. Spinalprøve utan bedøving. Prøv det den so vil. 4 sjukepleiarar for å halde meg fast. Stakkars folk. 2 skvatt vegg-i-mellom. Dette beistet hadde mykje krefter. Fann ikkje noko på Haukeland. Overført til Førde. 2 dagar der med testing. Fann ikkje ut noko. Heim att. Frisk so ein fisk.

Vinteren 2007 byrja eg so blikkenslagar hjå Walther Sæthre på Kaupanger. Vekta hadde bikka 120 kg no. Tok grep vinteren 2009. Då viste vekta 125 kg. Tok ein lågkarbodiett. Raste ned i vekt på 4 månadar. Var jo heilt nazi på inntaket. Tok av 27 kg. Matchvekt 98 kg. 
Men kiloane kom fort att då aktiviteten var nesten fråverande. Etter mange år i eit fysisk yrke so har vekta lege på mellom 115-130 kg. Men eg byrja og verkeleg merka helseplager for 5 år sidan. Det var mykje verk, skuldrar, albogar, handledd, kne, anklar, mage, bryst og ikkje minst rygg, so eg eigentleg har balt med i over 20 år. 
Er operert 1 gong i venstre kne og operert for karpaltunellsyndrom i begge armane. Pluss på ein feiloperasjon i Førde i tillegg, og re-operasjon ved Rikshospitalet so har du det. 12% medisinsk invalid er eg visst óg. Det er faktisk den einaste diagnosen eg har. Og den var ikkje sjølvpåført eingong. Er sendt fleire gonger til sjukehus med ambulanse pga uforklarlige smerter i bryst, akilles, legg, mage. Hjarteinfarkt nei. Ikkje blodpropp i leggane heller. Ikkje har eg høgt blodtrykk og ikkje har eg diabetes. Frisk som ein fisk var gong. Er utreda for revmatisme. Nei, seier revmatologen i Førde. Eg veit ikkje. Eg har likso mista litt trui på Førde eg. Har teke MR av bekken og nedre del av rygg óg. Har 2 prolapsar so heilt sikkert har vore med meg i ganske mange år no.
Går fast på tablettane Vimovo. Betennelsesdrepande medisin. Dei har gjort livet mitt mykje betre. Og dei er til stor hjelp for å komma meg gjennom vinteren. Eg såg gjennom journalen min på helsenorge.no. Alle problema mine dukkar opp i vinterhalvåret. Merkelege greier. Eg er heilt i villrede. Største plaga derimot er fatigue. Har ikkje vore utkvilt på det eg kan hugsa. Søv enormt dårleg. Sikkert irriterande for dei eg bur med.

Plan og målsetnad:

Planen 1.januar 2020 var og eta seg ned til 120 kg. Då skal eg byrja å trena. Det har gått fint. Eg har ikkje noko tidsaspekt på dette, men eg ville ikkje byrja å trena med for mange kilo på kroppen. So no er planen å trena og fortsetta å eta sunt ned til 110 kg. Då skal eg byrja å jogga litt óg, men er redd for rygg, kne, anklar og beinhinne. Nye joggesko er kjøpt inn. Målet er å koma ned i tosifra. Og på vegen skal sigarettane vere vekke óg. Dei har vore ein dårleg kamerat i over 20 år no. 

So får me håpa at trening og livsstilsendring kan få bukt med dei kroppslege problema mine. Hovudet er diverre ikkje muleg å gjere noko med, so det lyt de holda ut med. 

Kjem attende seinare med kosthald og treningsopplegget mitt i litt meir detaljerte former seinare.

Og eg skal sjølvsagt fortsetja å vera fotballsupportar. SNP